Folkemusikk logo
Logo

Folkemusikk 4/2024

Folkemusikk sitt julenummer dukkar opp i postkassa di denne veka.

Møt den nye leiaren i Norsk kvedarforum, Olaf Moen. Han har gjennom mange år engasjert seg særleg for gamle kvede- og dansetradisjonar i Aust-Agder. 

Folkemusikk var også innom Oslokappleiken i haust, der me tok ein prat med nokre av dei mange dansarane som var med under årets kappleik.

Vestlandskappleiken gjekk i år føre seg i Jølster. Folkemusikkredaktøren har prøvd seg på eit reisebrev om opplevingane han tok med seg derifrå. 

I november gjekk Folkelarm av stabelen, og Folkelarmprisen er eitt av festivalens høgdepunkt. Les meir om nokre av prisvinnarane og årets folkemusikar Tuva Syvertsen. 

Den folkekjære gamaldsgruppa “Nye Ringnesin” har 40-årsjubileum i år. Bli betre kjent med dei i dette portrettintervjuet. 

Den legendariske felemakaren Gunnar Røstad vart fødd i 1874, og har såleis 150-årsjubileum i år. Bli med Røstad-biograf Kjell Midtgaard til det myteomspunne felemakarmiljøet i Oslo på starten av førre hundreår. 

Ikkje eitt Folkemusikk-blad utan meldingar. Les Folkemusikks eksterne kritikarpanel sine vurderingar av den nye boka om Ola Opheim, Ingrid Fossum si langeleikplate, Olav Norheim sin Berit på Pynte-biografi og mange fleire. 

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024