Folkemusikk presenterer nokre av dei norske folkemusikkfestivalane i sommar. Fyrst ut er Folkemusikkveka i Ål, som går føre seg frå 21. til 29. mai.

Kristi Himmelfartsdag 1976 gjekk startskotet for Folkemusikkdagane i Ål, det som seinare skulle bli Folkemusikkveka. Festivalsjef Ulf-Arne Johannessen kan altså feire 40-årsjubileum for festivalen i år.

Johannessen fortel at dei ikkje gjer så veldig mykje ut av 40-årsjubileet, men at dei naturlegvis skal markere det. Den mest konkrete markeringa av jubileet er at kulturminister Linda Hofstad Helleland kjem og held tale under kyrkjekonserten i Ål kyrkje 26. mai.

Det blir omlag 40 konsertar i Ål i år. På plakaten står lokale artistar som Toradertrioen og Margit Myhr, nasjonale namn som Berit Opheim og Odde/Sulheim/Brimi og noko meir langreiste namn som FullSet, Steve’n’Seagulls og Snakka San & Sver (klikk deg inn på folkemusikkveka.no for heile festivalprogrammet).

Og alle dei faste postane på festivalen er med i festivalåret. Bygdamønstringa, som er nokre år eldre enn sjølve Folkemusikkveka, kallar grunnleggjar Hallgrim Berg «ein rekrutteringsarena og moroscene med særleg laus snipp». Elles blir det som vanleg kyrkjekonsert, Fanitulltevling og familiedag på Ål bygdamuseum.

– Kva er spesielt for festivalen i år, festivalsjef Ulf-Arne Johannessen?

– Det spesielle i år er kanskje at me legg enda meir opp til meir typisk «festival», med festivalpass og dagspass og fleire artistar etter kvarandre på same scene.

– Kva er det mest unike med Folkemusikkveka, i floraen av norske folkemusikkfestivalar?

– Sidan Folkemusikkveka er den fyrste i ei rekke festivalar, er ho ein slags vårslepp for festivalsommaren. Festivalen vår er veldig kompakt – alle arrangement skjer innanfor ein radius på 500 meter. Det bidreg til at ein verkeleg får ei integrert festivalstemning her – Folkemusikkveka er ikkje berre ein rad konsertar.

– Kven er den typiske Folkemusikkveke-publikummaren? Kor kjem han frå?

Eg trur ikkje det er éin type publikummar – hit kjem folk frå alle samfunnslag, yrke og aldrar.

Folkemusikkveka byrjar allereie laurdag 21. mai klokka 18 med ynskekonsert i Sundrehallen, ein gammal tradisjon som får nytt liv i år. Folk i lokalmiljøet har valt ut kva for lokale heltar me får sjå på scena – kven det er, får ein først vite når det byrjar. Alle inntektene frå billettsalet går Ål musikkorps.

Måndag kveld klokka 19.30 startar veka for alvor, med platesleppet til ekteparet Ingunn Stræte Lie og Jo Asgeir Lie på Aal Pensjonat. Så går det slag i slag fram til laurdagen, med bygdamønstring og fanitulltevling på Ål kulturhus klokka 15. Torsdag til laurdag er dei store festdagane, då blir det arrangement frå føremiddagen i Ål sentrum og avslutning med levande musikk og folkemusikk-DJ-ar på Thon Hotell til klokka 02 om natta.

Frå fanitulltevlinga i Ål sentrum.
Folkemusikkveka
  • Festival i Ål i Hallingdal, fyrste gong arrangert i 1976
  • Varar frå 21. til 29. mai 2016
  • Heimeside: www.folkemusikkveka.no