Spelemann, læremeister og dommar, fem triumfar i Landskappleiken, eige plateselskap og hardingfeler som lèt kvar einaste dag. Dette er Leif Rygg, ver så god.

Leif Rygg tek imot, gjestfri og open. Audhild har kokt kaffi og smultringar, ikkje fordi me kjem, men fordi intervjuet blir gjort midt i den travlaste adventstida.

– Vil de sjå roterommet, kanskje?

Me går ned ei trapp, gjennom ein gang, ut i ein ny gang og så inn ei dør. Og der, der er me på plass, kanskje ikkje i det aller heilagste, men ikkje så langt ifrå. Spelarhaugen står det på døra, på eit bord står ein gamal grammofon, i hylla alt Spelarhaugen Folkemusikk har gjeve ut på kassett, vinyl og CD. Pulten er full av gamle fotografi, frå eit liv som spelemann. Det er bilete frå Telemark, Voss, Sverige, USA, Canada, ja, jamvel frå Kina. Hardingfela har tatt med seg Leif Rygg på tur i heile verda.

– Her er fyrste læremeisteren. Me spelte dei gamle 78-platene nesten til det gjekk hol på dei, smiler Leif Rygg, og syner fram grammofonen.

– Ja ja, det var no berre så de skulle få sjå, me kan no gå opp att, seier Leif, og tek oss med inn til tømrastova si, med inngang frå kjøkenet. Hardingfelene ligg i kassene sine, ein luftfuktar av det heimegjorde slaget syter for at lufta er passe fuktig i stova. Ein kan ikkje ta sjansar med gode instrument.

LEIF RYGG
  • Fødd på Voss i 1940.
  • Bur på Voss.
  • Har vunne Landskappleiken fem gonger.
  • Tildelt RFF-prisen i 2010.
  • Vann Spelemannprisen i 1994 saman med Knut Buen og Kåre Nordstoga.

SPESIELL TRIO

Leif Rygg tek i hardingfela mest kvar einaste dag, det har han gjort i mange år. Det heile starta då han var liten gut i Haugsvik, i det som den gongen var Vossestrand kommune.

– Det var ikkje noko spesielt spelemannsmiljø. Eg prøvde meg fyrst på trekkspel, eg spelte vel ikkje meir enn jolesongar, minnest Leif. Så kom hardingfela. Kjell Midttun, Ola Selland og Leif starta i lag og prøvde seg fram. Kjell var fem år eldre og føregangsmannen, han hadde ei ustoppeleg interesse og pågangsmot.

– Me vart nok rekna som noko spesielle. Kring 1950 var det meir «in» med popmusikk frå USA.

Det var stor aktivitet med dansefestar på ungdomshusa på den tida, men det var liksom ikkje folkemusikk ungdommen ville ha. Leif og dei andre spelte helst på andre typar tilstellingar, basarar, grendefestar og 17. mai, det var mykje samspel med trekkspel, piano og andre instrument til gamaldans.

SOLOSPELET

– Lars Skjervheim i Myrkdalen vart den fyrste læremeisteren me fekk omgang med. Seinare kom me saman med Nils Borge, foreldra mine kjende han.

Det var slik at ein måtte søkja ut til spelemennene på eiga hand, skulle ein læra noko, og då var det greitt at ein kjende nokon. I 1955 trefte Leif Rygg Sigbjørn Bernhoft Osa for fyrste gong, og vart invitert til han saman med Ola Selland.

– Sigbjørn var ein forunderleg pedagog, positivt meint altså, humrar Leif i dag. Og fortel om ein spelemann som la mykje vekt på det tekniske. Det er noko Leif Rygg støttar den dag i dag.

– Å seia at teknikk ikkje er viktig, at det kjem av seg sjølv, er noko forbanna tull. Det tekniske må på plass for at ein skal kunna skapa god musikk, det gjeld same kva instrument du spelar. Som Sigbjørn sa: «Det er om lag 99 prosent øving og éin prosent givnad.»

Leif kom etter kvart også saman med spelemenn som Per Berge og Anders Kjerland. Han var òg i Bergen ei tid. Der møtte han Arne Bjørndal, som Leif kallar ein nestor i spelemannsmiljøet.

– Eg kan ikkje rosa nok det han lærte meg, og det han gjorde av innsamling og nedskriving. Det står stor respekt av den innsatsen han la ned.

