Til tider har det vore debatt om tradisjonsrubrikken på domarskjemaet i samband med dømming på kappleik. Under den nyleg avslutta Landskappleiken på Fagernes fekk me nok ein gong demonstrert at denne rubrikken stundom fører til underlege utslag i høve til resultatlistene. Eg vil difor i dette innlegget argumentere for at denne rubrikken blir fjerna heilt.

Rubrikken som handlar om å bruke poengskalaen for å fastsetje god eller mindre god tradisjon, er og blir problematisk. Problema og dei stundom ”rare” utslaga på premielistene, skuldast ikkje dommarane nødvendigvis, det er kanskje like ofte systemet som legg opp til dette, meiner eg. Problemstillinga er enkel: Du har tre dommarar som skal dekke store geografiske område, nokre område kjenner dei godt, til dømes tradisjonsområdet dei sjølve kjem frå, i andre tilfelle kjenner dei ikkje til dei lokale tradisjonane i det heile. Det skal ein heller ikkje forlange. Og når det så kjem ein utøvar frå eit tradisjonsområde ein av domarane kjenner godt, kan dette få to utgangar: Anten at dommaren (dommarane) trekkjer utøvaren i poeng for feil/svak tradisjon, eller at utøvaren får plusspoeng for ekstra god tradisjon. Kjem derimot utøvaren frå eit område der ingen av domarane kjenner den lokale tradisjonen, ligg det i korta at tradisjonsrubrikken ofte blir sett til nøytral posisjon, korkje pluss eller minus, for å seie det litt enkelt. Det har òg skjedd at ein trekkjer utøvarar i tradisjon då ein kanskje trur at dette ikkje er tradisjonsmusikk i det heile. Det mest latterlege utslaget av dette systemet fekk me i 1980-åra då setesdølen Torleiv H. Bjørgum eine året stilte på kappleik med vanleg fele med setesdalsslåttar og hamna aller sist i B-klassa, fordi dommarane ikkje visste at det var tradisjon å spela på vanleg fele i Setesdal! Neste året stilte Bjørgum opp på ny, og då må han ha øvd dugeleg, for no vann han denne klassa. Maken til formkurvestigning i norsk folkemusikk skal ein leite lenge etter!

Noko liknande har gjort seg gjeldande i samband med at stadig nye geografiske område har kome med i kappleikane. Ein kan til dømes spørje seg kvifor det er så få deltakarar frå Nord-Noreg på Landskappleiken? Ei forklaring er at det svært sjeldan er kompetente dommarar til å dømme denne tradisjonen, altså let ein vera å stille opp, eit stort tap for norsk folkemusikk etter mi meining. Hadde ein fjerna tradisjonsrubrikken, kunne dette endra seg. Det same kan ein kanskje seie om til musikk frå t.d. Akershus. I dommarkollegiet i år var domarane på vanleg fele frå Gudbrandsdalen, Røros og Nord-Vestlandet. Ingen kan vente at nokon av dei skal kjenne til denne tradisjonen. Og kva gjer ein då? Jau, truleg stiller ein dette i ”nøytral” posisjon, korkje negativt eller positivt. Risikoen for at dette kan få eit urettferdig utslag i høve til det som bli framført, er stor.

At der innafor eitt tradisjonsområde òg kan vera ulike tradisjonsliner som til dels står i motsetning til kvarandre, gjerne med basis i sterke utøvarar og såkalla tradisjonsberarar, er eit anna fenomen. Her kan det vera strid om kva som er ”rett” eller ”feil” tradisjon. Kjem det ein dommar frå den eine tradisjonslina og skal dømme ein utøvar frå den andre tradisjonen, kan ein slik få uforståelege utslag for publikum ikkje minst. Dommarar kan falle for freistinga til å bruke poenga og tradisjonsrubrikken for å flagge det ein sjølv meiner er den ”rette” tradisjonen i eit område, for at utøvarane slik skal rette seg etter dommaren sitt ideal. Då kan dømming meir handle om å ha ein agenda enn sakleg å vurdere om ei framføring er i tråd med ein av fleire tradisjonar innafor eitt område.

