
.jpg)
Ragnhild Hemsing, her med Ole Bull-fela frå den NRK-sende konserten i Slottsparken, urframfører eit nyskrive verk for hardingfele og symfoniorkester i kveld. Foto: Alf Simensen.
Hardingfelespelar, fiolinist og komponist Ragnhild Hemsing står midt i ein av dei mest spennande haustane i karrieren. I kveld skriv ho seg inn i musikkhistoria når ho urframfører det første nyskrevne verket for hardingfele og symfoniorkester på 60 år.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen.
Stykket er skrive av komponist Kim André Arnesen, og blir framført saman med Trondheim Symfoniorkester under leiing av sjefsdirigent Adam Hickox. Som om ikkje det var stort nok: Hemsing speler sjølv på hardingfela til Ole Bull.
– Eg har lenge drøymt om å sameine hardingfeletradisjonen med nye uttrykk. Dette verket er ei milepæl – både personleg og historisk, seier Hemsing.
Urframføringa i Olavshallen markerer starten på ei haustsesong der Hemsing fortset å definere sitt heilt eigne musikalske landskap – i møtet mellom klassisk musikk, folkemusikk, jazz og improvisasjon.
Denne hausten byr på fleire høgdepunkt:
Sjå programmet nedanfor:
Trass i den travle internasjonale kalenderen held Hemsing fast på dei nære møta med publikum. I ballsalen i Sorenskrivergarden i Aurdal inviterer ho til intime huskonsertar – eit format ho har dyrka i fleire år. Samtidig balanserer ho rolla som internasjonal kunstnar med livet som aleinemor til to små jenter.
– I kveld urframfører eg eit heilt flunkande nytt verk skrive for hardingfele og symfoniorkester av Kim André Arnesen, på bestilling frå meg. 60 år sidan sist ein slik premiere skjedde! Det kjem fleire urframføringar av nye hardingfele-konsertar framover, noko eg gler meg veldig til, fortel Hemsing til Folkemusikk.
Med kombinasjonen av klassisk og folkemusikk stadfester Ragnhild Hemsing posisjonen som ei av dei mest markante stemmene i norsk musikkliv.
