Kva i all verda får fleire titals sunnfjordingar til å samlast – onsdagskveld etter onsdagskveld – for å danse runddans?

Kvar onsdag gjennom heile vinterhalvåret er det dans i «Fosshalla», eit av samfunnshusa i Naustdal i Sunnfjord.

– Her må alle som møter opp, danse heile tida, seier Sigvor Mortensbakke, primus motor for dansen. – Her er det ingen som får sitte og sjå på.

Det høyrest kanskje skremmande ut, men kan dette vere ein av grunnane til at akkurat dette dansetilbodet har utvikla seg til å bli ein av dei mest populære faste dansane i Sogn og Fjordane, og truleg ein av dei største faste dansane i Noreg innanfor sin sjanger?

Det heile starta hausten 1985, då nokre yngre par i ei av grendene langs fjorden i Naustdal hadde lyst til å lære seg å danse litt runddans. Dei spurde sambygdingen Sigvor, som dei visste kunne runddans, om opplæring.

«Her må alle som møter opp, danse heile tida»

Sigvor Mortensbakke

– Eg sa at eg er ikkje nokon instruktør, og eg har heller ikkje gått på noko kurs. Men, å lære ifrå meg enkle dansar som vals og reinlender, det skal eg sikkert klare, seier ho no, 28 år seinare.

Såleis vart ønsket ein realitet, og ti par lærte seg etter kvart ulike runddansar. Etter litt svinga dei seg kvar veke til ulike kassettar, med Sigvor som instruktør. Men då grendahuset brann tidleg på 1990-talet, måtte dei flytte dansen, og han enda opp i Fosshalla. Så vart det gjort avtale med spelemannslaget i kommunen. Det førte til at kassettane vart bytte ut med levande musikk, der spelemannslaget og toradargruppa skifta på å spele til dansen gjennom vinteren, noko dei framleis gjer.

Sigvor heldt fram som instruktør, og ut over 1990-talet vart oppmøtet på dansen stadig større. Då det opphavlege grendahuset var ferdig oppbygd att, vart det for lite til at dei kunne flytte dansen attende dit. Dei vart difor verande i Fosshalla. I dag er det jamt rundt 60 personar som møter opp kvar onsdag, men til tider er det langt fleire som dukkar opp.

– Førre gongen det var dans, syntest eg det var godt oppmøte, for då var vi i overkant av 70 stykke. Men så byrja eg å rekne på alle som pleier å vere der, og som ikkje var der den kvelden, og det var jammen mange. Hadde alle dei kome, hadde vi vore opp mot hundre på dans. Det er jo heilt utruleg! smiler Sigvor.

Sigvor Mortensbakke

«Etter ein time med dans er det pause med kaffi og kaker. For nokre er det også eit skjortebyte, før det er ei ny økt med dans»

– Det er mange faktorar som spelar inn for kor mykje folk som kjem: årstida, vêret og føret. Så er det ein del som reiser til Syden eit par veker både haust og vinter, og ikkje minst passar det ikkje alltid å gå på dans kvar veke, seier Sigvor vidare. – Men det er jamt over stort oppmøte, og det er vi veldig glade for.

Opplegget for onsdagsdansen er enkelt. Dansen går i eitt frå åtte til ni, og startar alltid med ein bytereinlender. Dei fleste dansarane kjem åleine, og ein skiftar dansepartnar med jamne mellomrom. Det er i all hovudsak ulike runddansar dei dansar, men det er gjerne innslag av swing og tango, eller ein og annan springar. Etter ein time med dans er det pause med kaffi og kaker. For nokre er det også eit skjortebyte, før det er ei ny økt med dans.

I dag er det hovudsakleg folk frå indre Sunnfjord som utgjer kjernen av faste dansarar, men det kjem òg folk frå blant anna Hyen i Nordfjord og Dale i ytre Sunnfjord. Dei fyller opp bilar og legg lengre køyrestrekningar bak seg for å danse. Meir unntaksvis kjem det òg folk heilt frå Folkestad på Sunnmøre, som på lag spring ut dørene når dansen er over, for å rekke siste ferja.

Eva Rendedal har vore med fast sidan det heile starta i 1985. Ho trekker fram både det sosiale ved dansen og treninga som viktige faktorar for at ho har vore med så lenge.

– Det å gå på dans kvar onsdag er sosialt, samtidig som ein får trimma på ein litt annan måte enn det du til dømes får på treningssenter. Det er ikkje det same presset som ein kan oppleve der. Her er det sosialt og ein har det moro, i staden for å berre vere opptatt av seg sjølv og eigne prestasjonar. Her må alle vere med uansett, og det er positivt for både gamle og nye dansarar. I tillegg har vi levande musikk, og det er viktig for folk.

Det er ikkje berre dansarane som nyt godt av dette opplegget. Kjell Bjarte Vonen er musikalsk leiar for toradargruppa i Naustdalen Spelemannslag, og har spelt fast til dans annankvar onsdag sidan han kom heim frå militæret i 1992.

