Hjem > INTRO-folk > Siste nytt > Artikkel

Få med deg INTRO-folk i sommar!

Foto: Tone Jorunn Tveito

Foto: Tone Jorunn Tveito

I sommar vert den tredje runden med INTRO-folk arrangert. Denne gongen er det seks unge folkemusikkartistar som skal kjempe om å bli årets unge folkemusikar. Dei seks utvalde artistane er Eplemøya Songlag, Marie Forr Klåpbakken, Filibuster, Kim André Rysstad, Nordafjells og Einar Olav Larsen Trio.

På bakgrunn av innsende søknader har ein fagjury valt ut seks artistar som skal delta i konkurransen i år. Dei seks artistane konkurrerar to mot to på tre ulike festivalar, og på kvar festival vert det valt ut ein artist som går til finalen der vinnaren vert kåra.

I sommar kan du få med deg artistane i INTRO–folk på følgjande festivalar; Førdefestivalen, Jørn Hilme-stemnet på Fagernes og Kalottspel i Målselv. Finalen går av stabelen på Nordsjøfestivalen i Farsund laurdag 29. august.

 

 

1. Semifinale  | Førdefestivalen - laurdag 4. juli kl.12.00

 
Foto

Eplemøya Songlag


Liv Ulvik – vokal

Wenche Losnegård – vokal
Anja Eline skybakmoen – vokal


Vokaltrioen utforskar det musikalske landskapet  mellom jazzvokal og kveding. dei byggjer sitt repertoar på eigne komposisjonar, og tradisjonelt materiale som dei arrangerer på sitt eige vis. songarane har trøkk og energi, og blandar humor, improvisasjon og forteljarkunst i sitt musikalske uttrykk. Sjå fram til ein stemningsfull og underfundig konsert!


LYD:
www.myspace.com/eplemyasonglag

Marie Forr Klåpbakken


fele og vokal


Ein aktiv og allsidig felespelar frå Vinstra i Gudbrandsdalen med mange ulike prosjekt i elden, mellom anna folkrock-bandet ”Bergtatt”. På INTRO-folk står ho derimot på scenen som soloutøvar, med eit repertoar som spenner frå tradisjonelle melodiar til klassisk bluegrassinspirert musikk – frå det energiske til det sarte. Gjer deg klar for ei variert og vital musikalsk oppleving!


LYD:
www.myspace.com/marieklaapbakken 
 Foto | Hans Martin Austestad   Foto | Anne M. Steine
   






Tema på den 20. Førdefestivalen er World Voices – og på plakaten står fleire av dei fremste vokalensembla innan verdsmusikken. World Voices markerer også at Førdefestivalen i 20 år har vore møtestad for musikk og kulturar frå heile verda.

Artistar: A Filetta (Frankrike), Det norske solistkor (N), Faiz Ali Faiz (Pakistan) og Craig Adams (USA), Eva Quartet (Bulgaria), Dansekompaniet FRIKAR (N), Inga Juuso (N) m. fl.


www.fordefestivalen.no

 

 

 

 

  2. Semifinale | Jørn Hilme-Stemnet - laurdag 25. juli kl.18.00

 

Filibuster

Erlend Viken – fele
Mona Hansen – fløyte
Olav Christer Rossebø – fele, gitar og mandola Mari Skeie Ljones – fele  

Musikarane i Filibuster kjem frå ulike stader i Noreg, og tradisjonsmusikken frå dei ulike områda er både utgangspunkt og inspirasjon for gruppa sine arrangement og komposisjonar. Saman med den norske tradisjonen har musikken klare innslag frå keltisk, svensk og amerikansk tradisjonsmusikk. Med filibuster får du samspel med glød og energi!

 LYD: www.myspace.com/filibustermusic


Kim André Rysstad

vokal

Ung kvedar frå Rysstad i Setesdal som på kort tid har etablert seg som ein høgt respektert utøvar med sitt eige personlege uttrykk. med læremeistarar som Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Ånon Egeland har han fått eit solid grunnlag innanfor den vokale folkemusikktradisjonen frå både Agder og Telemark. Debutalbumet Tak hardt uti hand har fått rosande omtale nasjonalt og internasjonalt, og vart kåra til ”årets soloalbum” på Folkelarm i 2008. Eit stort talent med ei unik stemme!

