Folkemusikk logo
Logo

Ytring: FolkOrg 2025 - det er behov for endring av vedtekter

Randi Rust, Olav Lilleeggen, Asbjørn Stensrud, Sigmund Eikås, Leif Inge Schjølberg, Magne Eggen Haugom og Roger Slåstuen stiller seg i bresjen for ei endring i vedtektene til FolkOrg.

FolkOrg såg dagens lys 21. november 2009 og har nyleg feira 15 årsdag. Som mange veit er FolkOrg eit resultat av fusjonen mellom Landslaget for Spelemenn (LFS) og Norsk Folkemusikk og Danselag (NFD). FolkOrg er med andre ord ein ung organisasjon som nyleg har vorte konfirmert. Konfirmantar har ofte behov for både rettleiing og korrigering.

Vi meiner at FolkOrg ikkje er noko unnatak. Som ein del av fusjonen mellom desse to organisasjonane vart vedtektene til FolkOrg til. Paragraf 9 i Vedtektene, "Valg av tillitsfolk", har eit siste ledd der det står følgjande: "To av styremedlemmene skal tilhøyra gruppa av yrkesutøvarar innanfor folkemusikk og/eller folkedans. Ein av desse skal vera leiar eller nestleiar." Dette punktet/leddet meiner vi må ut av vedtektene, ettersom dette blir feil, på absolutt alle måtar.

Som tillitsvalt i ein organisasjon, attpå til i ein frivillig og ideell organisasjon, skal du representere alle medlemmane du er valt til å arbeide for. At ei spesiell gruppe skal ha forrang på styreplassar og leiarverv i ein organisasjon som FolkOrg skal vera, er uhøyrd, rett og slett. Ei slik forfordeling av styreverv skapar ikkje noko anna enn splid og mistru. Vi greier ikkje å finne eit einaste argument for at denne ordninga skal halde fram, i ein organisasjon som er heilt avhengig av grasrotarbeid og friviljugheit for å overleva. Vi stiller oss og spørsmål om korleis denne praksisen fungerer. Kven er yrkesutøvar? Kva skal til for å vera det? Kva er kriteria? Kven skal godkjenne kven som er innafor og utafor? Er det eit A- og B-lag som driv og veks fram i FolkOrg? Og kvifor skal desse ha eit fortrinn inn i styre i FolkOrg?

Sjølvsagt meiner vi at styret i FolkOrg skal arbeide for yrkesutøvarane på lik linje med andre medlemmer, men det er eit mandat årsmøte gir styre til å gjera. Det har ingenting med samansetninga av styre. Vi er kjend med at det allereie finns eit eige arbeidsutval i FolkOrg som arbeider for yrkesutøvarane. Det er enda eit argument i mot at ei utvald gruppe skal ha fortrinn på plasser i styret.

Gjennom dette innlegget vil vi varsle om at det er meldt inn forslag om vedtektsendring til årsmøtet i FolkOrg, 26-27. april 2025. Ei vedtektsendring krev som kjend 2/3 fleirtal og vi oppmodar flest mogleg til å støtte opp om dette forslaget.

Med vennleg helsing

Sigmund Eikås, Magne Eggen Haugom, Olav Lilleeggen, Randi Rust, Leif Inge Schjølberg, Roger Slåstuen og Asbjørn Stensrud

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024