«Andre spelemenn rundt om har av og til ymta frampå om at dei er misunnelege på at vi får spele så mykje til dans gjennom vinteren»

Kjell Bjarte Vonen

– Det er god variasjon for oss å kunne øve i klasserom ei veke, og spele til dans veka etterpå, i staden for at vi øver i klasserom kvar veke gjennom heile vinteren. Slik har vi også moglegheit til å øve inn melodiar ei veke, og prøve dei til dansarar ei anna veke. Så vi er heldige som har denne ordninga. Det er veldig god øving for oss. Andre spelemenn rundt om har av og til ymta frampå om at dei er misunnelege på at vi får spele så mykje til dans gjennom vinteren, og det er forståeleg, seier Kjell Bjarte Vonen.

Ein del av dei som går på onsdagsdansane, reiser også på arrangement som Landsfestivalen og på kappleikar. Men dei dreg òg på lokale tilstellingar og gammaldansfestar, som blant andre spelemannslaget arrangerer utanom onsdagsdansen.

– Vi arrangerer av og til gammaldansfestar, slik som i romjula. Men vi ser at det nesten er meir folk på dans om onsdagskveldane enn på desse arrangementa. Her omkring er det visst lettare å få folk ut ein onsdagskveld enn i helgene, seier Kjell Bjarte Vonen.

Det krev tolmodige spelemenn for at dei skal møte opp onsdag etter onsdag i så mange år, og Kjell Bjarte er ein av dei som har halde ut lengst.

– Av og til tenkjer ein at ein gjerne skulle ha vore heime. Men slik som for 14 dagar sidan, då det var rundt 80 dansarar som møtte opp, og nokre folk køyrer langt for å danse eit par timar, så blir det til at ein møter opp likevel. Dei må ha musikk å danse til, og eg trur ikkje det hadde vorte det same om dei ikkje hadde hatt levande musikk.

Runddansarane i Naustdal trivst godt i lag, men kunne gjerne tenkt seg betre rekruttering, og då helst frå den yngre garde.
Dansevener

Aldersspennet på dei som er på dansen, er frå rundt 50 år til godt over 80 år. Rekrutteringa til dansen er ikkje så stor, men av og til kjem det nye som gjerne ikkje har dansa så mykje. –

Rekrutteringa er dessverre lita, seier Sigvor, – og eg veit ikkje kva vi skal gjere med det. Det har jo vore eit visst tilsig gjennom åra, men det er som regel godt vaksne folk. Dei yngre får vi ikkje med. Når vi er på ulike dansearrangement, får vi ofte spørsmål frå folk som har lyst til å byrje her. Men det er noko med det å ta det fyrste steget og komme, trur eg.

Det er likevel slik at når det kjem nye dansarar, så blir dei tatt med i ringen frå første dans. Så tar Sigvor dei gjerne litt til sides etter kvart, og viser dei nokre steg medan ho prøver å forklare litt. Slik lærer dei litt og litt.

– Viss dei er heldige og får danse med ein flink dansar, så er det klart at dei lærer det endå litt fortare, fortel Sigvor vidare. – Av og til går eg gjerne inn og byter med dansepartnaren, og går igjennom ein tur eit par gonger, og så overlèt eg resten av opplæringa til dansepartnaren.

Når det kjem nye dansarar så blir dei tatt med i ringen frå første dans

«Av og til tenkjer eg, huff, i kveld vil eg ikkje gå! Men når ein kjem hit, blir ein så oppstemt»

Sigvor Mortensbakke

Det er ingenting som tyder på at onsdagsdansen ikkje kjem til å vere eit tilbod for framtida, etter at han har utvikla seg og funne si form gjennom mange år. Og sjølv om Naustdal og Sunnfjord ikkje stikk seg ut som eit område der runddansen står særleg sterkare enn andre plassar i landet, skil området seg kanskje likevel ut ved å ha gjort runddansen til eit attraktivt tilbod midt i veka. Runddansane er overkommelege for alle, og det kombinert med levande musikk har tydelegvis hatt ei slagkraft som har vart i fleire tiår. Likevel står det heile på ei dugnadsånd og eldsjeler sin vilje til at dette skal fortsetje å vere eit tilbod, også dei neste tiåra.

Sigvor har vore fast instruktør og drivkraft kvar onsdag sidan det starta. Til og med på 70-årsdagen sin stilte ho opp på dansen, og hadde med kaker til alle som kom. Dette vitnar om ei unikt interessert og tolmodig sjel.

– Av og til tenkjer eg, huff, i kveld vil eg ikkje gå! Men når ein kjem hit, blir ein så oppstemt, fordi folk kjem og klappar deg på skuldra og seier at dei har det så kjekt. Så ein held ut når folk viser at dei set pris på ein og viser at dei trivst på dans. Det hadde jo sjølvsagt vore fint å sleppe av og til. Eller å vere her utan å ha noko ansvar. Det er nok mange som hadde greidd å gjere den jobben eg gjer, men så har dei gjerne ikkje anledning. Folk er i arbeid, dei har rett og slett ikkje tid til å vere her kvar onsdag. Men det blir tomt viss det blir slutt, det trur eg.