 

MÅ UT

Leif Rygg har alltid søkt ut til andre spelemenn, for å læra nye miljø å kjenna. Ein periode budde han i Ål i Hallingdal, og fekk nye impulsar frå både Hallingdal, Valdres og Telemark. Det meiner han er særs viktig at dagens unge spelemenn også gjer.

– Ein må koma seg ut. Skal du bli god, må du ut, læra og høyra på andre.

– Men du har også blanda sjangrane, det gjorde du tidleg?

– Eg er open for det, tykkjer det er interessant. Fyrste gongen var vel på 70-talet, på VossaJazz, då eg spelte saman med Einar Mjølsnes og Knut Hamre, fortel Leif.

Seinare har han spelt med kinesiske folkemusikarar, både i Kina, då Statoil opna kontoret sitt i Beijing, og han har spelt med kinesiske musikarar som endåtil har slått seg til på Vestlandet. Men det er ikkje berre i Noreg Leif har reist med hardingfela.

– Det har blitt ein del farting, både i inn- og utland. Fyrste utanlandsturen var då eg var 18 år, eg skulle spela på ein norsk kveld for norske studentar i Bonn i Tyskland. Eg reiste med tog til Köln. Det var ein lang tur, eg hadde ikkje eingong vore i Oslo, smiler Leif.

Seinare har det blitt turar til Canada, Frankrike, USA, Tyskland, Portugal, Tsjekkoslovakia, Polen, Dei baltiske statane, Sveits, Kina, England, Island og Orknøyane. Fyrste tur til USA var i 1976, med mellom andre Sigbjørn Bernhoft Osa. Anund Roheim planla turen i USA, med ei gruppe på sju personar, feler, trekkspel, piano og dansepar. Då reiste dei gjennom ti statar på seks veker, spelte konsert fyrst, så til dans etterpå.

– Ei lærerik reise med ein driven artist som Sigbjørn, seier Leif.

Det har vorte fleire reiser til USA, særleg til Hardanger Fiddle Association.

– Eg skal bort dit att neste år, dei har ei årleg samling med norske spelemenn og dansarar, der me lærer bort både spel og dans.

«Ein må koma seg ut. Skal du bli god, må du ut, læra og høyra på andre»

«Misser me den solistiske tradisjonen, misser me det personlege og særeigne i slåttemusikken»

UTVIKLING OG VARIASJON

Leif Rygg omtalar seg som ein solistisk og tradisjonell spelemann, og har mellom anna vunne Landskappleiken fem gonger. Solospelet er viktig for han.

– Dette har endra seg mykje dei seinare åra. No er det mykje gruppering. Det er ein flott ting, men altså, slåttemusikken og hardingfelespelet er bygd opp kring det solistiske av utruleg dyktige musikarar gjennom hundreåra. Og misser me den solistiske tradisjonen, misser me det personlege og særeigne i slåttemusikken, er mi meining.

– Korleis?

– I ei gruppering risikerer ein å låsa seg fast og bli for bunden til andre medspelarar. Om du tenkjer etter, så er det ikkje så mykje musikk som er så variert som slåttemusikken. Jazz, kanskje. Medan klassisk musikk er meir låst i notesystemet sitt. Det er mykje samspel i spelemannslag, og det er ein viktig organisasjon og ein sosial plass. Men det er også fare for at ein ikkje utviklar seg nok. Den individuelle læremåten er best. Det er vanskelegare å seia ifrå i ei gruppe, eg trur nok dei gamle spelemennene var flinkare til å gjera det. Det må ikkje bli for snilt heller, seier spelemannen.

Leif har elevar framleis, og har samarbeidd med både kulturskule og folkehøgskule, og ikkje minst med kurs rundt i landet. I 1970–80-åra, før kulturskulen på Voss hadde hardingfeleopplæring, dreiv spelemannslaget opplæring av born og ungdomar, dei er dei mest aktive spelemennene her i dag.

Og så ikkje minst, Ole Bull Akademiet på Voss.

