25 år med Telemarkfestival. 10 år med Spelemannsblad. 60 år med vandring på nye stiar.

– Eg skal fortelje deg noko som ikkje så mange veit. Eg har eit kart over Hardangerviddi, for eg har alltid vore heilt oppslukt av Hardangerviddi. Og der har eg streka inn alle turane som eg har gått der. Eg synest alltid det er like stas kvar gong eg har gått ein ny tur, om det så berre er ein liten snipp, så strikar eg ein ny raud strek. Hahaha!

Kjell Bitustøyl er oppvaksen i Rauland i Vinje, tett oppunder Hardangervidda. No har han budd i Bø i Telemark i mange år. For 25 år sidan var han sentral i oppstarten av Telemarkfestivalen.

Det er andre helga i august, og Telemarkfestivalen skal feire sine 25 år. Eg møter Kjell i hagen hans i Bø.

Omvegen inn

– Sidan du vaks opp i Rauland fekk du vel folkemusikken inn med morsmjølka?

– Ja folk trur det, men det er ei total vrangforestilling. Det var veldig lite synleg. Det at spelemannslaget i Rauland spila på 17. mai ein gong i året var liksom ikkje nok til å vekke interessa min. Det var berre ikkje slikt ungdom høyrde på. Eg har vakse opp med rock og pop. Det er ikkje nokon tvil om det.

– Kva var det så som førte deg inn på folkemusikkens vegar?

– Så lenge eg kan hugse har eg vore oppteken av musikk… Etter at foreldri og bror min hadde sovna om kveldane låg eg med radioen under dyna og høyrde på Radio Luxembourg og Radio London og desse engelske stasjonane, og skreiv upp i bøkar, med dårlege engelskferdigheiter. Eg var 10 år då Beatles kom, og det var som eit sjokk!

Ingen av foreldra eller besteforeldra dreiv med musikk, og han har alltid lura på kvar den sterke musikkinteressa kom frå. – Ja det er iallfall ikkje miljø! Eg trur det må ha lege der frå generasjonar tilbake, eit eller anna slags latent, seier han. Oldefar hans var den siste langeleikspelaren i Rauland.

Etter tre år på gymnas i Bø drog han heimatt til Rauland og gjekk eit år på folkehøgskulen på Raulandsakademiet, som nett var etablert.

– Eg trur det året på folkehøgskule var det som bestemte kva eg skulle drive på med resten av livet faktisk. Då byrja eg med forming, og så byrja eg å spele hardingfele med Rolv Brimi, som var lærar der.

På denne tida blomstra folkrocken opp, og interessa for folkemusikken auka i møte med det engelske og det svenske. Britiske Fairport Convention og Merit Hemmingson frå Sverige var noko av det fyrste som tende interessa hans.

– Så det var jo den arrangerte folkemusikken som på ein måte førte meg inn i det, som med veldig mange andre. Dermed blei det ein slags omveg. Etter det året blei eg med i spelemannslaget.

KJELL BITUSTØYL

  • Fødd 1953, oppvaksen i Rauland i Vinje, busett i Bø i Telemark.
  • Journalist, forfattar, fotograf, prosjektleiar, folkemusikkarkivar, treskjerar, formingslærar og musikklærar.
  • Redaktør i Spelemannsbladet i 10 år.
  • Festivalsekretær (3 år) og styreleiar (5 år) i Telemarkfestivalen.
  • Master i kultur og idéstudier: ”Folkemusikk som bestilt: kunstnarroller i endring, ein kunstsosiologisk analyse av bestillingsverk i folkemusikk” (2012).

"Eg har vakse opp med rock og pop. Det er ikkje nokon tvil om det."

Kjell Bitustøyl
Elev og lærar. Kjell Bitustøyl (t.v.) og Rolv Brimi i Rauland i 1974.

– Og sidan har det gått slag i slag?

– Meir eller mindre.

I 22 år, frå 1987 til 2009, hadde han stort sett folkemusikk som yrke. Han har gjort mykje forskjellig og mange kjenner han nok best som redaktør av Spelemannsbladet gjennom ti år. Og så var det Telemarkfestivalen då.

Ein idé rundt ei matpakke

-Det starta som ein idé rundt ei matpakke, fortel Kjell.

På den tida arbeidde han med innsamling i folkemusikkarkivet i Telemark og var felelærar i Bø musikkskule. Han var samlokalisert med Telemark musikkråd og Telemark folkemusikklag og her bygde det seg opp eit miljø med mange musikkinteresserte menneske. -Fleire av oss hadde vore på utanlandske festivalar og impulsen frå Falun var veldig sterk, fortel han.

Dessutan hadde dei vore med på å arrangere Landskappleiken i 1988. 100-årsjubileumskappleiken. Dei hadde erfart at ein kunne få til store arrangement i Bø.

