Folkemusikk logo
Logo

Folkemusikk 2/2025

Neste nummer av Folkemusikk er like om hjørnet, så det er ikkje lenge før abonnentar kan ta seg ein målretta tur bort i postkassa. Les meir om innhaldet i Folkemusikk 2/2025 her. Der finn du også informasjon om korleis du kan få kjøpt dette nummeret i laussal og/eller bli fast abonnent av magasinet. 

Ikkje abonnent? Ting abonnement her


Du kan tinge abonnement av Folkemusikk her. Åpnes i nytt vindu. Du vil få ettersendt Folkemusikk 1/2025 om du tingar abonnement i vår.

Tidlegare utgåver av Folkemusikk kan kjøpast på Tekstallmenningen.  Lenke til et annet nettsted.

Innhald Folkemusikk 2/2025

Folkemusikk er i vinden. I april dansa 350 dansarar på Operataket, Tuva Syvertsen har arrangert blodklubb under Festspillene i Bergen, og mange framstormande folkemusikkgrupper har no fått seg bookingselskap som gjev dei innpass på festivalar der ein ikkje skulle tru ein kunne få høyre folkemusikk. 


Mykje har skjedd på folkemusikkfeltet denne våren. Blant anna har dei to største folkemusikkstemna i landet, Landskappleiken og Landsfestivalen, fått tildelt arrangørar ut dette tiåret. FolkOrg har elles nyleg gjennomført eit gemyttleg landsmøte, der debatten i hovudsak stod om yrkesutøvarane sin plass i organisasjonen. Kristian Hanto vart vald til ny styreleiar, i komande nummer kan du bli betre kjent med han i eit portrettintervju.


Folkemusikkveka i Ål vart ein dundrande suksess i år. Redaktøren tok turen og har skrive  eit reisebrev heim til lesarane av bladet. I tillegg har me vore innom Qvam og Plassen sitt plateslepp og 50-årsfeiringa til Vegar Vårdal. 


I fjor døydde legenda Lillebjørn Nilsen. I den rikhaldige instrumentsamlinga hans var det mellom anna fire hardingfeler – Lillebjørn var sjølv ein habil felespelar. Steinar Ofsdal fortel korleis det hadde seg at han, Lillebjørn og fleire bygutar kom borti folkemusikken. 


Det har kome fleire utgjevingar denne våren som me har teke ein nærmare kikk på i dette nummeret. Blant desse har Anders Lillebo gjeve ut ei munnspelplate med musikk frå grensetraktene til Sverige. I Skåbu har dei heidra ei spelemannslegende med ei eiga bok, medan Magnus Wiik har funne ein måte å presentere spennande historier om utvandra spelemenn til born. I tillegg er spalta «Unge folkemusikarar melder» attende, og denne gongen er det Iselin Aukrust som har sett nærmare på fem flunkande nye produksjonar. 


Agnes Buen Garnås døydde i fjor. Me minnest henne og arbeidet ho la ned for folkemusikken og kvedinga spesielt i dette nummeret, der me også skal ta turen til Sandefjord der det for ei tid sidan vart arrangert balladeseminar. 


Vidar Underseth har fullført ein trilogi med hefte om gamle spelemenn frå Sogn og Fjordane når han no i vår kom med ein produksjon om spelemannen Edvard Brendehaug frå Fjaler, der han og Egil Furenes også spelar låttar etter han. Ola Grøsland ser attende på tida si som redaktør i Spelemannsbladet på midte av 1970-talet, medan Olav Norheim har gått i fotspora etter ein byoriginal som observerte mykje og mangt i hovudstaden på midten av 1800-talet. 


Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024