Folkelarmprisane for 2015 blei delt ut på Riksscenen fredag kveld.

Det var seksten nominerte i dei fire kategoriane solo, tradisjonelt samspel, open klasse og dokumentasjon. I tillegg skulle prisen for årets folkemusikar delast ut, og der var det heilt ope kven som ville vinne.

Ei djupt rørt Susanne Lundeng mottok dokumentasjonsprisen for den kvadruple CD-boksen «111 Nordlandsslåtter» som blei sleppt i mai. Etter å ha felt nokre tårar og fått reinska stemmen, sa ho:

– For to år sidan merkte eg at eg hadde byrja å gløyme slåttane eg vaks opp med. Eg hadde problem med å tyde nedteikningane mine. Då bestemte eg meg for at eg måtte heidre dette materialet gjennom å få spelt det inn og gitt det ut. Nord-Noreg blir gjerne sett på som litt på sida, noko «der oppe». Det er viktig å få sett den nordnorske slåttemusikken, tradisjonen eg står i, på kartet.

Lundeng starta eige plateselskap, Havella, for å gi ut «111 Nordlandsslåtter», etter at ho ikkje fann nokon andre som ville gi ut materialet. I talen sin takka ho mellom anna musikar Susanna Wallumrød, som gav henne hjelp til å starte plateselskap og ordne distribusjon gjennom Musikkoperatørene.

Den gjeve prisen for årets folkemusikar gjekk i år til ein folkedansar, Silje Onstad Hålien. Ho var måpande overraska over tildelinga idet ho gjekk på scena for å halde takketalen, berre ein time etter at ho hadde gått av den same scena.

Hålien stod nemleg òg på Folkelarm-programmet i år med soloframsyninga «101 hattar å sparke før eg døyr», ein produksjon som hadde premiere på same scene i oktober i fjor. Hålien gav uttrykk for at kan ta på kreftene å danse aleine på ei scene i ein snau time.

– Berre for ein time sidan stod eg bak her og tenkte: Korfor utset eg meg for det her? No veit eg korfor: eg får drive med det eg likar best. Det er ikkje et val, men ein nødvendigheit og ein livsstil, sa Onstad Hålien i sin takketale. Ho la til at ein soloproduksjon slett ikkje er verket til ein einskild person, og takka alle som har bidradd på produksjonen «101 hattar», som framleis blir vist både i Noreg og i utlandet.

Soloprisen gjekk til Per Anders Buen Garnås for plata «Greinir», der han speler eigenkomponerte hardingfeleslåttar. Niels Jørgen Røine i plateselskapet Ta:lik mottok prisen på vegner av Buen Garnås, som var på elgjakt denne helga. I tradisjonelt samspel gjekk prisen til Tom Willy Rustad, Ole Nilssen og Leif Ingvar Ranøien for den sommarferske plata «Slåttespel på toradar». Dei var alle til stades og mottok prisen saman. Og i open klasse gjekk Nils Økland Band av med sigeren for plata «Kjølvatn», motteke av bandmedlem Håkon Mørch Stene.

Ei rørt Susanne Lundeng vann dokumentasjonsklassa for «111 Nordlandsslåtter».
Dansar Silje Onstad Hålien blei årets folkemusikar under Folkelarmprisen på hovudscena på Riksscene, like etter at ho stod på same scene med soloframsyninga «101 hattar å sparke før eg døyr».

Les meir:

Håliens hattar – om Silje Onstad Håliens framsyning «101 hattar å sparke før eg døyr»

Susanne Lundeng: 111 Nordlandsslåtter – melding av vinnar, dokumentasjon

Rustad/Nilssen/Ranøien: Slåttespel på toradar – melding av vinnar, tradisjonelt samspel

Per Anders Buen Garnås: Greinir – melding av vinnar, solo

Nils Økland Band: Kjølvatn – melding av vinnar, open klasse

Folkorg.no – juryen si grunngiving av prisane