– Ingen kjem i hug kven som hadde den aller fyrste idéen, men me var ein gjeng der då, som sat og prata rundt lunsjen, ein dag i 1989. Det var nok ein kombinasjon av dette miljøet og erfaringa frå Landskappleiken som gjorde at idéen vaks fram.

Gode vener i festivalorkesteret øver i hagen til Kjell. Seinare på kvelden skal dei spele til dans på Bø Hotell.

"Telemarkfestivalen blei eit slags folkemusikkens svar på Vossajazz."

Å røre folk i hop

I festivalarbeidet var dei heilt frå starten av opptekne av å ta samtidsfolkemusikken på pulsen. Dei jobba mykje med å fange opp det som rørte seg i tida, og var lydhøyre for idear som artistane kom med. Etterkvart har denne haldninga materialisert seg i tingingsverk. Årets tingingsverk er det 15. i rekka.

– Telemarkfestivalen blei eit slags folkemusikkens svar på Vossajazz, som hadde køyrd knallhardt på tingingsverk heilt frå 1983. Festivalen i Bø var den fyrste folkemusikkfestivalen som byrja systematisk med tingingsverk. Det er nok eit av dei sterkaste særprega ved festivalen.

– Kva er di største festivaloppleving?

– Å, det er vanskeleg å velje. Det eine er jo det du opplever som publikummar, reint musikalsk. Det andre er kva du opplever som arrangør. Noko av det mest spesielle var ein idé til eit tingingsverk som eg drøymde. Eg drøymde at eg skulle reise til Chile, saman med Carlos Jeldes. Det var ein lang draum, men eg hugsar det tydeleg: Ideen var at me skulle lage ein konsert om hans historie. Han kom hit som flyktning, kom åleine, hadde ingenting då. Eg trefte han fyrste gong i Vråliosen. Han var ein høgt utdanna musikar.

Dette var under ein av festivalane og då Kjell møtte Carlos dagen etter, fortalde han Carlos om draumen.

-Og han blei så rørt!

Seinare kom Kjell til å nemne dette på eit styremøte. Kanskje var det ingen dum idé? Eit par år etter vart det tingingsverk med Carlos. Den audmjuke chilenaren hadde aldri fått ein slik førespurnad før.

– Han har alltid vore ein slik fyr som har spela med andre, alltid stått ved sidan av, vore i grupper, aldri vore i fokus. No fortener Carlos å vera i sentrum, tenkte eg, for eg visste at han laga musikk. Og Carlos sette i gang med djupt alvor, han tok til og med vare på alt blyantkvesset som han bruka då han skreiv notane, kan du tenkje deg! Dette tydde mykje for han.

Då den store dagen kom og verket skulle framførast sto det 15-16 musikarar på scena, og storsalen i Gullbring var stappfull.

– Det var ein stor augeblink. Å tenkje på at dette var det faktisk eg som hadde sett i gang. Det prosjektet er noko av det som har gleda meg aller mest. Djupt inn i hjarta.

Musikaren Carlos Jeldes kom til Noreg som flyktning frå Chile på slutten av 1980-talet. Foto: Kjell Bitustøyl

– Også då Frode Fjellheim framførte bestillingsverket sitt ”Hardangeren Guevtele”, «Sørsamar rundt Hardangervidda» i 2003. Det var min idé, og eg hugsar godt når og kvar idéen kom. Det var under ein køyretur vestover, like forbi Halne Fjellstove på Hardangervidda. Eg hadde nettopp lese ein artikkel på Halne om tamreindrifta på vidda, og samstundes hadde eg gått i bresjen for å få samiske artistar til Telemarkfestivalen. Den fyrste samiske artisten var her alt i 1990. På scena i 2003 sto ni musikarar, ei god blanding med folkemusikarar frå Voss, Hardanger, Hemsedal og Telemark og Frode Fjellheim med sine musikarar frå Transjoik. Musikken var magisk for meg! Sjølv hadde eg laga til ei fotoutstilling om samar i sør. Ei heil lita gruppe med sørsamar frå Telemark og Buskerud kom for å få med seg både konserten og utstillinga. Sjeldan har eg opplevd å vera med på ein slik prosess frå idé til realitet. Eit heilt spesielt festivalminne!

– Du har eit hjarte for dei undertrykte?

– Ja det kan du godt streka under. Så lenge eg kan hugse har eg alltid halde med indianarane, då me leika før i tidi. Og folk har spurt meg om det, kvifor er du så interessert i det samiske?

– Ja, der kom du meg i forkjøpet…

– Eg trur eg alltid har hatt ein sterkt utvikla trong til rettferd. Eg held nok med dei undertrykte. Definitivt. Eg oppdaga indianarane før samane, ikkje sant, men når ein oppdagar at det finst noko tilsvarande her i landet…Det er jo det mørkaste kapittelet i norsk historie, iallfall i nyare tid.

