Prosjekt > Folkelarm > Artikkel

Folkelarm

folkelarm_logo_liten_2009

Folkelarm er eit internasjonal bransjetreff som ved sidan av Norsk folkemusikkformidling er den aktøren som aktivt arbeider mot ein internasjonale bransje. Saman har vi eit breitt nedslagsfelt og samarbeider tett om eksport av norsk folkemusikk og verdensmusikk.

Folkelarm vart arrangert for fyrste gong i Oslo i 2005. No har arrangementet vorte ei årleg hending, og i 2009 vert den 5. i rekkja avvikla i perioden torsdag 17. til søndag 20. september.

Hovudføremålet til Folkelarm er å marknadsføre folkemusikkartistar for norske og internasjonal folke- og worldmusikkbransje. I tillegg har dette utvila seg til å verte eit ope arrangement– en festival og en publikumssuksess. I 2008 presenterte Folkelarm showcasekonsertar med 36 grupper og solistar frå Norge, Sverige, Finland og Danmark.

Folkelarm presenterer det beste innanfor eit vidt definert folkemusikkfelt i Noreg i dag, og skal i også vere ein arena for folkemusikkutøvarar med samisk og ikkje-norsk bakgrunn. Dette er møteplass for norsk og internasjonal musikkbransje og består i tillegg til konsertar av føredrag, seminar og debatter. Folkelarm samarbeider med UD og inviterte i 2008 rundt 50 internasjonale bransjedelegater. I sepmtember 2009 vil enno fleire bli invitert.

Showcase, konsertar, workshops og andre arrangement er opne for publikum.

Norwegian Folk Music Awards. Under Folkelarm blir Norwegian Folk Music Awards delt ut. Dette er folkemusikkens og verdensmusikkens eigen platepris,og hadde i 2008 ca. 60 påmeldte plater. Plateprisen er åpen for alle former for tradisjonsmusikk utøva av musikarar med norsk eller ikke-norsk bakgrunn, busett i Noreg. I 2008 vart prisen delt ut innanfor kategoriane: Soloklassen, dokumentasjonsklassen, open klasse, nyskapande, gammaldans, årets nykommar og årets folkemusikkartist.

Meir informasjon om folklarm fin du her

Folkelarm og Norsk folkemusikkformidling - felles platform for formidling
Gjennom dei siste ti åra har vi sett ei eksplosiv auke i talet på profesjonelle artistar med utspring i folkemusikksjangeren. Denne utviklinga heng mellom anna saman med den sterke utbygginga av høgskuletilbodet for folkemusikarar på 90-tallet, noko som har ført folkemusikarar og folkemusikken inn i mange nye formidlingssamanhengar, nye typar musikalske samarbeid, og framføringsmåtar. I tillegg har det vore ei auka interesse for folkemusikk i samfunnet generelt både nasjonalt og internasjonalt.




Profesjonaliseringa av folkemusikk stiller sjangeren overfor ei stor og ny utfordring. Folkemusikken har i mindre grad enn andre sjangrar etablerte strukturer som sikrar oppdrag for profesjonelle artistar. Det er difor naudsynt for folkemusikkorganisasjonane å finne frem til gode verkemiddel for at sjangeren skal få etablert desse strukturane.

Dei profesjonelle musikarane møter ein anna arbeidsmarknad og eit anna musikkmiljø i dag enn tidlegare. Folkemusikkmiljøet har hatt utspring i lokalsamfunn der dugnadstanken har råda, og ein har vore avhengig av aktive ildsjeler. I dag har fleire og fleire folkemusikarar ei formell utdanning, som gjev status blant andre musikksjangrar og i andre yrkesgrupper. Folkemusikarar møter eit nytt musikkinteressert publikum på festivalar og konserthus som lyttar på andre måtar enn i ”det interne folkemusikkmiljøet”. I dag ligg dessutan eit sterkare økonomisk fundament i botn for aktiviteten. Dei siste tiåra har folkemusikarar i mykje større grad enn tidligare bevega seg ut på nye arenaer der dei opptrer, ikkje bare i konkurranse med kvarandre, men også med musikarar frå andre sjangrar og utøvarar i andre kunstformer. Folkemusikken, og uttrykksformer med folkemusikk som inspirasjonskjelde, begynner å bety noko for fleire, treffe fleire, få fleire uttrykksformer, og har vorte ein del av dei allmenne spelelistene hos ”folk flest”. Dette er ikkje et norsk fenomen, men noko som kjenneteikner den globale utviklinga generelt.

Ein av dei største manglane på dette feltet i Noreg er ein god kanal for direkte kontakt mellom artistar og arrangørar. Vi tenkjer då arrangørar i vid forstand, slik som festivalar, eventbyrå, hotell, reiselivsnæring, agentur, konsertarrangørar, plateselskap – i Norge og internasjonalt.

For å møte denne utfordringa på ein betre måte jobbar fleire aktørar på folkemusikkfeltet no saman med mål om å styrkje kontakten mellom artistar og arrangørar. Norsk folkemusikkformidling jobbar aktivt for å styrkje  og vedlikehalde nettverket av relevante kontaktar internasjonalt, og er på den måten med på å auke norske utøvarar sine sjansar til å få opptre ute. Det same gjeld Folkelarm som inviterar musikkbransjefolk frå heile verda for å oppleve kremen av folkemusikk og verdsmusikk i Noreg. I tillegg har Førdefestivalen har lenge vore opptekne av å få internasjonal presse og musikkbransje til Førde, og bidrar slik til å knytte artistar og arrangørar tettare saman.  

 


| Tips en venn | Skriv ut |