Sist søndag gjekk Akersarv – Bygda Dansar Akershus vidare til fylkesmønstringa for UKM i Akershus.

August 2014 gjekk startskotet for Bygda Dansar Akershus, og 8. mai har dei premiere på midtførestillinga si på Kråkstad samfunnshus i Ski. Sist helg stilte dei til lokalmønstringa i UKM, Ungdommens Kulturmønstring i Enebakk. Som fire av 14 deltakarar gjekk dei vidare til fylkesmønstringa i april.

I Enebakk viste dei dansenummeret «Arven!» frå den komande midtførestillinga.

– Eg var utruleg stolt av ungdomane våre då eg sat blant publikum på søndag, seier prosjektleiar Mathilde Øverland. – Ungdomane viste ei danseglede som smittar over på alle i salen.

– På scena dansa vi seksmannsril, tango og halling med ein vri. Det var artig å delta fordi det var så mange forskjellige grupper, dansarar og songarar, og litt konkurranse er moro, fortel Ingeborg, ein av dei unge Akersarv-dansarane.

– Det var veldig gøy og hyggeleg å vere med, og opplegget rundt mønstringa i Enebakk var bra, seier Herborg, ein av dei andre dansarane. – Pappa har alt føreslått at vi stiller i open klasse på Landskappleiken til sommaren med denne førestillinga.

Trine Merete Sjølyst (t.h.) instruerer i tango før Akersarv-ungdomen skal på UKM-scena.
Regissør Marie Bergby Handeland (t.h.) førebur ungdomane til dans i Enebakk Kultursal før UKM søndag 14. februar.

Bygda Dansar-gjengen var det einaste folkedansinnslaget, og sjølv om det var innslaget med minst personleg tilknyting til Enebakk, var det ikkje noko å seie på applausen frå publikum.

Bygda Dansar har jobba med å lære seg og utforske tradisjonsdansar frå rundt om i Akershus. Det er dette publikum vil få sjå på midtførestillinga i mai, med koreografi av samtidsdansar Marie Bergby Handeland.

– Vi valde Marie på grunn av begeistringa ho har vist for prosjektet og for arkivopptaka frå Akershus som vi har jobba med. Marie er ei audmjuk og spontan dansar og koreograf, det var eit lett val, fortel prosjektmedarbeidar Trine Merete Sjølyst.

Per Olav «Skranglebein» Hoff Mydske (t.v.), Øyvind Sandum og dansarane i Akersarv på scena i nummeret «Arven!» på UKM Enebakk.

Musikar på Akersarv er Øyvind Sandum, og til UKM og midtførestillinga har han fått forsterking av Per Olav Hoff Mydske. Mydske er betre kjent som Skranglebein, ein rappar som har blitt eit kjent ansikt i folkemusikkmiljøet dei siste åra. I vinter gjorde han det skarpt og kom heilt til semifinalen i Norske Talenter på TV2, der han opptredde med den velkjende svensk-norske folkemusikkgruppa SVER.

– Samansetninga trekkspel, rap og dans gjer scenebiletet vårt ganske originalt, synest Sandum.

Fylkesmønstringa i UKM blir arrangert 8.–10. april på Lillestrøm.