Dette tenkte Kjell då han fylte 60 år:

– Kva skal eg no bruke resten av livet mitt på? Folkemusikken har eg jobba mykje med og skrive mykje om, og den greier seg i grunnen ganske godt på eiga hand. Men det samiske…dei har ganske få talspersonar. Tingingsverket i 2003 var starten på det. Det å få fram ein ukjend kultur som faktisk finst innanfor landegrensene. Det samiske har jo ei kobling til interessa mi for fjell og rein og alt det der også då…

Kjell fotograferer mykje på fjellturane sine. Spesielt rein og fuglar. Her eit blinkskot frå Eggeflott med Falkeriset i bakgrunnen. Foto: Kjell Bitustøyl

Møte med menneske

Men tilbake til festivalopplevingane…

– Møte med menneske, det er jo det som er det essensielle, ikkje sant. Det er jo difor ein driv på med detta her.

– Og så dette som eg alltid har vore oppteken av. Det å møte kunstnarar. Ikkje fordi dei er kjendisar. Det er nokon som trur at ein trekker mot dei fordi dei er kjendisar, men det finst jo masse kjende folk som eg gjev blaffen i. Nei, det handlar om folk som har eitt eller anna unikt å fara med. Det er interessant, og då kan du lære, og du kan oppleva ting. Og dei folka du lærer av, dei trekker du automatisk mot.

Som arrangør har han opplevd at nokre artistar er så kjende at folk ikkje tør å ta kontakt med dei. Han fortel om då den ungarske songarinna Márta Sebestyén var på Telemarkfestivalen fyrste gongen. Marta reiknast som ei av dei finaste stemmene i europeisk folkemusikk og vart på 90-talet verdskjend for samarbeidet med gruppa Deep Forest og for medverknad i filmmusikken til storfilmen ”Den engelske pasienten”.

– Det var dans på Gullbring, og der sat ho. Ingen våga å by ho opp til dans, så eg tenkte at her får eg berre mote meg opp.

Og dans vart det, ut i dei små timar, både springar og gangar.

– Neste morgon då ho fekk auge på meg utbraut ho: ”Oooh, there is my favourite dancer!” Hahaha!

– Poenget mitt er at slike små møte er viktige. Eg trur det er mange kjende menneske som har problem med balansen mellom å vera tilgjengeleg og det å beskytte seg, fordi det må ein, når alle vil ha ein bit av ein. Dei fortel for eksempel om Miles Davis at han skjerma seg så kraftig at han til slutt blei ein einsam mann. Ingen våga å ta kontakt med han lenger. Som arrangør så får du ein slags mellomposisjon.

 

"Girugskap i forhold til artistar, det er siste sort."

Kjell Bitustøyl

Som då han tok med Fairport Convention, heltane hans frå ungdomstida, på nachspiel på Vertshuset i Bø:

– Der sat Lars Underdal og spela, og dei fekk prøva fela hans, og dei var med og dansa, og dei hadde det heilt topp! Dei var jo så glade for å bli leda litt, for dei hadde jo ikkje funne fram til detta på eiga hand.

– Det der har kanskje vore litt di rolle?

– Det har vore mi rolle. Definitivt. Ta med artistane rundt omkring og syte for at dei har det bra. Hjelpe dei litt med å finne ut kvar ting skjer. Kjem du framand til ei bygd så veit du ingenting, du hamnar berre på eit hotell. Ein er jo trass alt eit vertsskap.

– Eg hugsar Lillebjørn Nilsen sa ein gong, at om det berre fanst eitt menneske som hadde blikk for slike type behov for artistane, så var det slike festivalar han foretrakk. Då kunne han til og med gå ned i honorar. Det er eit argument eg har bruka av og til når ein blir for pedantisk i høve til honorar og frynsegode og slikt. Å spandere ein kopp kaffi, eller eit glas øl, å vera litt raus – bak scenen, ikkje minst – det har vore min ideologi. For det er smular av utgifter, og så tener du det innatt i form av eit godt rykte. Og motsett. Eg kjenner mange eksempel på det motsette. Girugskap i forhold til artistar, det er siste sort.

"Når ein er nysgjerrig så vil ein prøve nye typar utfordringar. Heller det enn ei fast sikker inntekt."

– Men den rolla er vel ikkje noko du kan delegere utan vidare? Handlar det ikkje litt om korleis du er som menneske?

– Jau, det handlar mykje om det. Kva du er interessert i og kva du er oppteken av. For nokon ligg det der heilt naturleg. Eg har alltid vore nysgjerrig på å bli kjend med nye menneske.

– Du er generelt nysgjerrig?

– Nysgjerrig ja! Eg er født nysgjerrig.

