Hjem > Heim > Artikkel

Debatt

Folkelarmprisen - uviktig?

Kjell Bitustøyl Foto: Marit Svalastog

Kjell Bitustøyl Foto: Marit Svalastog

Kjell Bitustøyl svarar her på debattinnlegg av Arne Sigurd Haugen om årets utdeling av Folkelarmprisane.
Folkelarmprisen - uviktig?

Arne Sigurd Haugen karakteriserer årets Folkelarmprisutdeling som nærast ein musikalsk lapskaus. Kvifor? Handlar ikkje dette om dei beste platene innfor samlekategoriar som det nødvendigvis må bli innafor ein smal sjanger i eit lite land med få CD-utgjevingar? Haugen brukar òg ord som politiske teater om juryen som stod for kåringa av vinnarane. Kvifor er det meir politisk teater når to samiske utøvarar og to utøvarar med afrikansk bakgrunn får prisar enn om prisane for eksempel hadde gått til toraderspelemenn og felespelarar frå Hallingdal?
Viss eg har forstått Folkelarmpris-konseptet rett, så handlar Folkelarmprisen om folkemusikk i Noreg til forskjell frå norsk folkemusikk som det heiter i andre samanhengar. Eg vil hevde at Folkelarmprisen slik sett langt på veg fungerer etter intensjonane. Og eg vil gje ros både til LfS og juryen i årets Folkelarmpris for nettopp å ta på alvor at Noreg har blitt eit fleirkulturelt land. Som tidlegare juryleiar (dei tre fyrste åra) kan eg slå fast at eit uttalt mål frå dag ein med Folkelarmprisen, var å prøve å inkludere det som blir gjeve ut av folkemusikk i Noreg, inkludert musikk av såkalla ikkje-etniske nordmenn, musikk av minoritetar og samisk musikk. Eg var sjølv med på debatten omkring korleis ein til dømes skulle klassifisere den samiske musikken. Etter å ha konferert med samiske musikarar, fekk eg ei klar forståing for at dei ville at samisk musikk skulle vurderast på linje med annan norsk folkemusikk, altså at ei samisk soloplate, som t.d. ei rein joikeplate, skulle plasserast i klasse saman med solo hardingfele. Dette har sjølvsagt vore ei utfordring, men likevel ikkje uoverkommeleg dersom ein har ein breitt samansett jury med kompetanse på ulike felt.
Å rangere kunst eller musikk er i utgangspunktet ei vanskeleg oppgåve, lettare blir det ikkje når ulike uttrykk skal rangerast i same klasse. Likevel blir dette gjort heile tida, enten det gjeld musikkonkurransar på fjernsyn , Rikskonsertane sitt INTROfolk (der samisk musikk er med) eller open klasse på Landskappleiken.
Når ulike uttrykk skal dømmast, må ein freiste å dømme etter det kunstnariske uttrykket, det som går utanpå alt det andre. Ettersom dommarar på ein landskappleik heller ikkje kjenner til alle tradisjonar, er dette eit sterkt gjeldande prinsipp også her. Ein naturleg konsekvens av dette er at ein på Folkelarm har skiftande juryar frå år til år, same system som ein nyttar i samband med landskappleikane eller Spellemannprisen.
Dei ”norske” folkemusikarane får rikeleg høve til å konkurrere på Landskappleiken og Landsfestivalen eller på meir regionale eller lokale arenaer. Også samiske folkemusikarar får høve til å konkurrere på eigne tilrettelagte arenaer, slike som Sámi Grand Prix. Verre er med det dei som fell utanfor desse konkurransane, slike som t.d. ein innvandrarar frå Afrika eller Asia. Folkelarm har i tråd med utviklinga av Riksscenen, teke høgde for å vera inkluderande i høve til andre folkemusikkuttrykk i Noreg. Når ein har arbeidd for å få til dette, må ein også godta, utan å måtta ty til det litt nedsetjande og billige stempelet ”politisk korrekt”, at desse ”andre” kan gå bort å vinne prisar framom t.d. ein ”heilnorsk” artist.
Folkelarmjuryen snakkar saman før ein endeleg fastset vinnarane, dette prinsippet kjenner me godt frå før. Men dette er forskjellig frå Spellemannprisen som let matematikken styre. Eg har delteke i båe typar juryar og er ikkje tvil om kva som fungerer best: Ved å snakke saman, drøfte ulike vinklingar og perspektiv, tileignar ein seg kunnskap om ulike typar musikk frå andre jurymedlemmer, kunnskap som er svært nyttig og som er viktig for å kunne dømme mest mogleg rettferdig. Det er i denne samanheng nærliggjande å dra fram historia om spelemannen Torleiv H. Bjørgum som i si tid deltok på Landskappleiken i klasse B vanleg fele. Han kom sist i klassa si, etter alt å dømme på grunn av at dommarane ikkje kjente til at der fanst ein tradisjon på vanleg fele i Setesdal. Neste år deltok han på nytt og denne gongen vann han same klassa – var det dommarar eller spelemann som hadde hatt slik bratt læringskurve?
