Erlend Viken Trio læt ikkje heilt som andre trioar.

I snart ti år har Erlend Viken spart på låtar til den rykande ferske plata si.

– Låtane på denne plata har eg skrive på i fleire år. Den eldste låten er vel frå 2005. Det er låtar eg bevisst har latt vera å bruke i andre samanhengar, seier Viken.

Så når vi bruker floskelen «rykande fersk», er det både sant og usant på same tid. Uansett: Erlend Viken Trio – beståande av Viken på fele og hardingfele, Juhani Silvola på gitar og Jonas Bleckman på cello – kjem med si fyrste plate i februar. Trioen har spelt saman i om lag eitt år – dei har mellom anna vore ute på turné med Rikskonsertane. Men nå er det altså tid for plate.

– Sjølv om låtane ikkje går inn i ein tradisjon, høyrer ein vel at musikken er laga av ein norsk folkemusikar, seier Viken.

– Ja, for det er ikkje akkurat noka tradisjonell besetning du har sett saman?

– Nei, eg hadde lyst til å gi ut ei plate med mine favorittar frå den tradisjonelle felemusikken eg er vaksen opp med, samtidig som eg ville ha ein kombinasjon med eigenkomponerte låtar. Juhani og eg har spelt saman i fleire år, så han var det naturleg å spørje, men vi ønskte også å ha med ein til, og så hadde det seg slik at vi båe kjende til cellisten Jonas Bleckman, og det føltest ganske rett å ta med han. Eg synest det har blitt ei ganske artig besetning, smiler Erlend Viken til sprakinga frå peisomnen i leilegheita på gateplan på Grønland. Men trass i utradisjonell samansetning: Viken vil nødig skryte av å ha funne opp krutet.

– Men hardingfele, el-gitar og cello skapar eit lydbilete eg ikkje har høyrt før i alle fall, seier han.

Dette er Erlend

  • Fødd i 1984, frå Oppdal.
  • Plateaktuell med Erlend Viken Trio i februar 2014.
  • Har tidlegare mellom anna gitt ut to plater med Aslak O. Brimi og tre plater med Earlybird Stringband.
  • Spelar fast med Frikar Dance Company og Erlend Ropstad.
  • Utdanna frå folkemusikklina på Vinstra vidaregåande skule og Noregs musikkhøgskole.
  • Vinnar av gruppespel fele på landskappleiken 2004, 2005 og 2006.
  • Vinnar av solo andre instrument senior på Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2006.
  • Folkelarmprisen i kategorien «Gamaldans/tradisjonalist» (2009)
  • Nominert til Spellemannspris med Earlybird Stringband i 2011 og 2012
  • Bidragsytar på plata W som fekk Folkelarmprisen i kategorien «Dokumentasjon» i 2013.

«Ikkje noko vondt om dei som held seg utelukkande til det tradisjonelle altså, men eg meiner det er ikkje noko minus om du er allsidig»

Og tilfeldig er det ikkje at Viken går nye vegar når det gjeld instrumentering og samansetning av musikarar. For sjølv om han kjem frå ein svært tradisjonell folkemusikkbakgrunn, vil han stadig vidare.

– Eg voks opp med ein far som spelte fele, og det var jo slåttemusikken frå Oppdal eg stort sett spelte fram til eg begynte på folkemusikkutdanninga mi, seier Viken.

Utdanning er ein ting – ei anna skilsetjande oppleving i Vikens musikalske danningsreise var møtet med den svenske supergruppa Väsen.

– Eg bruker å seie at det var ein augeopnar for meg da Väsen kom til Oppdal. Dei er kanskje den gruppa som har vore mest inspirerande for meg. Det at ein kunne spele saman, tre instrument, på den måten, var for meg heilt fantastisk. Og det har vore med på å forme meg – eg liker ikkje å køyre meg fast i eit spor. Eg har nok ein utferdstrong, seier Viken, og legg til: – Ikkje noko vondt om dei som held seg utelukkande til det tradisjonelle altså, men eg meiner det er ikkje noko minus om du er allsidig.

Foto: Stian Andersen

Allsidige er også historiene om dei ulike slåttane og låtane på Erlend Viken Trio si fyrste plate.

– Nesten alle låtane er inspirert av konkrete hendingar og ting. Den fyrste låten på plata heiter «Mino», og var skriven som bestillingsverk til litteraturfestivalen på Lillehammer. Dei gav meg frie tyglar til å skrive om ei valfri bok. Da fall valet på Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug, som eg hadde lese fleire år tidlegare, og eg begynte med ein gong å tenkje filmmusikk. Framføringa gjorde eg saman med Nygårdshaug, fortel Viken.

Dermed fekk øko-terroristen Mino – som startar si brokete livsreise djupt inne i regnskogen – tonefølgje frå oppdalsspelemannen Viken. På andre sida av Atlanteren fann Viken også felespelaren Bruce Molsky, som har vore ei viktig inspirasjonskjelde. Men han slapp å reise like langt for å finne inspirasjon til den eldste låten på plata: Blåbu.

– Det er ei hytte i Oppdalsfjellet der eg er kvar sommar, smiler felespelaren.

Likevel er det historia om kebab-fela som fengslar aller mest.

– Fortel nå om denne kebab-fela, Erlend!

– Ja, den låten vart til etter at eg gløymde att fela mi på ei kebabsjappe da eg var innom for å kjøpe nattmat … eg gjekk ned dit att det fyrste eg gjorde morgonen etter, men fela var borte, og eg fekk beskjed om at eg måtte vente til han som hadde hatt nattvakt, kom att på jobb. Det var ikkje før ved midnatt! Så eg gjekk heile dagen med angst. Da eg kom att på kvelden, var fela der, han hadde tatt vare på henne, men eg måtte spele ein slått for å få henne att. Det gjorde eg. Fela både lukta og lét annleis, men det vart ei god historie og ein springleik av det!

Og Erlend Viken Trio læt i alle fall litt annleis – nett som kebab-fela.

– Alle vi tre vekslar mellom komp, melodi og riff. Og somme gonger spelar vi alle melodien samtidig. Det blir ein slags bandsound ut av det fordi instrumenta kling så forskjellig. Og så prøver vi å gi plass åt kvarandre, og ikkje låse oss fast i at eg er solist, seier Viken, som så smått har begynt å merke nervane melde seg før platesleppet i februar.

– Når ein spelar tradisjonelt, er det berre måten ein spelar det på, som avgjer, for ein kan ikkje kritiserast for materialet. Det er kanskje litt ekstra spennande å gi ut ei plate som er såpass personleg, avsluttar Viken.

«Fela både lukta og lét annleis, men det vart ei god historie og ein springleik av det!»