
Dagleg leiar i FolkOrg, Asak Brimi, får lite gehør for at dei tradisjonelle slåttane og songane skal ha ein plass i TONO-systemet. Foto: Ole Johs. Brye.
I eit innlegg på Ballade skriv tidlegare leiar i NFD, Jan Lothe Eriksen, om eit Fond for tradisjonsutøvarar Lenke til et annet nettsted.. I FolkOrg, Riksscenen, NU og SFF sitt innspel til musikkutvalet er eit slikt fond ei av dei tiltaka vi meiner er mest prekære! For meg som dagleg leiar i FolkOrg er eit Fond for tradisjonsutøvarar noko av det viktigaste å arbeide for dei neste åra.
Tekst: Dagleg leiar i FolkOrg Aslak Brimi
I eit stort felles innspel frå FolkOrg, Riksscenen, NU og SFF til musikkutvalet har vi gjort vårt beste får å gjere greie for ståa på folkemusikkfeltet anno 2024. Vi skriv om grasrota, om arrangørfeltet, om folkedansen, om tilhøve for yrkesutøvarane, om arkiva, og mykje anna. Du kan lese heile innspelet her. Lenke til et annet nettsted.
Vi har brukt stor plass på å skrive om eit naudsynt Fond for tradisjonsutøvarar. Og når utvalsleiar Sigrid Røyseng under eit seminar på Folkelarm utfordra denne kvartetten om å kome med ei presisering av kva vi meiner er MEST viktig for folkemusikkfeltet, så var desse to med av fem punkt:
I mitt høyringsinnspel til kultur- og familiekomiteen etter statsbudsjettet, og i innlegg på seminar under Folkelarm så har eit naudsynt Fond for tradisjonsutøvarar vore av det viktigaste å trekke fram! Det er ei stor utfordring for den musikalske arven vår at det skal løne seg meir for artistar å spele sin eigen nykomponert musikk.
Les meir om den nyare Tono-debatten på Ballade.no:
Tono om folkemusikken: – Kanskje må det andre ordninger på plass Lenke til et annet nettsted.
– Kan ein ønske seg ein eigen modell for tradisjonsmusikken? Lenke til et annet nettsted.
Et pip fra hornet på veggen: Vi bør etablere Fond for tradisjonsbærere Lenke til et annet nettsted.
FolkOrg har hatt dialog med TONO over mange år, og underteikna har hatt mykje dialog med dei det siste året. Dette har vi gjort for å få dei til å finne ei ordning for at også dei som framfører tradisjonell musikk skal få vederlag gjennom TONO.
Vi opplever at det er vanskeleg å få gehør for at den type formgjeving og bearbeiding vi gjer med dei tradisjonelle slåttane og songane bør ha ein plass i TONO-systemet.
Vi skal fortsette å ha dialog med TONO, og t.d. arbeide for at ein artist kan få meir av avrekningsbeløpet ved framføring av tradisjonelt materiale. Dette er måten dei gjer det i Irland. Men vi ser også at vi må arbeide i fleire retningar på same tid. Difor følgjer vi opp saka som miljøet arbeidde med tidleg 2000-tal, der t.d. Mette Møller hadde ei grundig utgreiing, som Eriksen referer til. Forslaget den gongen var at ei avgift på bruk av tradisjonelt materiale skal finansiere eit fond. Etter dialog med KUD er attendemeldingane at dette ikkje er ein aktuell innfallsvinkel i dag for å finansiere fondet, noko som vil si at vi må få finansiert eit slikt fond på anna vis.
FolkOrg meiner at KUD gjennom spelemidlane, ilag med TONO gjennom kulturelle midlar, bør finansiere eit Fond for tradisjonsutøvarar.
Les TONO sitt tilsvar frå fjorårets TONO-debatt her. Lenke til et annet nettsted.
Slik systemet er idag så løner det seg for musikarar å spele sin eigen sjølvkomponerte musikk på konsertar – for da får ein TONO-vederlag. Og fyrst: Vi arbeider ikkje for eit slik fond fordi vi meiner at det er for mykje komponering. Det er veldig mange fantastiske komponistar i folkemusikkmiljøet i dag, sjå berre på den åtgaumen t.d. Anne Hytta, Gjermund Larsen, Vegar Vårdal, Olav Mjelva, m.fl. får. Dette er fantastisk.
