-
Marit og Thomas Westling - feleduo fra Hamar
fredag 12.03 - 08:54 -
Trivialiteter
torsdag 11.03 - 19:09 -
Første runde med raske midler
torsdag 11.03 - 18:52 -
Kontrollert
torsdag 11.03 - 09:27 -
Nytt styre i Norsk Kvedarforum
onsdag 10.03 - 11:51

Den Norske Folkemusikkveka
Den norske folkemusikkveka på Ål var eigentleg ein "annleis" bygdekappleik som vart arrangert for fyrste gong i 1976. Festivalen går føre seg i midten av mai på Ål kvart år, og har både konsertar, kurs og dans. www.folkemusikkveka.no

Førdefestivalen
Førdefestivalen er landets største internasjonale folkemusikkfestival og vert arrangert kvart år i første halvdel av juli. Festivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. www.fordefestivalen.no

Haukeliseterfestivalen
Midt i juni samlast nordiske folkemusikkartistar og publikum til denne vesle, unike og intime folkemusikkfestivalen på Haukeliseter Fjellstove, 1000 m.o.h. , tett opp til Hardangervidda nasjonalpark. www.haukeliseterfestivalen.no

Hilmar Alexandersen Folkemusikkfestival
Hilmarfestivalen vert arrangert i Steinkjer i Nord-Trøndelag i november kvart år, med konsertar, kurs og andre aktivitetar. Barn og unge er høgt prioritert. Hilmarprisen blir delt ut. www.hilmarfestivalen.no

Jørn Hilme-stemnet
Jørn Hilme-stemnet i slutten av juli er omtalt som ein tradisjonell og innovativt med eit mangfaldig program. Festivalen inneheld både konsertar, kappleik, kurs, utstillingar, fjellturar og eit breitt dansetilbod. www.hilme.no

Kalottspel
Kalottspel er en folkemusikk- og folkedansfestival med fokus på nordkalotten, som arrangeres i Målselv i begynnelsen av august kvart år. Festivalen byr på konserter, kurs, seminarer og dansetilstelninger. www.kalottspel.no

Nordsjøfestivalen
En internasjonal folkemusikkfestival med fokus på landene rundt Nordsjøen. Festivalen er en møteplass for musikere som formidler og videreutvikler tradisjonsmusikken, og blir arrangert i august kvart år. www.nordsjofestivalen.no

Osafestivalen
Osafestivalen på Voss blir arrangert i oktober, og er ein møtestad mellom folkemusikk og klassisk musikk, med spesiell vekt på tidlegmusikk. Konsertar, seminar og kurs er del av programtilbodet. www.osafestivalen.no

Oslo World Music Festival
Festivalen går føre seg i Oslo i november. Oslo World Music Festival presenterer musikk fra storbyer verden over der hybrider og subkulturelle utrykk oppstår. www.rikskonsertene.no/no/Oslo-World-Music-Festival

Telemarkfestivalen
Telemarkfestivalen i Bø blir arrangert i juli og er ein intim festival med mange høve til å møte internasjonale og norske folkemusikkartistar. Konsertar, utstillingar, kurs, dans og buskspel. www.telemarkfestivalen.no