Og då kjem eg til eit av mine hovudargument for å fjerne tradisjonsrubrikken: Ved å leggje vekt den prestasjonen utøvarane står for der og då, med vekt på rytmikk, tonalitet, intonasjon, dåm og drag eller kva det no heiter, altså det kunstnariske uttrykket, vil ein utøvar frå ein landsdel fjernt frå nokon av dei tre dommarane sine heimetrakter, stille på lik line med utøvarar frå dei tradisjonsområda som dommarane er meir kjende med. Og dersom tradisjonsrubrikken er fjerna og der kjem ein utøvar frå eit geografisk område med ulike tradisjonar, så vil vedkomande utøvar dømmast på bakgrunn av den kunstnariske framføringa utan å få trekk for at han representerer det som nokon karakteriserer som ”feil” tradisjon eller plusspoeng for ”rett” tradisjon.

I 2015 må det vera klårt for alle og ein kvar at god eller mindre god tradisjon er avhengig av kven som har og har hatt definisjonsmakta i eit område, altså eit sterkt subjektivt syn. Landskappleiken og FolkOrg kan, om ein held fram med dette avleggse systemet, risikere å hamne i skuggane sin dal i høve til rekruttering av komande kunstnarar innafor folkemusikk. Det er for det fyrste ein risiko for at mange ikkje vil stille opp, dei finn seg andre arenaer. Dette har me som nemnt alt sett når det gjeld utøvarar frå Nord-Noreg. Eller at utøvarar ikkje tek dømminga heilt på alvor, noko dei heller ikkje bør gjera i for sterk grad etter mi meining med dagens ordning. Kva har ein då oppnådd? Tillit til dommarar og dømming på kappleik? Og kvar bli det av dynamikken i høve til at nye tradisjonar faktisk oppstår?

At vaksne utøvarar kan greie å takle det å bli sett langt ned på lista sjølv om tilbakemeldingane frå dei som sat i salen var svært positive, er ikkje det største problemet. Problemet er når dette systemet òg råkar dei som er under opplæring, dei unge som har lettare for å tolke kappleiksresultat meir bokstavleg, blant anna dette med poengsummar. Her ligg det truleg fleire lik i grøfta, folk som har opptredd ein gong på kappleik og aldri meir. Denne årsklassa har kanskje enno ikkje heilt kome dit at dei skjønar at dommarar er fundamentalt subjektive, at det ikkje finst nokon eintydig fasit på godt spel, god dans eller god kveding eller god tradisjon for den saks skuld.

Resultatlistene blir sett saman av tre dommarar sine vurderingar. Og ein skal ikkje kritisere utnemning av dommarar, den eine kan vera like dugande som den andre, og det er bra at det byter på. Og sjølv om eg er skeptisk til alle slags musikkonkurransar der berre innringarane stemmer, meiner eg at tida er mogen for å innføre eit system der for eksempel halvparten av poenga blir sett av dommarane og andre halvparten kjem frå publikum. Dette vil etter mi meining føre til ei meir rettferdig dømming, og kan hende til og med ei ordning som trekkjer meir publikum? For den som har vore på kappleik lenge, var det tydleg at Landskappleiken på Fagernes ikkje hadde så mange publikummarar som ein til vanleg forbind med eit slikt arrangement, utan at eg har nokon tal å vise til.

Publikum på kappleik er elles svært kompetente folk. Ein del spelemenn eg kjenner som er litt leie av å konkurrere, seier at dei berre stiller opp på kappleik for å spela for eit kunnig publikum. Med eit slikt system – det har forresten alt vore prøva på lokalkappleik – ville ein få bukt med det litt tilfeldige utvalet som dei tre dommarane nødvendigvis stend for, ein ville òg gjeva utøvarane kreditt for at dei har appell til dei som høyrer på. Musikk handlar vel fyrst og fremst om å nå fram til eit publikum. Dei som taklar dette best er òg dei som fær oppdrag i ettertid. Talentspeidarar frå festivalar osv. ser truleg lite etter om vedkomande spelar ”feil” eller ”rett” tradisjon, men langt meir om korleis ein når fram til og kanskje greier å gripe dei som sit i salen.

