SEMIFINALE I

FØRDEFESTIVALEN

Tema på den 20. Førdefestivalen er World Voices – og på plakaten står fleire av dei fremste vokalensembla innan verdsmusikken. World Voices markerer også at Førdefestivalen i 20 år har vore møtestad for musikk og kulturar frå heile verda.

Artistar: A Filetta (Frankrike), Det norske solistkor (N), Faiz Ali Faiz (Pakistan) og Craig Adams (USA), Eva Quartet (Bulgaria), Dansekompaniet FRIKAR (N), Inga Juuso (N) m. fl.

SEMIFINALE II

JØRN HILME-STEMNET

Festivalen på Fagernes har namnet sitt etter storspelemannen Jørn Hilme frå Ulnes, og har blitt arrangert sidan 1960. Jørn Hilme-stemnet har eit mangfaldig program, og inneheld både konsertar, kappleik, kurs, utstillingar, fjellturar og eit breitt dansetilbod.

Nokon av høgdepunkta i sommar er: Tingingsverket Tonar til hjarta av Kvarts, årets festivalartist; Martin Myhr, Valkyrien Allstars, Knut Hamre, The Snuff Grinders med FRIKAR, Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen, Sven Nyhus kvartett, m. fl.

SEMIFINALE III

KALOTTSPEL

Årets Kalottspel inneheld konsertar, framsyningar, kurs, utstilling, seminar, dans på lokalet og mykje meir. Festivalen går føre seg i Målselv, og byr mellom anna på den eigenproduserte danseframsyninga "Kan du sjå det på meg?", kyrkjekonsert med Sondre Bratland, Annbjørg Lien, Tore Bruvoll og Knut Reiersrud, og dobbelkonsert med Gjermund Larsen trio og Ragnhild Furebotten trio.

FINALE INTRO-folk 2009

NORDSJØFESTIVALEN

Nordsjøfestivalen i Farsund har fokus på tradisjonsmusikken i landa rundt Nordsjøen, og er ein møteplass for musikarar som formidlar og utviklar tradisjonsmusikken frå sine område. Slik blir festivalen ein smeltedigel der ulike uttrykk møtast. Festivalen byr på mange konsertar i ulike miljø og stemningar, dans og kurs, samt eit sosialt klima med stor takhøgd.

Nokre artistar på festivalen i år er: Ranarim, Jackie Oates, Tsuumi Sound System, Unni Boksasp Ensemble, Kim Andre Rysstad, Basco Band, Trio vid Lampan, Maeve Mackinnon, Steinar Ofsdal, Unni Løvlid, Fosbrooks, 5 men in a boat m. fl.

Nordsjøfestivalen – where people meet folk!