Korleis får ein til god rekruttering til folkemusikken og folkedansen? Korleis er det å vere norsk på «folkemusikk-grand-prix» i Usbekistan og på bransjetreffen Womex? I årets første Folkemusikk møter du òg Jutullaget, Marianne Tomasgård, Bjarne Bratås, Mads Erik Odde, Gard Nergaard, Michael Krumins, Sarah-Jane Summers, Juhani Silvola og mange fleire.

Bladet er i sal på utvalde Narvesen-utsal. Du kan også kjøpe bladet av FolkOrg – klikk her for meir info!

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten. Folkemusikk er i sal på Narvesen.