-
Annbjørg Lien med nytt album og turné
onsdag 8.02 - 11:28 -
Fra De Mollstemte Skoger
onsdag 8.02 - 13:38 -
Fleire tusen ungdomar skal danse med Frikar
onsdag 8.02 - 10:26 -
Dette er Riksscenen i februar
tirsdag 7.02 - 14:59 -
Norsk Kvedarforum med seminar for heile familien
mandag 6.02 - 11:43
Utlysing
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen søkjer dagleg leiar
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen vart skipa 21. november 2009 som ei samanslutning av Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn. Organisasjonen har som sitt fremste føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. Som kulturpolitisk interesseorganisasjon har han eitt breitt arbeidsfelt som spenner frå aktive lokale spel- og danselag, til fremjing av norsk folkemusikk på høgt nivå både heime og ute.
Organisasjonen lyser ut fast stilling som:
DAGLEG LEIAR
Dagleg leiar er ansvarleg ovanfor styret og vil ha det administrative ansvaret for drifta av Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen. Arbeidet omfattar mellom anna kulturpolitisk arbeid, oppfølging av planar og budsjett, og ansvar for dei tilsette. Som ein ny organisasjon vil utvikling av strategiar og planverktøy vere sentrale oppgåver i oppstarten. Vår nye daglege leiar vil leie ein organisasjon med stort spenn i aktivitet og store forventningar blant medlemmene og omverda. Organisasjonen har ein administrasjon på 9 personar (7,6 årsverk) inkludert dagleg leiar.
Vi søkjer etter ein omgjengeleg og initiativrik person med evner til strategisk og administrativt arbeid, og som ønskjer å vere med og utvikle Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen framover. Vi vil leggje vekt på følgjande kvalifikasjonar:
Leiarerfaring
-
Erfaring med organisasjonsarbeid og kulturpolitisk arbeid
-
Gode kontaktskapande eigenskapar, evne til nettverksbygging og samarbeid i inn- og utland
-
Sjølvgåande, initiativrik og strukturert
-
Relevant kontaktnett og erfaring
-
Kjennskap til kulturfeltet
-
Utdanning på høgre nivå, relevant erfaring kan erstatte kravet til utdanning.
Dagleg leiar bør kunne skrive nynorsk og bokmål, og nytta engelsk munnleg og skriftleg. Arbeidsstad er Oslo. Løn etter avtale. Tiltreding snarast mogleg.
For meir informasjon om organisasjonen sjå www.folkemusikk.no. For spørsmål om stillinga, ta kontakt med styreleiar Maria Høgetveit Berg, tlf 951 78 923 eller konstituert dagleg leiar Lene Furuli, tlf 991 60 741/ lene@folkemusikk.no
Send søknad med CV til:
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen,
PB 4613 Sofienberg,
0506 Oslo
eller på e-post post@folkemusikk.no.
SØKNADSFRIST 20. JANUAR 2010








