-
Endringar i klasser under Landsfestivalen
fredag 3.02 - 13:44 -
FolkOrg søkjer Slottet om Kongepokal i Durspel Senior
fredag 3.02 - 13:56 -
Hvordan vil framtidas Folkelarm se ut?
mandag 30.01 - 10:20 -
Dommarkurs i vokal folkemusikk
tirsdag 31.01 - 10:38 -
Nye fagutvalg hos Kulturrådet
mandag 30.01 - 15:17
Alexander Aga Røynstrand mottok Øivind Berghs minnepris
Alexander Aga Røynstrand (20) frå Granvin i Hardanger mottok søndag Øivind Berghs minnepris. Prisen vart delt ut under den klassiske høgfjellskonserten "Ved Rondane" på Kvamsfjellet i Gudbrandsdalen.
I året vi feirar Sigbjørn Bernhoft Osa sitt 100-årsjubileum vart Øivind Bergh sin minnepris delt ut til Alexander Aga Røynstrand frå Granvin i Hardanger under høgfjellskonserten Ved Rondane under Peer Gynt stemnet på søndag
Alexander Aga Røynstrand er 20 år, og har spelt fele sidan han var 7 år. Han har delteke på ei rekke kappleikar sidan 2002, og har dei tre høgste plasseringane i juniorklassa på landskappleiken. Han har spelt på mange konsertar, saman med musikarar og songarar frå fleire kantar av landet. Han gjekk musikklina på Voss gymnas og har teke eit år med høgskoleutdanning i fokemusikk på Rauland. Til hausten startar han på Ole Bull akademiet på Voss. Læremeistrane hans har vore Åse Teigland, Steinar Rygg, Jan Beitohaugen Granli, Per Åsmund Omholt, Torgeir Straand, Frank Rolland, Herbjørn Liahagen, Hilde Kirkebøen, Annbjørg Lien, Susanne Lundeng, Øystein Velure - og sist men ikkje minst Knut Hamre. Alexander er ein miljøskapar og inspirator for andre. Han ser på dei tradisjonelle slåttane som noko han får lære - og får sette sitt preg på. Han komponerer også musikk sjølv, forankra i tradisjonen.
Øivind Berghs minnepris går til unge lovande fiolinistar, helst med bakgrunn i folkemusikken. Det er styret i FolkOrg, Peer Gynt as og etterkomarane etter Øivind Bergh som avgjer kven som får prisen på 25 000 kroner. Prisen blir delt ut i samarbeid med Per Gynt-stemnet på Vinstra.
På høgfjellskonserten søndag deltok fleire store stjerner. Terje Isungset, Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, Kvarts, Silvia Moi, og Hallgrim Hansegård var blant dei som deltok. Jazztalentet Magnus Bakken frå Lillehammer deltok også i samspel med Kvarts og Terje Isungset.
Mellom 1400 og 1500 personar trossa regnveret og møtte opp på utandørskonserten. Den klassiske høgfjellskonserten "Ved Rondane" blir arrangert kvart år under Peer Gynt stemnet. Stemnet varar fram til neste søndag.










