Det finst meir musikk frå Agder enn setesdalsgangarar. Trioen Raabygg gir deg eit utval av han.

Raabygg er dei tre jentene Sigrid Kjetilsdotter Jore, Johanne Flottorp og Tuva Færden. Det musikalske uttrykket har dei funne i folkemusikken frå Agder, med nokre avstikkarar til Telemark.

Raabygg møttest på Folkemusikkstudiet ved Noregs Musikkhøgskule for eit par år sidan, og har rukke å bli eit solid liveband. Laurdag 31. januar spelte dei på folkemusikkpuben til Setesdal spelemannslag, og laurdag 7. februar held dei konsert i Biermannsgården på Sagene i Oslo.

– Ideen om Raabygg kom til på ein kafé på Majorstuen, fortel Sigrid Kjetilsdotter Jore, som speler harpeleik i Raabygg. Dei andre to jentene speler hardingfele, og alle tre syng.

– Når vi først var to aust-egder på folkemusikkstudiet, så var det for dumt å late sjansen gå frå oss til å dykke inn i den heimlege musikken vår. Musikken frå Agder utanfor Setesdal er kanskje litt bortgløymd, men det finst så mykje bra!

Jore er frå Valle i Setesdal, medan Flottorp er frå Åmli og har vakse opp i Sørlandets spelemannslag. I same laget speler bestefar til Jore, som kjem frå Gjerstad. Slik deler dei to jentene mykje slåttematerial frå barndomen.

Raabygg på scena under folkemusikkpuben i Rysstad laurdag 31. januar. F.v. Sigrid Kjetilsdotter Jore, Tuva Færden og Johanne Flottorp.

Tuva Færden kompletterer trioen, og blir introdusert av dei to aust-egdene som ”Tuva frå Tigerstaden”. Sjølv om ho kjem frå Oslo, og telespringaren er hennar største musikalske kjærleik, har Færden vore sjølvskrive medlem av Raabygg sidan starten, seier Jore.

– Det er ikkje alt som handlar om geografi heller. Vi fann kvarandre musikalsk med ein gong vi spelte i hop, fordi vi deler vi så mykje musikalsk tankegods. Det var heilt naturleg at Tuva måtte med i Raabygg.

I tidlegare tider blei det indre av Aust-Agder kalla Raabyggjelaget. Her kjem namnet på trioen frå. Det finst fleire teoriar om opphavet til namnet. Ein av dei går ut på at busetnadene i desse områda låg i ro – raa – for både kystværet og sosial uro. Det har alltid blitt spelt mykje musikk i Raabyggjelaget, og dei tre jentene i Raabygg har leita fram musikken i stovene til den eldre generasjonen. Musikalske møte over kaffikoppar, hos til dømes Kjersti Fone frå Gjerstad og Salve Austenå frå Åmli, har leidd fram til Raabygg sitt repertoar.

Raabygg har spelt mykje konsertar dei to siste åra, og dei blir altså å sjå i Tigerstaden no på laurdag. Frå scena kan vi vente oss tradisjonell, staut stevleik, sart salmesong og kraftige telespringarar og setesdalsgangarar. Og mykje tralling!

Raabygg speler i BUL Kristiansand fredag 6.2 og på Biermannsgården i Oslo laurdag 7. 2.