All musikken Torleiv H. Bjørgum etterlét seg, skal samlast i eit stort lyd-, film- og tekstverk. «Taddeivs minne 1» blei sleppt denne veka.

Torleiv Hallvardsson «Taddeiv» Bjørgum (1921—1990) blir ofte trekt fram som bindeleddet mellom dagens levande folkemusikkmiljø i Setesdal og dei eldre tradisjonsberarane. Taddeiv spelte ikkje berre hardingfele, han var òg ein framifrå flatfelespelar og kvedar. Og mange meiner det er Taddeivs forteneste at det igjen finst ein levande munnharpetradisjon i Setesdal, med eit vell av gode unge utøvarar og nokre av dei fremste harpesmedane i landet.

Etter å ha vore i arbeid i fem år kjem no endeleg Taddeivs minne ut – den mest omfattande dokumentasjonen av arven etter Torleiv Bjørgum nokosinne. Tre CD-ar med nyinnspelt musikk, tre DVD-ar med arkivopptak og nesten 200 sider med tekst skal ut i løpet av eit par år. Bak utgivinga står son til Taddeiv, Hallvard T. Bjørgum, og den grundig setesdalifiserte värmlendingen Daniel Sandén-Warg.

Hallvard T. Bjørgum (over) og Daniel Sandén-Warg sleppte «Taddeivs minne 1» heime hos Marianne Berg i Oslo onsdag 27. mai. Fredag same veke blir det sleppfest i soknehuset på Rysstad.

– Alle kunstformene Taddeiv heldt på med, er representerte – hardingfelespel, munnharpespel og kveding. Og mest alle slåttane og stevtonane i repertoaret hans Taddeiv er med på utgivinga, fortel Daniel.

Historia om Daniel Sandén-Warg er etter kvart godt kjend. Han var vedunderbarnet på elgitar som spelte Jimi Hendrix på den svenske TV-gullrekkja, men som saman med barndomskompisen Magnus Stinnerbom oppdaga folkemusikken. Ikkje overraskande var det nett Bjørgum-spelet som sette det heile i gang, med kassetten Klunkaren, fortel Daniel:

– Alle med litt interesse for norsk folkemusikk i Sverige hadde denne kassetten. Taddeiv var ei legende i folkemusikkmiljøa i Värmland og Dalarna. Ingen som nokosinne møtte Taddeiv, gløymde det møtet. Ein gong spelte han tilmed på Stravinsky, den hippaste jazzklubben i Stockholm. Etter det kalla Ellika Frisell han «Nordens hippaste spelman». Det gjorde inntrykk å sjå ein sekstifem år gammal mann spele så rått – det er reinaste rock’n’rollen!

 

Alt i 1996 gav Hallvard Daniel alle videoopptaka som fanst av Torleiv, slik at den unge svensken kunne studere meisteren. Hallvard er glad for at det manifesterte seg ein värmlending, av alle ting, som kan bringe vidare meisterarven. Det er ikkje ein snau attest son hans Taddeiv gir ungguten Daniel:

– Det er Daniel som i dag er den fremste beraren av spelestilen til Torleiv Bjørgum, stadfester Hallvard.

– Då eg gav ut Skjoldmøyslaget i 1990, med det siste papa og eg spelte inn saman, så sa eg på ein pressekonferanse at det godt kunne kome til å gå hundre år før det kom ein spelemann som kunne fylle skoa etter papa. Geniale sjeler dukkar opp med ujamne mellomrom, det kan ta si tid. Men så slapp vi å vente i hundre år.

Teksten er ein kortversjon av ein artikkel i Folkemusikk 2/2015. Bladet kjem til abonnentane i veke 22 og 23, og er til sals i utvalde Narvesen-kioskar.

«Det er Daniel som i dag er den fremste beraren av spelestilen til Torleiv Bjørgum.»

Hallvard T. Bjørgum