- Ein må brenne for det ein driv med. Utan den indre gløden vert det fort vanskeleg, fortel festivalleiar Sigrunn Haugli om det å vere festivalarrangør.

Langt inn i Troms fylke finn du ei perle av ein festival. Tidleg i august kvart år er Målselv og omegn verkeleg staden å vere for folkemusikkinteresserte.  Her kan ein oppleve konsertar og framsyningar, og ikkje minst fest, i grotter, på elva, i låven og på samfunnshuset. No er festivalen nominert til prisen årets folkemusikkarrangør, for andre gong.

Vi tok ein prat med Sigrunn Haugli, som er dagleg leiar og pådrivar for festivalen.

Kva synes du om å bli nominert til prisen Årets Folkemusikkarrangør? 
– Det er veldig stas. Vi har jobba jamt og trutt i mange år, og dette er jo ei eit prov på at andre ser og set pris på det arbeidet ein gjer. Og så er det hyggeleg å vere i eit så godt selskap med dei andre nominerte, fortel ho.

Kva har ein slik nominasjon å seie for festivalen? 
– Det fører med seg mykje fin merksemd både i bygda og i områda rundt her. Det gjer at fleire folk får augene opp for oss, og ser kva vi held på med. Og så er det godt å sjå at andre utanfor regionen legg merke til kva vi held på med her oppe i nord.

KALOTTSPEL
  • Festival i Målselv i Troms fylke
  • Vart etablert i 1970
  • Festivalleiar er Sigrunn Haugli
  • Nominert til Årets folkemusikkarrangør 2014

Korleis vil du oppsummere årets festival?
– Det er jo alltid slik at årets festival er den beste. Men det er også ei av styrkene til Kalottspel, vi vil alltid bli betre og utvikle nye prosjekt. I år var Ragnhild (Furebotten red.anm) vikar for meg fram til sommaren. Ragnhild kom inn med nye idear, og gjore ein kjempejobb med programmet. Det er sunt å få andre hovud inn, som tenkjer litt annleis. Det var moro at vi fikk gjennomføre festivalen saman, og vi var svært nøgd med festivalen i år.

Kva er du mest nøgd med i år?
– I år var dansekompaniet Kartellet tilbake med to framsyningar. Det var på ein måte ei ønskereprise, men i år vart det meir enn berre ei framsyning. Dansarane frå Kartellet dukka nemleg opp på ulike stader under heile festivalen, sjølvsagt når og der du minst venta det. Det vart ein slags raud tråd i festivalen, og gav ein fin ekstra dimensjon til festivalen. Responsen frå publikum var veldig god. Folk lika å bli overraska på ein slik positiv måte.

Kva meiner du kjenneteiknar Kalottspel som festival? 
– Kalottspel er ein liten og koseleg festival der alle skal kjenne seg heime. Vi er opptatt av å ta i bruk og presentere tradisjonar i området, men samtidig ha ein tydeleg Nordkalott-profil. Og så skal folk alltid få oppleve noko samisk her. Samtidig hentar vi også inn ein del artistar sørfra. Målet er i grunn at du skal få oppleve noko du ikkje finn alle andre stader.

– VI nyttar også spesielle arenaer for konsertane. Vi arbeider mykje med å finne og tilpasse arenaene for kvar enkelt konsert enten er på elva eller i grotta.

– Nye arenaer er også spennande for folk. Det gjer at ein kan, og må, involvere mange og at fleire får eit eigarskap til festivalen.

Kva er du mest stolt av å ha fått til med festivalen? 
– Det er kanskje det gode miljøet knytt til sjølve avviklinga av festivalen. Det er noko me har arbeidd mykje med, og det påverkar dei som kjem hit også. Mange av dei frivillige har hatt dei same oppgåvene i mange år, og legg mykje i det og får folk til å trivast. Dei syter for at alle føler seg velkomne og heime på festivalen. Det er eg stolt over.

«Dansarane frå Kartellet dukka opp når og der du minst venta det»

Sigrunn Haugli, Festivalsjef
Kultur på Målselva

«Eg håpar vi kan halde fram med å få fram gode folkemusikkutøvarar i Nord Norge. Det er viktig for oss.»

