SPELELISTE
Barokk, rock og hardingfele - Frank Henrik Rollands favorittar
- Naturleg nok er det masse hardingfele, men òg musikk frå 70 talet med mellom anna Rush. Dette er eit Canadisk band eg har høyrt på i alle år. Draumen var å bli like bra på slagverk som Neil Peart!
Slik gjekk det ikkje, i staden vart det folkemusikken som fenga.
- Eg vart tidleg gira på hardingfele. Bestefar min, Leif Rolland frå Tingvoll på Nordmøre, spela både vanleg fele og hardingfele. I tillegg hadde eg ein kompis som var to år eldre enn meg som spela hardingfele, eg ville prøve og fekk Knut Hamre som lærar i musikkskulen. Då var det gjort, fortel Frank Henrik Rolland.
![]() |
| I AKSJON: Frank Henrik Rolland frå Landskappleiken på Voss i 2010. Foto: Eivind Kaasin |
I dag er han er tilsett som fylkesmusikar i Hordaland, og på Hardanger Folkemuseum der han tek hand om det rikhaldige folkemusikkarkivet på museet. Bak seg har han utgjevingar saman med fylkesmusikarane i Hordaland, Trio Hardanger og ikkje minst si eiga soloutgjeving Hardingfele frå 2008. Dessutan har han fleire gode plasseringar frå Landskappleikar opp igjennom åra.
- Som musikar har eg masse på tapetet framover. No er det mellom anna skulekonsertturné i Nordhordland, og så er eg musikar i stykket til Jon Fosse Dyrehagen Hardanger som no går på Hordaland Teater. I tillegg er det mykje speling med elevar. I Hardanger er det god rekruttering for tida, med masse flinke unge spelemenn, fortel Rolland.
I tillegg til å arbeide som musikar og arkivar er han også ein av arrangørane bak folkemusikkonsertane i Utne. som Hardanger Folkemusikksamling og Hardanger folkemuseum står bak.
- Me har mange konsertar på Utne for tida, der me har nyopna lokalet på loftet med supert konsertlokale med kafé og pub. Me har hatt arrangement ein eller fleire gonger i månaden, og kvar gong er det både konsert og quiz. Dei neste konsertane på plakaten er Gjermund Larsen Trio i oktober og Novgorod i november.
Og på spørsmål om kva dei beste musikkopplevingane i år, er han ikkje i tvil.
- Det må vera El Cuero sin konsert på Bøgrend Autofest og Per Anders Buen Garnås sin solokonsert på Hardanger folkemuseum i haust!
I kveld står han sjølv på scenen på folkemusikkpuben i Utne.
FRANK HENRIK ROLLAND SINE FAVORITTAR
> SPELELISTE I SPOTIFY (21 låtar)
> SPELELISTE I WIMP (18 låtar)
01 - Eivind Mo – Håvards Sorg
02 - Eivind Mo – Fossheimen, Gangar - Etter Eilev Smedal
03 - Anders Kjerland – Slåttar Frå Hardanger: Gullfaksen, Springar
04 - Knut Hamre – Bygdatråen
05 - Torleiv Bolstad – Fjellbekken
06 - Torleiv Bolstad – Svein I Sy'garde'
07 - Torleiv Bolstad – Bjøllelåtten
08 - Knut Hamre – Jørånnatten (ikkje i wimp)
09 - Knut Hamre – Eivind Mo 1 (ikkje i wimp)
10 - Torleiv H. Bjørgum – Skjoldmøyslaget - Form Etter Olav Heggland
11 - Leif Rygg – Roesverkjen
12 - Agnes Buen Garnås – Rosensfole
13 - Kirsten Bråten Berg – Spurv På En Snor
14 - Rush – Anthem
15 - Rush – Tom Sawyer
16 - Indigo Girls – Closer To Fine
17 - Marius Müller's Funhouse – Engel (ikkje i Wimp)
18 - El Cuero – Little Bird
19 - Yo-Yo Ma;Mark O'Connor – Limerock
20 - Hille Perl – Les Couplets
21 - Hille Perl – La Conférence











