-
Til lukke med nasjonaldagen!
torsdag 17.05 - 08:49 -
Snart klart for Folkemusikkveka i Ål
onsdag 16.05 - 12:03 -
Bjarne Øverbø er med
onsdag 16.05 - 10:20 -
Påmeldingsfristen til Landskappleiken er utsett til 20.mai!
mandag 14.05 - 15:08 -
Festkonsert for Sven Nyhus
torsdag 3.05 - 10:30
Eventyrensemblet
Hopp Helling er eit program tiltenkt born frå 5 år og familiar.
Medlemene i ensemblet er: Unni Boksasp song og dans, Torgeir Leivdal fele, Martin Myhr dans, Jørn Simenstad bukkehorn, lur og ulike fløyter.
Framsyninga tek utgangspunkt i folkemusikk og folkeeventyr frå Nord-Møre, og eventyrforma ho presenterast i gjer henne veleigna for heile landet. Ho let seg lett tilpasse alle arenaer, både inne og ute, og høver derfor i ulike samanhenger. Lengda gjer at ho egner seg også godt som skulekonsert. Medlemene i gruppa kan også delta ved ulike konsertar, både i samspel og soloinnslag. Dei kan også gje kurs for born og vaksne i folkesong, seljefløytespel, hallingdans, og andre folkedansar med eigen spelemann.
Ensemblet har delteke med dette programmet på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og på Jørn Hilme-stemnet, Fagernes. Medlemene driv utstrekt kurs- og konsertverksemd som soloutøvarar samt som medlemer i andre ensembler.