Hjem > FolkOrg > Siste nytt > Artikkel

Debattinnlegg

- Er FolkOrg bondefanga?

Frode Rolandsgard

Frode Rolandsgard i ta:lik reagerar på Samstemt-dokumentet "Prioriteringer for statsbudsjettet 2013", der sentrale organisasjoner i musikklivet går inn for såkalla "sjangernøytralitet". - Ein sit att med eit inntrykk av at Samstemt vil overføre tilskot frå svake sjangrar med behov for økonomisk stimuli til meir kommersielle sjangrar, skriv Rolandsgard i dette innlegget.

 Sjangernøytralitet 

 
Vårens nye moteord i musikklivet er sjangernøytralitet, no skal alle sjangrar ha like tilhøve. Det er vanskeleg å vera usamd i dette, for ordet er jo i slekt med crossover, tverrsjangersamarbeid og alle andre honnørord i musikklivet, men det er kanskje lurt å tenkje seg litt om. 
 
Viss det er eit premiss at alle sjangrar skal handsamast likt i alle ordningar, tek det bort moglegheitene ein har til å drive kulturpolitikk - og til å stimulere uttrykk og sjangrar som står svakare, t.d. grunna lågare inntektsmoglegheiter.
 
Samstemt, der FolkOrg er ein viktig aktør, går i dokumentet "Samstemt - prioriteringer for statsbudsjettet 2013" ut og seier at:

"Samstemt! mener at alle musikksjangre er like viktige og at dette derfor bør gjenspeiles i alle ordninger. Det må være sjangernøytralitet innenfor Norsk kulturråds tilskuddsordninger."
 
Meir spesifikt finn ein i dokumentet eit krav om at alle sjangrar skal handsamast likt i arrangør- og festivalsektoren, og at den nye publiseringsstøtta for fonogram også skal vera sjangernøytral.
 
Samstemt sitt dokument er ei samling av forhold ein ønskjer å endre eller forbetre. Når ein under punktet festival- og arrangørstøtta understrekar eit krav om sjangernøytralitet er vel dette å forstå som kritikk av dagens ordning. Som kjent får både jazz- og folkemusikksektoren relativt større tilskot til festivalane sine, enn dei meir kommersielt berekraftige rockefestivalane. 
 
Min påstand er at slik Samstemt brukar ordet sjangernøytralitet vil det føre til det motsette av det ein tenkjer på som likebehandling. Ved å pukke på sjangernøytralitet kan ein fjerne dagens praksis med å utjamne at nokre sjangrar har svakare inntektsmoglegheit enn andre. 
 
Ein sit dermed att med eit inntrykk av at Samstemt vil overføre tilskot frå svake sjangrar med behov for økonomisk stimuli til meir kommersielle sjangrar. 
 
No malar eg kanskje fanden på veggen, men i lesarinnlegg i Ballade 20.3.2012 stadfestar platebransjen og samstemt-medlemmet Fono forståinga mi av korleis Samstemt nyttar ordet sjangernøytralitet. 
 
Sitat: ”Den sjangertankegang som stadig gjør seg gjeldende (vi må først og fremst ta vare på de smalere sjangere”), er foreldet og bør ikke prege dette utvalget." 
 
Når det gjeld den tidlegare innkjøpsordninga for fonogram har eg alltid opplevd denne som sjangernøytral, men samtidig var ordninga meint å dokumentere breidda i utgjevingar, noko som kanskje hadde som konsekvens at nokre fleire smale utgjevingar vart kjøpt inn, enn dei relativt mange, kommersielle utgjevingane. No går altså bransjeorganisasjonane ut og seier at dette skal det bli slutt på.
 
Det kunne vera interessant å høyre meir om FolkOrg sine vurderingar rundt bruken av ordet sjangernøytralitet kontra behovet for utjamning av inntektsmoglegheiter. Er FolkOrg bondefanga?
 
 
Frode Rolandsgard
 
Om du vil delta i debatten, må du gjerne skrive ein kommentar i feltet nedanfor. Om du vil skrive eit større innlegg, kan dette sendast til info@folkemusikk.no.
 

 





  • Namnet skjemmer ingen, men er heller ikkje til hjelp for FolkOrg
    Den som skal drive med alt får ingenting gjort. Å fokusere aktiviteten til FolkOrg er nødvending overlevingsstrategi for organisasjonen. Forgjengaren vår Landslaget for Spelemenn (LfS), hadde eit namn som gav klare føringar om aktiviteten i laget. Norsk Folkemusikk- og danselag hadde eit namn som gav rom for ein vidare aktivitet, men kvart ord i namnet gir likevel rettesnorer. FolkOrg kan utifrå namnet likesågodt vera ein organsiasjon for menneskerettar eller ei folkeleg moro-organiasasjon. Namnet skjemmer ingen, men alt med måte. Norsk folkemusikklag eller Norsk Folkemusikk- og danselag seier meir enn FolkOrg. Dette bør sjåast i samanheng med at oppgåvene til laget ser ut til å bli vidare og vidare. Vid er bra, men ikkje forvidt.


  • Statleg stønad
    Stør Frode og Torgeir fullt ut. Vitsen med å drive kulturpolitikk er å forfordele. Vi nordmenn er nærast til å ta i vare norsk folkemusikk: dans/song/spel.


  • Nøytral eller likeglad?
    Frode Rolandsgard tek opp eit viktig tema: Bør vi som kjempar for folkemusikken arbeide for, eller godta, sjangernøytrale ordningar? Sidan føremålet med FolkOrg er å arbeide for folkemusikken, gir svaret seg sjølv: Nei, sjangernøytral er sjangerlikeglad, om aldri så samstemt. Eg gratulerer folkemusikken med vakne hovud som Frode Rolandsgard. Han ser at keisaren er utan klede i Samstemt-dokumentet "Prioriteringer for statsbudsjettet 2013". Vi må kalle ein spade for ein spade og arbeide aktivt for sjangeren folkemusikk.



(3) | Tips en venn | Skriv ut |