Hjem > Artikkel

NÅR DU ER BORTE

Eit møte mellom gravferdssalmar frå Ryfylke og Hardanger og tekstar av Jon Fosse

Når du er borte: Her med Solbjørg Tveiten, Andreas Ulvo og Åshild Vetrhus

Når du er borte: Her med Solbjørg Tveiten, Andreas Ulvo og Åshild Vetrhus

Åshild Vetrhus, Solbjørg Tveiten og Andreas Ulvo synar i desse dagar fram framsyninga ”Når du er borte” fram i kyrkjer på austlandsområdet. Her får du oppleva Jon Fosse sine tekstar og tradisjonelle gravferdssalmar frå Ryfylke og Hardanger.
Før vedgjekk eit dødsfall alle i lokalsamfunnet. I dag er det mange som gruar seg for å prate med dei som har mista nokon, og dei som har mista føler kanskje at dei står åleine om sorga. Med denne framsyninga blir det skapt ein areno kor ein kan vera samane i tanken på dei som er borte.
 
”Når du er borte” er ei konsertframsyning som hadde premiere i Oslo januar 2010. Framsyninga presenterer Jon Fosse sine tekstar og tradisjonelle gravferdssalmar der fokus ligg på spennet mellom liv og død, å vera, ikkje vera og det å nesten vera.
 
Saman med Mette Brantzeg som har regien i framsyninga, skaper dei eit samtidig uttrykk kor element frå fortid og notid blir integrerte i ein heilskap gjennom rørsler, tekst og musikk. Jon Fosse sine tekstar viskar ut grensene mellom liv og død og gir dei tradisjonelle gravferdssalmane relevans i samtida.
 
"Det poetiske språk er eit forsonande språk som fører ting saman." (Jon Fosse i Diktafon, NRK P2 04.10.09.) "Av dikting lærer ein ikkje å leva, ein lærer å døy. Om ein ikkje i livet lærer å døy, blir døden så trugande at ein heller ikkje kan leva." (Jon Fosse i Diktafon, NRK P2 04.10.09).
 
Før vedgjekk eit dødsfall alle i lokalsamfunnet. I dag er det mange som gruar seg for å prate med dei som har mista nokon, og dei som har mista kjenner kanskje at dei står åleine om sorga. Den døde vert frakta bort frå huset og mange born vert skjerma frå synet. Dette er paradoksalt, i ei verd der alle tabu vert rivne ned, og der laussalaviser formidlar døden nesten til det intime på framsidene.
 
Noreg har etter 22. juli vore prega av tragedie og sorg, men også stort samhald og fokus på å ta vare på kvarandre. Døden har komme nærare oss alle på frykteleg og tragisk vis. Dei skaper med denne framsyninga ein arena der ein kan vera saman i tanken på dei som er borte, enten det er nokon som står ein nær eller som ein del av ei kollektiv sorg. Etter opplevingane i sommar er dette kanskje endå viktigare enn før.
 
TURNE:
Tysdag 8. mai: Ringsaker kirke kl 1930
Onsdag 9. mai: Prestegården i Øyer kl 1930
Torsdag 10. mai: Hoff kirke kl 1900
Laurdag 12. mai: Bjørkelangen kirke kl 1800
Søndag 13. mai: Kampen kirke, Oslo, kl 1900
 

Her kan du lese meir om samlingane til Folkemusikkarkivet for Rogaland.  "Når du er borte" har også ei eiga side hos MySpace, der du kan høyre døme på musikken.

 


 






| Tips en venn | Skriv ut |