Vi tok ein prat med frontfigur Tuva Livsdatter Syvertsen og produsent Bugge Wesseltoft om det unike – og det tradisjonelle – med musikken til Valkyrien Allstars.

Valkyrien Allstars byrja livet som ein hardingfeletrio. Dagen dei sleppte si heilt nye plate, sa bandmedlem Erik Sollid i NRK P2s «Spillerom» at Tuva og han er folkemusikarar, men at Valkyrien sjølve ikke nett speler folkemusikk. Ei betre oppsummering av kven dei er, får vi kanskje ikkje.

– Det var mykje hardingfele i byrjinga – kanskje for mykje, vil mange hevde, seier Tuva Livsdatter Syvertsen, som litt ufrivillig har vore frontfigur i Valkyrien sidan starten.

– Vi har hatt mykje tid til å prøve ut hardingfela i ei bandsetting, og bruker henne stort sett meir sparsomt no. Etter kvart har vi lært oss å spele andre instrument, og vi komponerer ikkje lenger all musikken vår på hardingfele. Men framleis er det ofte ein feleslått som er utgangspunktet når vi skriv ein ny låt, fastslår Syvertsen.

Det er omlag ti år sidan Tuva Livsdatter Syvertsen, Erik Sollid og Ola Hilmen fann stamplassen sin Valkyrien på Majorstuen i Oslo. Der kom hardingfeleeksperimenteringa deira inn i formene som leia fram mot platedebuten i 2006. Men dei har spelt saman heilt sidan tolvårsalderen, då dei byrja å gå i lære hos Hallvard Kvåle, grunnleggjar av Bærum Spelemannslag – og for øvrig òg av Heilo, plateselskapet til Valkyrien.

– Det var muttern som fekk meg i lære hos Hallvard Kvåle. Med det opna ei ny verd av musikk seg for meg. Kvåle var ein veldig kjent figur i folkemusikkmiljøet, og har vekt folkemusikkinteressa hos mange unge i og kring Bærum. Det verkar som det ofte er slik, at enkeltpersonar er oppskrifta på suksess for folkemusikkopplæringa. I Indre Sunnfjord har dei Sigmund Eikås, i Hardanger har dei Knut Hamre, og vi hadde Hallvard.

«Framleis er det ofte ein feleslått som er utgangspunktet når vi skriv ein ny låt.»

Tuva Livsdatter Syvertsen

Frå langreist til kortreist

Med den nye plata til Valkyrien har hardingfeletrioformatet gått i oppløysing. Ola Hilmen har teke seg ei pause, og Tuva legg vekt på at Valkyrien Allstars i dag er eit band. Ho og Erik Sollid har fått selskap av Martin Langlie på trommer og Magnus Larsen på bass. Bård Ingebrigtsen er òg med på nær halvparten av songane på plata, på gitar og synth. Bugge Wesseltoft har sete bak produsentbordet.

– Syvertsen og Sollid er vanvittig gode musikarar, begge med eitt bein folkemusikken og eitt i rocken. Låtmaterialet som ligg til grunn for plata er utruleg godt. Dei er veldig kreative og vil veldig mykje, så mi vikigaste oppgåve har vel vore å bidra til å få fram ein fellesnemnar i alt materialet, fortel Wesseltoft.

Wesseltoft er nok framleis best kjent for dei fleste som eksperimentell jazzmusikar. Men han har jobba med folkemusikarar i ein mannsalder.

– Første gong var da eg spelte på plata Sagn til Kirsten Bråthen Berg i 1990, som Arild Andersen inviterte meg med på. Det var ein augeopnar for meg. Sidan den gong har eg høyrt svært mykje på folkemusikk – norsk, men òg særleg musikk frå Sentral-Asia, India, Midtausten og Nord-Afrika.

Det mest påfallande, meiner Wesseltoft, er kor nært beslekta den norske tradisjonsmusikken er den asiatiske.

