-
Dette er Riksscenen i februar
tirsdag 7.02 - 14:59 -
Tina Kjerland er ny prosjektleiar
tirsdag 7.02 - 11:04 -
Einar Olav og Gjermund Larsen på Riksscenen
tirsdag 7.02 - 14:06 -
Norsk Kvedarforum med seminar for heile familien
mandag 6.02 - 11:43 -
Frikar satsar både i Valdres og Hallingdal
mandag 6.02 - 10:41
Marie Forr Klåpbakken
Ein aktiv og allsidig felespelar frå Vinstra i Gudbrandsdalen med mange ulike prosjekt i elden, mellom anna folkrock-bandet ”Bergtatt”. På INTRO-folk står ho derimot på scenen som soloutøvar, med eit repertoar som spenner frå tradisjonelle melodiar til klassisk bluegrassinspirert musikk – frå det energiske til det sarte. Gjer deg klar for ei variert og vital musikalsk oppleving!
Eplemøya Songlag
Vokaltrioen utforskar det musikalske landskapet mellom jazzvokal og kveding. dei byggjer sitt repertoar på eigne komposisjonar, og tradisjonelt materiale som dei arrangerer på sitt eige vis. songarane har trøkk og energi, og blandar humor, improvisasjon og forteljarkunst i sitt musikalske uttrykk. Sjå fram til ein stemningsfull og underfundig konsert!
Filibuster
Musikarane i Filibuster kjem frå ulike stader i Noreg, og tradisjonsmusikken frå dei ulike områda er både utgangspunkt og inspirasjon for gruppa sine arrangement og komposisjonar. Saman med den norske tradisjonen har musikken klare innslag frå keltisk, svensk og amerikansk tradisjonsmusikk. Med filibuster får du samspel med glød og energi!
Kim André Rysstad
Ung kvedar frå Rysstad i Setesdal som på kort tid har etablert seg som ein høgt respektert utøvar med sitt eige personlege uttrykk. med læremeistarar som Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Ånon Egeland har han fått eit solid grunnlag innanfor den vokale folkemusikktradisjonen frå både Agder og Telemark. Debutalbumet Tak hardt uti hand har fått rosande omtale nasjonalt og internasjonalt, og vart kåra til ”årets soloalbum” på Folkelarm i 2008. Eit stort talent med ei unik stemme!
Einar Olav Larsen Trio
Trioen har base i Verdal, og har latt seg inspirere av lokale legender som Hilmar Alexandersen og Sturla Hallås. Med utgangspunkt i denne tradisjonen har dei skapt sitt eige musikalske uttrykk i skjeringspunktet mellom folkemusikk og ragtime. Trioen byr på dynamisk og tett samspel, elegant felespill, drivande bassgangar, og variert og originalt pianoakkompagnement.
Nordafjells
Gamaldansgruppa Nordafjells har eksistert i ti år, og har allereie markert seg med plateutgjeving, sigarar på landskappleiken og landsfestivalen, samt fleire prisar. Gruppa har sitt fundament i den lokale tradisjonsmusikken, men utfordrar også denne ved å la seg inspirere av pop, rock og klassisk musikk. Med Nordafjells får du drivande god dansemusikk!














