-
Snart klart for Folkemusikkveka i Ål
onsdag 16.05 - 12:03 -
Bjarne Øverbø er med
onsdag 16.05 - 10:20 -
Påmeldingsfristen til Landskappleiken er utsett til 20.mai!
mandag 14.05 - 15:08 -
Festkonsert for Sven Nyhus
torsdag 3.05 - 10:30 -
Pris til årets lokallag
mandag 14.05 - 09:54
Bø juniorspelemannslag
Bø er nasjonalt og internasjonal kjent for sine rike og allsidige folkemusikktradisjonar. Kommunevåpenet med dei tre felene refererer seg spesielt til det omfattande hardingfelemiljøet i Bø, med spelemenn og -kvinner mellom dei fremste i landet i mange generasjonar.
Kappleikar, konsertar og festivalar er sentrale framføringsarenaer for medlemmer av laget, enkeltvis, gruppevis og som lag.
Konsertreferansar:
Innanlands: Laget har hatt eigne konsertar knytt til Vårlengtkappleiken, Bøkappleiken og Telemarksfestivalen. I tillegg kjem ei rad innanlandskonsertar som enkeltmedlemmer og grupper i laget har hatt eller tatt del i.
Utanlands: Laget var på eigne konsertturnéar i USA i 1996 og 2002, Island 2002 og Irland 2004. I tillegg kjem turnéar og enkeltkonsertar utanlands som medlemmer og grupper frå laget har halde.









