-
Snart klart for Folkemusikkveka i Ål
onsdag 16.05 - 12:03 -
Bjarne Øverbø er med
onsdag 16.05 - 10:20 -
Påmeldingsfristen til Landskappleiken er utsett til 20.mai!
mandag 14.05 - 15:08 -
Festkonsert for Sven Nyhus
torsdag 3.05 - 10:30 -
Pris til årets lokallag
mandag 14.05 - 09:54
Åse Teigland
Denne gongen er det dei ulike felestilla i slåttespelet som er hovudfokus. Dei har alltid fascinert Åse Teigland. Hardingfela endrar karakter når ein stemmer om, og med ulike stille finn dei einskilde spelekvinner og menn, slåttar med eigne fargar og klangar. Teigland framviser sterkt personleg og fargerikt hardingfelespel, og er blant dei fremste unge spelkvinnene i dag.
Åse Teigland er frå Utne i Hardanger og vart den første kvinnelege hardingfelespelar som vann førsteplassen i eliteklassa/hardingfele på Landskappleiken i 2005. Ho har turnert landet rundt, både som soloartist og i samspel med andre (Dei beste damene m. fl.). Ho har også delteke på ei rekke internasjonale konsert og turnéprosjekt, og har gjeve ut fleire kritikarroste CDar.