Tilbake til Folkelarmjuryen og dømminga – det at ein snakkar saman fører stundom til at utfallet av ei juryering blir annleis enn om matematikken styrer. Særleg gjeld dette dei klassene der ein ikkje har nominerte, slike som årets folkemusikar og den nye klassa i år: årets produsent. At resultatet i år er meir politisk korrekt enn t.d. det året Hallgrim Hansegård fekk prisen som representant for dansen, kan eg ikkje heilt sjå. Og kvifor kom det ingen reaksjonar då?
Ein jury er suveren til å legge vekt på det ein vil. Så lenge det er menneske og ikkje maskinar som dømmer, vil det alltid vera opning for varierande typar av vektlegging. Dette trur eg til og med kan slå inn i Spellemannprisen om han er aldri så ”matematisk”. Men kva fare ligg det i dette? Er årets folkemusikar ein mindre fortent pris av den grunn? Ein jury er sett saman av personar som har fått tillit. Dei har lov til å tenkje sjølve, sjølv om der ligg klare kriterium for tildeling av dei ulike prisane.
Klasseinndelinga bør elles opp til vurdering med jamne mellomrom. Ser ein på klassene frå det fyrste Folkelarm og fram til i dag, finn ein fort ut at desse har vore i endring. Det tek tid å finne si form, ikkje minst med tanke på at folkemusikk-Noreg er i endring. Landskappleiken har òg vore gjennom ein liknande utvikling om ein dreg det lange perspektivet.
Eg var ein av dei som var med på å utforme klasseinndelinga frå starten. Soloklassa var grei, det same var tradisjonelt samspel/gammaldans, likeins dokumentasjon. Problemet melder seg når ein skal finne klasser for arrangert folkemusikk/crossover. I mi tid valde me å ha ei klasse for arrangert/nyskapande folkemusikk bygd på norske tradisjonar, altså norsk/samisk/musikk av minoritetar. Så blei det oppretta ei klasse, open klasse, mykje etter ein mal frå Spellemannprisen, som skulle ta det andre som er vanskeleg å få til å passe inn i dei andre klassene, musikk av innvandrarar, folkemusikk som har eit anna utgangspunkt enn den norske, popmusikk som nærmar seg folkemusikken frå utsida osv. Ei heilt anna utfordring for klasseinndelinga er, som det òg blei sagt under årets utdeling, påmeldinga i dei ulike klassene. Skulle der t.d. berre koma to påmeldte i ei klasse er det liten grunn til å halde på denne som eiga klasse.
Det er sunt med debatt om slike type tiltak som Folkelarmprisen, difor vil eg gje honnør til Arne Sigurd Haugen som tek bladet frå munnen og seier kva han meiner. Det er berre slik me kan koma vidare. Og det er viktig med open debatt, akkurat som det har vore utruleg mykje ordskifte og meiningsytringar om dømming, klasseinndeling osv. i samband med landskappleik/landsfestival.

Er Folkelarmprisen viktig? Eg nøyer meg med å vise til eit sitat frå nettsidene til NRK Sámi Radio like i etterkant av Folkelarm. Juryen for Folkelarmprisen bør ta dette tankevekkande sitatet til seg. Om dette er politisk korrekt eller ikkje, er mindre viktig slik eg ser det. Det er vinnaren av klassa for dokumentasjon, Ole Larsen Gaino eller Lásse Ovllá (f. 1933) som han heiter på samisk, som seier dette:
”Jeg hadde tårer i øynene da jeg mottok prisen. Folkelarmprisen markerte at jeg endelig er kommet i mål, etter mange års kamp for å synliggjøre joik. […] Jeg har joiket i 50 år. Og mesteparten av tiden har jeg opplevd at joiken er blitt tråkket på og mobbet av majoriteten. Men på lørdag var dagen kommet da joiken ble anerkjent på lik linje med annen folkemusikk, sier Gaino”
Kjell Bitustøyl


| Tips en venn | Skriv ut |