-
Til lukke med nasjonaldagen!
torsdag 17.05 - 08:49 -
Snart klart for Folkemusikkveka i Ål
onsdag 16.05 - 12:03 -
Bjarne Øverbø er med
onsdag 16.05 - 10:20 -
Påmeldingsfristen til Landskappleiken er utsett til 20.mai!
mandag 14.05 - 15:08 -
Festkonsert for Sven Nyhus
torsdag 3.05 - 10:30
Kvarts og KORK
Folkemusikk i symfoni
Kvarts har heilt frå starten vore solid rotfesta i den norske folkemusikken, og med ei rekkje instrument, og med humør og speleglede, har gruppa fått eit stort publikum. Kringkastingsorkesteret (KORK) og folkemusikkgruppa Kvarts spelte saman på Ål kulturhus i 2007. To år etter kom plata i samband med Den Norske Folkemusikkveka på Ål.
Plata inneheld liveopptak frå dei to fullsette konsertane i Ål kulturhus, og har fått namnet "Folkemusikk i symfoni". I tillegg til Kvarts og KORK medverkar solistane Birger Mistereggen, Berit Opheim Versto og Sondre Bratland. Dirigent er Hans Ek. Med 64 lydspor å konsentrere seg om har Kvartsmedlem Jo Asgeir Lie og lydteknikar Tor Magne Hallibakken jobba med miksinga av plata sidan januar.
Hallibakken er også produsent på plata, saman med Kvarts, som er ei av dei mest etablerte og leiande folkemusikkgruppene i landet. Kvarts består av Kvarts består av:Jo Asgeir Lie (trekkspel), Øystein Rudi (fele, hardingfele), Tom Willy Rustad (kontrabass, gitar, torader, seljefløyte, munnharpe) og Erlend Styve (gitarar).
"Folk i symfoni" fikk god mottagelse i Spelemannsbladet, der Vegar Vårdal bl.a. skrev: "Dette er er enorm satsing som Kvarts og Folkemusikkdagane i Ål kan være kry av."