Vegen vidare

Kalottspel si historie går langt tilbake. Allereie i 1949 vart det fyrste spelemannsstemnet arrangert med ti lokale spelemenn i samspel og som solistar. I spissen for arrangement sto ildsjel Johan Nymo. Stemnet vart til ein årleg tradisjon, og ut i frå dette miljøet vaks Målselv Spelmannslag fram.

Den fyrste utgåva av Kalottspel vart arrangert av Målselv Mållag og Målselv Spelmannslag i 1970. Den gong var festivalen meir eit spelemannstevne. Sidan har festivalen utvikla seg og fått ein breiare profil, med både konsertar og framsyningar i tillegg fleire kurs for utøvarar.

Korleis ønskjer du å utvikle festivalen vidare no?
– Vi har nådd ut til folkemusikkmiljøet på ein god måte, men ønskjer i enda større grad å få involvert bygda og fleire utanfrå miljøet til å bli interessert i festivalen. Der har me nok litt å gå på. Men det handlar i stor dra det om å få flest mogleg til å kome på konsert. På sett og vis handlar det om å få flest mogleg til å gå på noko dei ikkje visste dei kom til å like. Vi vil at dei skal tørre å stole på oss, at det vi set opp på scenen er bra.

Er det nokre artistar eller prosjekt du drøymer om å presentere?
– Eg har ikkje nokon særskilte artistar eg ønskjer å få presentert. Det er så mykje spanande som skjer med unge nye folkemusikarar rundt om i Noreg, og eg håpar vi kan halde fram med å få fram gode folkemusikkutøvarar i Nord Norge. Det er viktig for oss. Og vi er heilt avvhengig av det, for å kunne drive festival om 10, 20 og 30 år fram i tid. Så, det handlar meir om være ein pådrivar og halde fram det gode arbeidet.

Den indre gløden

Sigrunn jobbar for fullt, og fulltid med folkemusikken som kulturskulelærar og som festivalarrrangør. Ein perfekt kombinasjon i følge ho sjølv. Ho har eit stort engasjement for festivalen, og folkemusikken generelt.

Kva er et godt arrangement for deg?
– Det er når ein er tilstades fullt og heilt, utan å tenkje på at det er noko som står i vegen for sjølve musikkopplevinga. Det er det vi traktar etter som arrangørar, at alt er på plass og at folk skal føle seg vel når dei kjem inn døra. Men som arrangør blir ein kanskje litt ekstra opphengt i dei små tinga og detaljane også.

Kva er det med konsertarrangering som fengar deg?
– Eg er så utruleg glad i å gå på konsert sjølv. Det er noko meir enn det å høyre musikk på radioen, eller på ei plate. Det gjev ein ekstra dimensjon som eg likar, og det er noko eg unner flest mogleg å oppleve. Ein ønskjer jo gjerne at den opplevinga ein sjølv har hatt skal nå ut til mange. Og så er det ein driv i det å samle folk til sosiale tilstellingar, og vere med på å skape ei levande bygd.

Kva meiner du er viktige eigenskapar å ha som konsertarrangør?
– Stå-på-vilje. Å arrangere konsertar krev mykje arbeid. Ein må mobilisere på alle plan, og det krev mykje marknadsføring heile vegen. Det er også mykje arbeid for å få folk med. Og så meiner eg det krev ein oppriktighet. Ein må brenne for det ein driv med. Utan den indre gløden, vert det fort vanskeleg.

Er det særskilte utfordringar du meiner konsertarrangørar står framfor i dag?
– Det finst etter kvart veldig mange festivalar, og konkurransen er stor. Det er blitt populært å arrangere festivalar over heile landet, og det er så mykje å velge imellom. Det er ein kamp om publikum og deira merksemd og tid, rett og slett. Vi merkar ikkje så mykje til konkurransen frå andre aktørar, sidan vi er ein nisjefestival og ganske åleine om det vi driv med.

– Men utfordringa er å få folk til å velge folkemusikken i alt myldret.

 

Kalottspel er ein av tre festivalar som er nominert til årets folkemusikkarrangør 2014. Prisen vert delt ut på Folkelarm laurdag. 

«Målet er i grunn at du skal få oppleve noko du ikkje finn alle andre stader.»