spelemannsbladet 8-2008

Spelemannsbladet 2008/8

Portrettet: Henning Sommerro er ein av dei mest markante og allsidige musikarane i dette landet. I tillegg er han ein tenkar av rang. Det er lett å oppdaga for den som får seg ein frukostprat med han, skriv artikkelforfattaren Ove Røsbak. Meir om Sommerro og folkemusikken i siste nummeret av Spelemannsbladet.
spelemannsbladet 7-2008

Spelemannsbladet 2008/7

Etnisk musikk skapar debatt, skriv sosialantropolog Anne Ellingsen. I denne utgåva av Spelemannsbladet tek ho for seg Rikskonsertane sine satsingar på etniske musikkmøte. ”Samarbeidsprosjekter ser ut til å være mer populære blant organisatorer og produsenter enn blant musikerne,” skriv ho.

spelemannsbladet 6-2008

Spelemannsbladet 2008/6

Statsråd Trond Giske løyver meir pengar til norsk folkemusikk og folkedans. ”På mange måtar er dette budsjettet eit uttrykk for at det no er folkemusikkens tur,” seier han. Mellom anna får Riksscenen 4,5 millionar kr i budsjettet for 2009, ein auke på 2 millionar kr frå 2008. Rådet for folkemusikk og folkedans får 9,3 millionar kr, ein auke på 2,1 millionar kr frå 2008. Norsk Folkemusikk- og Danselag får 2,6 millionar kr, ein auke på 800 000 frå 2008. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival får 4 millionar kr i budsjettet for 2009, ein auke på 800 000 kr.

2008-5

Spelemannsbladet 2008/5

Musikk er ikkje butikk: Landskappleiken på Oppdal vart krona med mange blide fjes og god stemning. Det økonomiske resultatet ser heller skralt ut, skal vi tru leiar i pengenemnda, Einar Aarak. Førebelse tal syner eit overskot på snautt 50 000 kr. Meir om landskappleiken og svakt økonomisk resultat i siste nummeret av Spelemannsbladet.

Nytt folkemusikkarkiv: 31. august går startskotet for det fyrste folkemusikkarkivet i Østfold. – Vi har pengar til å arbeide skikkeleg med dette i eitt år. Musikkrådet skal gjere ein innsats for å få folkemusikkarkivet i gang, seier Ludvig Claeson i Østfold musikkråd.
spelemannsbladet 4-2008

Spelemannsbladet 2008/4

Tuva Livsdatter Syvertsen i Valkyrien Allstars: Som barn teikna ho kart over kjenslene sine. Dei mangla alltid ein gyllen middelveg. Meir om grenselause Tuva i siste nummeret av Spelemannsbladet.

Få kulturskular i Nord-Noreg med søkjelys på folkemusikk og folkedans: Ei rundspørjing til kulturskulane i dei tre nordlege fylka syner at berre 10 av nær 90 kulturskuler tilbyr folkemusikk, folkedans eller samisk musikk. "Er ikkje kulturskulen i pakt med det lokale musikklivet, må ein ta ein grundig diskusjon," seier seniorrådgjevar Harry Rishaug i Norsk kulturskuleråd.
spelemannsbladet 3-2008

Spelemannsbladet 2008/3

Den store folkemusikkgitaristen Tore Bruvoll fekk, ifylgje han sjølv,folkemusikken intravenøst gjennom auga. Sidan har han vore hekta. At folkemusikkmiljøet er lukka, har ikkje Bruvoll merka noko til.
- Det er plass til slike som meg der. Det seier jo sitt.

Halldis Folkedal og den norske folkedansen: - Kvar vert det av frigjeringa i folkedansen? spør ho. - Korleis ser folkedans ut liggjande på golvet, eller hengande oppe i lufta? Folkedans utan hender, eller på ein fot? Meir i Spelemannsbladet 3-08.
2008-2

Spelemannsbladet 2008/2

Sigrid Moldestad vann Spellemannprisen 2008 for plata om feledamene i Nordfjord. "Feministisk? Neeei. Eg er ikkje særleg oppteken av feminisme. Sant å seie meiner eg vi ikkje skal bruke kjønn som alibi. Det var iallfall ikkje agendaen min då eg byrja å arbeide med Taus."

Kronikk ved musikar og forelesar Steinar Ofsdal: Skeive, sure, blåe og reine tonar i folkemusikken.
2008-1

Spelemannsbladet 2008 / 1

Frå dei rykande ferske sidene i Spelemannsbladet 1/08 kan du mellom anna lesa om felemakarutdanninga, storspelemannen Sjur Helgeland, mangfaldsåret og intervju med Tone Jorunn Tveito.