framside_8-09_lite

I postkassene no

Spelemannsbladet 2009/8

Eit nytt nummer av Spelemannsbladet er no i ei postkasse nær deg. Les om folkemusikken og andre verdskrigen, intervju med Maria Høgetveit Berg og Siri Dyvik og mykje meir.
Eva Karlsson

Spelemannsbladet 2009/7

Frå dei rykande ferske sidene kan du mellom anna lesa dette:
På jakt etter Garlistuten – fela til Jørn Hilme: "Ei vidgjeten fele hadde levd eit hardt liv, rakla og segla og stuta og spelt i mange bygder og over fjell og fjord og hav, i velså 200 år, før ho brått tagna." Bli med i lydspora etter den berømte fela.
Eva Karlsson

Leiarartikkel om vokal folkemusikk:

Spelemannsbladet 2009/6

I det nyaste nummeret av Spelemannsbladet kan du i leiaren lesa kva redaktør Knut Aastad Bråten meiner om den siste tidas debatt om vokal folkemusikk.
untitled

Spelemannsbladet 2009/5

Les om Aasmund Nordstoga, NM, felesenteret i Bø, Stortingsvalet 2009 og mykje meir i Spelemannsbladet.
spelemannsbladet 4-2009

Spelemannsbladet 2009/4

Eit nytt nr av Spelemannsbladet ramlar snart ned i postkassa di. Finn du det ikkje kan du kontakte jorun@folkemusikk.no for å bestille bladet. I dei rykande ferske sidene kan du mellom anna lesa dette: Portrettet: – Eg byrja med eit orgel. Var borti trekkspelet òg. Men so small da te med felo, seier Ingeleiv Kjerland Kvammen (77), ei føregangskvinne innanfor folkemusikken. Som kvinne og spelemann var ho i særstilling på 50-talet. Meir om Ingeleiv i siste nummeret av Spelemannsbladet.
spelemannsbladet 3-2009

Spelemannsbladet 2009/3

Portrettet: Ove Røsbak i samtale med verdsmusikaren Tone Hulbækmo. ”Huldra symboliserer noe karer kan lengte etter, men ikke minst kvinnfolk. At vi jenter kan drømme om å oppføre oss mye mer på kanten, være i opposisjon.” Les meir om Hulbækmo, Østerdalen, harpa, huldra – og ei folkemusikkreise frå Tolga til Zambia.
spelemannsbladet 2-2009

Spelemannsbladet 2009/2

Portrettet: Nokre set på radioen når dei går i fjøset. For felespelaren Øystein Ovrum Rudi blir det for knuslete. Han hyrar inn Arve Tellefsen, Odd Nordstoga, Vamp eller Hellbillies, medan buskapen blir servert flytande kraftfôr. Velkomen til Rudi Gard. Meir om Rudi og folkemusikk i siste nummeret av Spelemannsbladet.
spelemannsbladet 1-2009

Spelemannsbladet 2009/1

Danseeksperten Egil Bakka: "- Den sosiale dimensjonen har alltid vore viktig. Eg har alltid dansa for gleda sin skuld, men sjølvsagt: Eg ser verda frå min ståstad. Det er alltid vanskeleg å frigjera seg frå eigne premissar. Spørsmåla, undringa og haldningane har eg alltid med meg. Ingen dansar utan bagasje." Meir i Spelemannsbladet.

Portrettet: - Eg somna jamt i felemusikk då eg var barn, seier felespelaren Knut Buen i ein nettprat med forfattar Ove Røsbak.