– Eg er viss på at den norske musikken var noko vikingane tok med seg heim frå Kaukasus og Svartehavet. Så mykje er likt av instrument, melodiar og ornamentikk. Europeisk balladetradisjon har kome inn og påverka ting seinare, og vi har lite rytmeinstrument og ein meir vokalbasert tradisjon. Men basisen må kome frå Asia, slår Wesseltoft fast.

Korkje Wesseltoft frå Skien, eller Valkyrien frå Asker og Bærum, kjem frå område som er særmerkte for tradisjonsmusikken sin. Wesseltoft trekkjer fram barnesongskatten som det kanskje viktigaste folkemusikkrepertoaret som sameiner nordmenn på tvers av regionar.

– Eg trur folkemusikkinteressa bur i alle nordmenn. Mange kjenner ikkje musikken, men liker han om dei får høyre han – nett som med jazzen. På åttitallet var det irsk folkemusikk alle var opptekne av. I dag er ting mykje gøyare, folk tar i bruk norske referansar i større grad. Valkyrien er eit godt døme; dei gjer folkemusikken rikare, og når dei no stadig nærmar seg rocken, gjer dei han òg mykje rikare.

Tradisjon og profesjon

Sjølv om Valkyrien Allstars fjernar seg stadig meir frå tradisjonsmusikken og hardingfela inntek ei meir sparsom rolle, opplever Tuva Livsdatter Syvertsen at dei får mykje støtte i folkemusikkmiljøet.

– Vi er eit lite miljø, vi deler alle den same sære interessa som folkemusikken jo er. Alle kjenner at vi er på same lag, og alle er glade når nokon får til ting og gjer suksess!

Syvertsen fortel at dei høyrer på alt som kjem ut av ny norsk folkemusikk, og får med seg så mange av Riksscenen sine folkemusikkonsertar som dei kan. Ein viss profesjonalisering av folkemusikkfeltet meiner ho å ha sett i dei ti åra Valkyrien har halde på, på godt og vondt – skal ein leve av musikken, må ein forhalde seg til korleis musikkbransjen fungerer. Men ho er bekymra over at tradisjonsmaterialet blir nedprioritert til fordel for eigenkomponert materiale.

– Dette skjer fordi folk treng å tene nokre pengar. Speler du berre tradert materiale, får du mykje mindre TONO-pengar. I Irland har dei ei spesialordning for tradisjonsmusikarar, noko vi burde få på plass i Noreg òg. Det er vanskeleg nok å bli spelt på radioen og få spelejobbar som det er. For Valkyrien, som speler musikk som liknar meir på det folk høyrer elles, er det enklare.

Valkyrien speler mykje tradisjonsmateriale, som dei tolkar på sin heilt eigen måte. Mange tusen nordmenn har nok hatt sine første møte med stev og hardingfeleslåttar gjennom bandet. Kanske er dét grunnen til at folkemusikkpolitiet – om det i det heile teke finst – har late Syvertsen i fred?

– Eg har høyrt snakk om at nokon har ringt rundt og skjelt ut folk som har handsama tradisjonen kreativt – men det er lenge sidan. Kor dei har blitt av no, veit eg ikkje. At folk har sterke meiningar om musikken dei har vakse opp med, er glad i og har stor kunnskap om, er naturleg. Noko anna ville vere pussig og i grunnen urovekkjande. Det er berre bra med litt temperatur, så lengje ein ikkje blir stygge med kvarandre. Folk er iallfall snille med meg. Noko anna torer dei vel ikkje – eg er god i rævkrok og handbak, viss nokon vil slåst, seier Syvertsen lattermild til slutt.

«Eg er viss på at den norske musikken var noko vikingane tok med seg heim frå Kaukasus og Svartehavet.»

Bugge Wesseltoft

Valkyrien Allstars si nye plate Farvel slekt og venner er gjeve ut på CD og LP, og kan høyrast på Spotify og Wimp.