– Eg fekk vera med i oppstarten der, og kom seinare inn i styret som representant for Landslaget for Spelemenn. Det var givande arbeid, både administrativt og musikalsk. Eg beundrar føregangsmennene som starta opp akademiet, grunnleggaren Sigbjørn Bernhoft Osa, Jostein Meland og Arnfinn Kyte. Dei stod i brodden med ein entusiasme som var fantastisk. Frå 1996 fekk eg ein del ansvar for «Spelemannsskulen», som i opplegget byggjer ein del på den gamle læremåten, frå meister til læresvein. Eg håpar Ole Bull Akademiet fortset i same lei.

«I ei gruppering risikerer ein å låsa seg fast og bli for bunden til andre medspelarar»

«Fela må stemmast og trimmast, er ho ikkje i orden, får eg ikkje sova»

INTRUMENTET

Ole Bull Akademiet startar truleg snart opp Noreg si einaste felemakarutdanning; dei som kan faget, tek til å bli få og etter kvart gamle. Skal handverkstradisjonen haldast i live, må nye felemakarar få tid til å gå i lære hjå dagens meistrar.

Leif si fyrste fele kjøpte han som 12-åring for 75 kroner. Nokre år seinare, i 1955, kjøpte han si neste for 500 kroner. Mykje pengar den gongen.

– Å skaffa seg gode instrument er ein del av spelemannslivet. Hardingfele er eit vanskeleg instrument, det er eit klanginstrument, og det er eit stadig tilbakevendande problem å få tak i den gode tonen. Eg har vore heldig, eg har kjøpt nokre og fått nokre. No har eg sikkert for mange.

– Er det slik at instrumentet no blir viktigare enn det å spela godt?

– Kanskje er ein til tider så opphengd i det at instrumentet blir hovudpoenget. Så er det justeringa, det er lett å få pinnesykja. Veit du kva pinnesykja er? Sjå her, seier Leif og syner fram lydpinnen i eine hardingfela si. Denne kan altså justerast. Og byrjar ein med det, kan ein bli drivande med det ei tid. Men tonen i instrumentet må tilpassast spelemannen og spelestilen, det er individuelt. Her er samarbeid mellom instrumentmakar og musikar viktig!

– Denne fela er laga av Anders Åsen, han levde til 1986 og var ein svært dyktig felemakar. Han meinte at var fela fyrst sett opp, skulle ho stå slik. Så sa han: «Ta med i kveldsbøna di at Vårherre bevarer deg frå pinnesykja»! Ja, det er ikkje berre beint fram med desse felene!

– Øver du kvar dag?

– Eg spelar mest kvar dag. Det er viktig å halda fingrar og boge i gang, særleg no når ein vert eldre. Dessutan, fela må stemmast og trimmast, er ho ikkje i orden, får eg ikkje sova.

ELDFULLT TEMPERAMENT

Fem gonger har Leif Rygg vunne Landskappleiken. Han er av og til med enno, sjølv om konkurransen er mindre viktig i miljøet enn før, som han seier. Kappleikane er viktige treffpunkt, men ein liten del av eit spelemannsliv.

– Me må syna ungdommen korleis det skal gjerast, veit du, ler han.

– Men det er mindre kiving no, før var det litt tøffare på kappleikane, og mykje kritikk, til dommarane. Eg har lese eit innlegg Magnus Dagestad skreiv til Hordaland (avisa som kjem ut på Voss, red. mrk.) etter Landskappleiken på Voss i 1947, der han hadde fått kritikk som dommar. Mellom anna skreiv han: «Det er ikkje heilt ufarleg å uttala seg om spelemenn. Dei har ofte eldfullt temperament. Og så fuktar dei det òg. Av og til var eg ille ute.»

Når Leif ein gong legg ned hardingfela, er arven for lengst ført vidare, fyrst til sonen Steinar. Barneborna fylgjer forhåpentlegvis etter.

– Det er ein stor inspirasjon at Steinar spelar, seier Leif Rygg, og byr på smultringar og meir kaffi.

– Spelet var no so som so, men smultringane var gode, spøker fotografen.

– Kom dekan ut, svarar spelemannen.

Men på trappa held han oss att litt.

– Nei, vent litt, eg må få seia at det er ille at ein så liten del av Noregs befolkning kjenner til den musikalske rikdomen me finn i dei fleire tusen slåttar! To av dei største musikarane våre, Ole Bull og Edvard Grieg, sette denne musikken i høgsetet!

«Det er mindre kiving no, før var det litt tøffare på kappleikane»