Folkemusikk logo
Logo

Ytring: Vil stoppe kulturjordskjelv

Senterpartiet innleier offensiv mot kuttpolitikken

Åslaug Sem-Jacobsen og Senterpartiet vil motverke kutt i kultursektoren. Foto: Ragne B. Lysaker / Senterpartiet.

FolkOrg-leiar Kristian Hanto skriv at eit kulturpolitisk jordskjelv Åpnes i nytt vindu. trugar folkemusikk- og folkedansfeltet etter haustens stortingsval. Det er eit presist bilete – og ein varsling vi tek på største alvor. Det vi må gjere, er å sørgje for mottrykket. Senterpartiet har vist kva som kan verte gjort – og vil løfte dette området enda høgare.

Av: Åslaug Sem-Jacobsen, Senterpartiet

I regjering har vi i Senterpartiet sikra stabile og styrka løyvingar til FolkOrg og gjort tilskot til Landskappleiken og Landsfestivalen varige, og styrka dei med 1 million kroner. Det betyr at lokale arrangørar framleis kan halde tradisjonen levande – og at festivalane fungerer som uunnverlege møteplassar og rekrutteringsarenaer for nye generasjonar utøvarar.

Les ytringa til styreleiar Kristian Hanto her. Åpnes i nytt vindu.

Likevel – det er ikkje berre scena som bærer kulturarven. Arkiv er livsviktig: FIOL-systemet – frå 1980-talet – står på kanten av kollaps, og utan midlar til eit nytt digitalt arkivsystem risikerer vi å miste unik kunnskap om slåttar, balladar, kulokkar og dans. For oss i Senterpartiet er det eintydig: Vi må berre finne pengane. Dette handlar om kulturarven vår.

Les ytringa til Knut Aastad Bråten om arkivsystem her. Åpnes i nytt vindu.

Her står vi i skarp kontrast til Høgre og Frp. Der høyrer vi budsjettforslag med milliardkutt som vil råke både profesjonelle institusjonar og frivillige, distriktsorganisering og den heilt spisse sjangeren. Frp sitt forslag om å kutte 5,7 milliardar kroner set kulturarven vår på spel.

Senterpartiet vil ikkje svekkje – vi vil bygge vidare. Vi vil styrke festivalane, organisasjonane, spelemannslaga og ungdomslaga, støtte utøvarane, og sikre at arkiva blir halde levande gjennom eit framtidsretta digitalt system. Vi vil at barn og ungdom også i framtida skal kunne lytte til og lære folkemusikk og folkedans – både på dansegolvet, på scena og gjennom arkiva.

Eit eventuelt jordskjelv i kulturpolitikken blir det vi som demmar opp mot – ikkje minst gjennom offensive prioriteringar, tydelege kulturpolitiske løft og trygging av kulturarvens totale rammer.

Kulturarven vår er ikkje noko vi kan gamble med. Vi må ta vare på folkemusikken, folkedansen og alt dei rommar – på scena, i arkivet og i fellesskapet.

Dette er ei ytring. Ytringa gjev uttrykk for skribentens haldning. Du kan sende inn kronikkar og debattinnlegg til redaksjon@folkemusikk.no

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024