LYD: www.myspace.com/karysstad
 

 Foto | Ingvil Skeie Ljones   Foto | Arne Anderdal
   
 
  

Jørn Hilme-Stemnet


Festivalen på Fagernes har namnet sitt etter storspelemannen Jørn Hilme frå Ulnes, og har blitt arrangert sidan 1960. Jørn Hilme-stemnet har eit mangfaldig program, og inneheld både konsertar, kappleik, kurs, utstillingar, fjellturar og eit breitt dansetilbod. Nokon av høgdepunkta i sommar er: Tingingsverket Tonar til hjarta av Kvarts, årets festivalartist; Martin Myhr, Valkyrien Allstars, Knut Hamre, The Snuff Grinders med FRIKAR, Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen, Sven Nyhus kvartett, m. fl.


www.hilme.no
www.strunkeveko.no

 


 
  3. Semifinale  |  Kalottspel  - torsdag 6. august kl.19.00
   
 

Nordafjells  

Andreas Bjørkås – fele og hardingfele
Even Røhjell – trekkspel
Øyvind Sandum – torader og trekkspel
Knut Sneve – kontrabass
Gaute Iversen – gitar  

Gamaldansgruppa Nordafjells har eksistert i ti år, og har allereie markert seg med plateutgjeving, sigarar på landskappleiken og landsfestivalen, samt fleire prisar. Gruppa har sitt fundament i den lokale tradisjonsmusikken, men utfordrar også denne ved å la seg inspirere av pop, rock og klassisk musikk. Med Nordafjells får du drivande god dansemusikk!

 

LYD: www.myspace.com/nordafjells

Einar Olav Larsen Trio

Einar Olav Larsen – fele
Daniel Trustrup Røssing – piano
Audun Larsen – kontrabass


Trioen har base i Verdal, og har latt seg inspirere av lokale legender som Hilmar Alexandersen og Sturla Hallås. Med utgangspunkt i denne tradisjonen har dei skapt sitt eige musikalske uttrykk i skjeringspunktet mellom folkemusikk og ragtime. Trioen byr på dynamisk og tett samspel, elegant felespill, drivande bassgangar, og variert og originalt pianoakkompagnement.

LYD: www.myspace.com/einarolavlarsen
 
 Foto | Tone Jorunn Tveito   Foto | Janne Svit

 

 

 

Årets Kalottspel inneheld konsertar, framsyningar, kurs, utstilling, seminar, dans på lokalet og mykje meir. Festivalen går føre seg i Målselv, og byr mellom anna på den eigenproduserte danseframsyninga Kan du sjå det på meg?, kyrkjekonsert med Sondre Bratland, Annbjørg Lien, Tore Bruvoll og Knut Reiersrud, og dobbelkonsert med Gjermund Larsen trio og Ragnhild Furebotten trio.

www.kalottspel.no


 

 

 
  FINALE 2009 |  Nordsjøfestivalen - laurdag 29. august kl. 18.00
 
 


Nordsjøfestivalen

Nordsjøfestivalen i Farsund har fokus på tradisjonsmusikken i landa rundt Nordsjøen, og er ein møteplass for musikarar som formidlar og utviklar tradisjonsmusikken frå sine område. Slik blir festivalen ein smeltedigel der ulike uttrykk møtast. Festivalen byr på mange konsertar i ulike miljø og stemningar, dans og kurs, samt eit sosialt klima med stor takhøgd.

Nokre artistar på festivalen i år er: Ranarim, Jackie Oates, Tsuumi Sound System, Unni Boksasp Ensemble, Kim Andre Rysstad, Basco Band, Trio vid Lampan, Maeve Mackinnon, Steinar Ofsdal, Unni Løvlid, Fosbrooks, 5 men in a boat m. fl.

Velkomen til Farsund 27. – 30. august – where people meet folk!

www.nordsjofestivalen.no

 


| Tips en venn | Skriv ut |