– Det virkar som du alltid er gira på eit eller anna…

– Jadå. Eg kan ikkje hugse å ha kjeda meg. Det er jo ein grunn til at eg ikkje har hatt fast jobb i eit eller anna system i 30 år. Den mest stabile jobben eg har hatt er vel dei 10 åra som redaktør av Spelemannsbladet.

– Hadde du kjeda deg i ein strammare struktur?

– Ja, eg trur eg hadde kjeda meg. Og så er eg oppteken av dette med makt. Viss ein sit i ein maktposisjon, så bør ein ikkje sita der for lenge. Å vera redaktør i Spelemannsbladet er utan tvil ein maktposisjon.

Det same med Telemarkfestivalen. Då han vart styreleiar sa han at det kunne han vera i fem år, ikkje meir, og det heldt han. Då han fekk jobben i Spelemannsbladet sa han 10 år. Det blei 10 år og to nummer. Då fekk andre sleppe til.

– Eg kunne sikkert ha fortsett av gamal vane, men då syntest eg heller ikkje eg hadde så mykje meir å gje. Og når ein er nysgjerrig så vil ein prøve nye typar utfordringar. Heller det enn ei fast sikker inntekt.

På nye stiar

Kjell har etterkvart nokre bøker på samvitet. Nett no driv han og ferdigstiller ei bok om Besso, den privatdrivne turisthytta i hjartet av Hardangervidda Nasjonalpark. Og difor må han også reise midtvegs i årets Telemarkfestival. Han har lova å halde foredrag om bokprosjektet på Besso på laurdag.

Boka skal vera ferdig i haust. Ho skal ta for seg dyre- og fuglelivet i området, samt kulturhistoria, frå steinalder til turisme. Kjell var tidleg oppteken av fuglar og natur. Dette med musikk og kultur har blitt ein viktig del av interessene hans etterkvart.

Ei jordugle som lurar på kva Kjell driv på med. Foto: Kjell Bitustøyl

– Eg har alltid hatt dilla på å kikke på fuglar, og det har eg framleis. Frå eg var bitteliten. Så lenge eg kan hugse. Eg trur fuglar og musikk heng litt isaman kanskje. Eg veit ikkje. Det er jo denne kombinasjonen mellom natur og kultur…

Han vaks opp i sterk tilknyting til naturen, i ein sjølvmedviten lokalkultur. – Eg synest det er viktig å vera litt stolt av sitt eige, seier han. Onklane til Kjell var treskjerarar, og i møtet med handverket kom interessa for det lokale.

– Musikk og handverk går jo litt hand i hand slik sett. Eg har drive med treskjering. Det ligg i slekti. Men nokon ting kan bli litt kjedelege viss du kjem for lett til det. Eg synest det er meir spennande med det som er grådig vanskeleg. Og å skrive godt, det synest eg er grådig vanskeleg. Det å møte motstand triggar. Det er det same som å forsere eit bratt fjell. Eg likar å sjå kva som ligg bakom toppen, å gå nokre nye turar.

– Til slutt. Er det nokon som har hatt spesielt stor innverknad på deg?

– Ja. Det meiner eg faktisk at det er. Knut Hamre, ein av mine næraste vener. Ein trur liksom at like barn leikar best, og me er jo i utgangspunktet, for dei som kjenner oss, ganske forskjellige. Eg møtte Knut fyrste gong i 1976, på Landskappleiken på Voss. Eg hadde lenge vore glad i spelet hans, og eg har jo aldri vore redd for å ta kontakt med folk som eg synest har noko å fara med. Det å gå bort til folk og takke dei for ein fin konsert, det har eg alltid gjort.

Korleis påverka han deg?

– Når ein er ung og radikal så kan ein vera litt framfus, og litt voldsomt i opposisjon til det etablerte. Knut viser ei mjuk side av tilværet. Han har ein type klokskap som eg synest eg har lært mykje av. Det er jo mange måtar å få fram ting på. Det er ikkje alltid det å klatre opp på barrikadane og rope ut er det klokaste. Knut har lært meg mykje om ettertanke og det å vera medmenneske, og om kunst og korleis nærme seg det kunstnariske. Han har påverka meg sterkt. Som menneske. Som spelemann også så klart, men fyrst og fremst som menneske.

***

Det siste eg ser av Kjell er at han dansar pols med Márta Sebestyén i kjellaren på Bø Hotell. Ho er tilbake på festivalen i samband med 25-årsjubileet. Klokka er over midnatt. Om få timar, nærmare bestemt kl 05.00, skal han setje seg i bilen og køyre i fire og ein halv time over fjellet til Tinnhølen. Derifrå skal han vandre inn på Hardangervidda si. Fem timar på føtene før han kjem fram til Besso, der han skal fortelje, og Knut skal spele.

Så blir det enno ein raud strek på kartet.

Kartet med dei raude strekane.