FOLKELARM

Folkelarm er eit bransjetreff med mål om å marknadsføre folkemusikkartistar for den norske og internasjonale folke- og verdsmusikkbransjen. Folkelarm vart arrangert for fyrste gong i Oslo i 2005, og har seinare verte arrangert årleg. Arrangementet driftast av Landslaget for Spelemenn (LfS).

WOMEX

Womex er den største musikkmessa og møteplassen i Europa for verdsmusikk og folkemusikk med deltakarar frå heile verda. Womex vart første gong arrangert i Berlin i 1994 og har sidan vore den viktigaste møteplassen for sjangeren. På Womex møtest arrangørar, produsentar, artistar, plateselskap, offentlege kulturinstitusjonar, managements, festivalar, media m.m. På Womex blir det presentert artistar frå ulike delar av verda på offisielle showcase, og det finst i tillegg alternative scener eller presentasjon av artistar i messeområdet.

SHOWCASE SCOTTLAND

Showcase Scotland er eit internasjonal bransjetreff med fokus på tradisjonsmusikk og vert husa av Celtic Connections. 200 bransjeaktørar som journalistar, agentar og plateselskap frå heile Europa, USA og Canada, blir presentert musikk frå scener som rommar mellom 500 og 3500 besøkande. Showcase Scotland har kvar år lange ventelister både for artistar og delegatar.