Slik kunne FolkOrg på ein positiv måte stimulere dei som kanskje har ei framtid i musikken som formidlarar, like mykje som ein gjev kreditt til dei som er viktige tradisjonsberar. Og me har sjølvsagt bruk for båe delar. Men tida er annleis, der finst fleire arenaer no enn før der ein kan fordjupe seg i gode tradisjonar, mange av utdanningsinstitusjonane legg til dømes stor vekt på dette.

Det blei i si tid spådd i samband med striden om opprettinga av Landsfestivalen for gammaldansmusikk, at no ville ungdommen heller spela gammaldans enn bygdedansslåttar. Men det er faktisk det motsette som skjedde, no er det vel heller gammaldanstradisjonen som er truga? Og kvifor skjedde dette? Jau, truleg av den enkle grunn at ungdom finn fram til både dei gode tradisjonane og det gode og spennande repertoaret på eiga hand, eller med litt hjelp frå dei som kjenner stoffet. Det same meiner eg er tilfelle med framføring på kappleikar. Slåttane, visene og dansane inneheld så sterke element at ein treng ikkje heile tida passe på at ”rett” tradisjon bli ført vidare. Det fell her naturleg å vise til ei utsegn frå felemakaren Håvard Kvandal frå Hardanger, han har sagt dette om dei gamle felene, noko som er lett å overføre på gamle slåttar: ”Dei er ikkje gode fordi dei er gamle, dei er gamle fordi dei er gode.”

Så er der eit anna sitat som ein godt kan bruke i debatten om tradisjon og dømming, kven som har sagt det, veit eg ikkje, men det er ikkje av ny dato: ”Det fine er det rette”. Slik oppfattar gjerne publikum det, og det kan vera sterkt forvirrande for dei som lyder på at dommarane kjem til ein heilt annan konklusjon enn dei som sit i salen. Ikkje minst gjeld dette folk som kanskje er litt i periferien av folkemusikkmiljøet. For dei vil det vera eit naturleg spørsmål å stille: ”Kvifor i all verda kom ein som hadde slik god framføring så langt ned på lista?” Og då er svaret ofte: ”Det var ikkje ’god nok’ tradisjon, sjølv om det var både fint og fengjande og ekte folkemusikk”.

Noverande system er ikkje med på å fremje folkemusikken i høve til andre miljø, heller ikkje overfor media. Ser ein på mediemerksemda kring Landskappleiken i år (eg var sjølv journalist), var det heller tynt. Det er sjølvsagt fleire grunnar til dette. Men truleg finn media festivalane meir interessante. Og det er i og for seg ok, men Landskappleiken kunne gjort seg meir interessant, ikkje minst med tanke på å vera ein arena som kan vera springsprettet til ei vidare karriere som folkemusikar, enten som amatør eller profesjonell. Å skape frustrasjon på grunn av til tider vilkårleg og stundom latterleg bruk av tradisjonsomgrepet, er inga god sak, heller ikkje for FolkOrg. Det må vera lov å etterlyse litt nytenking, også i høve til dømming. Og då kunne ein i same rennet òg løyst opp på ein annan håplaus praksis slik eg ser det: Dette med å gje poeng ned til siste jumboplass og lesa dette opp på premieutdelingane. Kvifor ikkje bruke systemet frå open klasse, rangere dei øvste på lista, og så heller gje gode råd og tips i høve til rekruttane, C-klassingane. Dette har vorte oppe fleire gonger før, likevel bør dette vera ein del av ein kontinuerleg debatt.

Eg vil ikkje her nemne fleire døme der tradisjonsrubrikken er utslagsgjevande for resultatet, men det er diverre ikkje særleg uvanleg at dette skjer. Slik er mi erfaring etter å ha skrive om, snakka med utøvarar og observert fenomenet over lang tid.

For å oppsummere tyr eg til eit sitat eg har brukt før. Det kjem frå den framståande irske folkesongaren Seán Keane som voks opp i ein folkemusikkfamilie i Galway på vestkysten av Irland, nærast den einaste familien i dette området som heldt oppe tradisjonane i ein periode der folkemusikken låg langt nede, der som her i landet. Han har sagt det slik: ”I don’t give much attention to the music-police, I think they should retire and leave it to the ear of the listener.”

Kjell Bitustøyl

Kjell Bitustøyl, journalist