Men det er slik at vi har eit ansvar for å legge til rette for at den tradisjonelle musikkarven blir presentert for folk. Denne musikken fortener OGSÅ å bli brukt! Da må vi innsjå at det også må leggast til rette for dette ved økonomiske insentiv. Det meiner vi at eit Fond for tradisjonsutøvarar kan kunne tilfredsstille.
Kva skal så eit slik fond gå til? Vi meiner at eit slik fond bør vere todelt. Det skal vere mogleg å søke om vederlag for bruk av tradisjonell musikk på konsertar. Og så skal det vere mogleg å søke om prosjektstøtte for ulike prosjekt der tradisjonsmusikken har ein sentral plass.
Dette vil gjere fondet til eit økonomiske insentiv både for å ha fokus på tradisjonelt materiale i det generelle repertoaret for dei som turnerer og konserterer mykje. Samt at det vil vere eit insentiv for å bruke tradisjonelt materiale i større oppsettingar, førestillingar og særskilte prosjekt. Altså at det kan vere eit godt supplement til Norsk kulturfond si ordning «Komposisjon og produksjon av musikk».
Tono-debatten er årelang, og blussa også opp på folkemusikk.no i fjor haust, og denne kan ein oppdatere seg på her:
TONOs fordeling av musikkrettigheter truer kulturarven
Er tradisjonsmusikken Tono sitt problem?
Absurd og historielaus Tono-ordning
Må tradisjonsmusikarar vere meir kyniske i innmeldinga av verk for å få meir attende frå TONO?
Fleire har i sosiale medium lagt ut innspel om at FolkOrg må gjere som Norsk Jazzforum og få til ei Ad hoc-ordning for folkemusikkutøvarar. Ei slik Ad hoc-ordning, som både kan gå til stipend, reisestøtte, turnetilskot eller musikartilskot, hadde vore veldig bra. Dette har vi også hatt dialog med KUD om. Dette har vi sjølvsagt også med i vårt innspel til musikkutvalet, der vi skriv at det er eit sterkt ynskje
«både frå arrangørane og utøvarane [om] ei ad hoc-ordning slik jazz-miljøet har. Dette er tilskotsordningar som går direkte til prosjekt og arrangørar knytt til utøvande formidlarar (…) Det er jo slik i dag at mange musikarar arbeider på tvers av sjangrar. Det kan da opplevast rart for heiltids utøvande tradisjonsmusikarar å sjå at kollegaer har sjangerspesifikke stønadsordningar å søke på gjennom Norsk Jazzforum som ein ikkje har innan folkemusikken.»
Vi ynskjer oss veldig ein tilsvarande pott over statsbudsjettet slik som norsk jazz får til sitt felt. Vi meiner at folkemusikarar burde ha dei same tilhøva og moglegheitene.
I tillegg har vi i lag med heile Arrangørforum og mange andre musikkorganisasjonar kome med sterke ynskjer om at Kulturdirektoratet (Norsk kulturfond) må få innvilga sin budsjettsøknad om å få auka potten til Arrangørtilskotsordninga og Produksjon- og komposisjonstilskotsordninga. Dette er særskilt viktige ordningar for det frie feltet.
FolkOrg har det siste året hatt fokus på eit Fond for tradisjonsutøvarar, og har i sin budsjettsøknad til statsbudsjettet for 2026 søkt om finansiering av eit slikt fond. Vi meiner at dette ville vere eit særs viktig tiltak som BÅDE legg grunnlag for meir inntekt til tradisjonsutøvarar, samt bli eit godt økonomisk insentiv for å bruke tradisjonell musikk.
Her kan ein fylgje debatten som har gått parallellt på ballade.no over mange år
– Fordelingssystemet vi har i dag kveler kulturarven (oktober 2023) Lenke til et annet nettsted.
– Som skapende utøver kan man sitte og lure (oktober 2023) Lenke til et annet nettsted.
TONO og folkemusikken: – Tungen rett i munnen (mars 2006) Lenke til et annet nettsted.
Sidi Mansour: Opphavsmenn og -kvinner fra overalt (april 2023) Lenke til et annet nettsted.
Nytt kontrollorgan over TONO og Gramo (desember 2022) Lenke til et annet nettsted.
Vil ha opphavsretten ut av lukkede rom (januar 2020) Lenke til et annet nettsted.