-
Norsk Kvedarforum med seminar for heile familien
mandag 6.02 - 11:43 -
Frikar satsar både i Valdres og Hallingdal
mandag 6.02 - 10:41 -
– Tusen takk for meg!
mandag 6.02 - 10:12 -
Munnspel som tradisjonsinstrument
mandag 6.02 - 14:12 -
Endringar i klasser under Landsfestivalen
fredag 3.02 - 13:44
FolkOrg lyser ut stillingar
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen vart skipa 21. november 2009 som ei samanslutning av Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn. Organisasjonen har som sitt fremste føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. Som kulturpolitisk interesseorganisasjon har han eit breitt arbeidsfelt som spenner frå aktive lokale spel- og danselag, til fremjing av norsk folkemusikk på høgt nivå både heime og ute.
Organisasjonen lyser ut to faste stillingar:
INFORMASJONSMEDARBEIDAR, 100%
Stillinga er nyoppretta og medarbeidaren er del av ei gruppe på tre informasjonsmedarbeidarar som er ansvarlege for informasjonsarbeidet i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen: Nettsidene folkemusikk.no og folkmusic.no, diverse informasjon til lag og medlemmer, produksjon av anna informasjonsmateriell, pressearbeid. Informasjonsarbeidarane skal ogsåhjelpe andre tilsette og dagleg leiar med informasjonsfaglege innspel i utarbeidinga av informasjonsmateriell og interessepolitiske dokument.
Vi søkjer etter ein omgjengeleg og initiativrik person med informasjonsfagleg bakgrunn.
Vi søkjer følgjande kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning, fortrinnsvis innan informasjon/kommunikasjon
- Kjennskap til korleis media, politiske organ og andre relevante aktørar fungerar
- Evne til informasjonsstrategisk tenking og sjølvstendig arbeid
- Kompetanse innanfor publisering på internett og generelt redaksjonelt arbeid
- Kjennskap til musikkfeltet
- Kjennskap til folkemusikk- og folkedansområdet er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.
Personlege eigenskapar:
- Gode kontaktskapande eigenskapar og evne til samarbeid
- Sjølvgåande, initiativrik og strukturert.
- Omgjengeleg og initiativrik person med evner til strategisk og administrativt arbeid
Oppstart så snart som mogleg.
MEDARBEIDAR MED ANSVAR FOR KAPPLEIKAR OG LOKALLAGSUTVIKLING,
80 – 100%
Stillinga er nyoppretta og den tilsette vil få ansvar for Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen sine oppgåver i samband med dei to store årlege arrangementa Landsfestivalen i gammaldansmusikk og Landskappleiken. I tillegg vil det i stillinga liggje eit ansvar for utviklingsarbeid i samband med organisasjonen som kappleiksarrangør og arbeidet i lokallaga.
Vi søkjer etter ein omgjengeleg og initiativrik person med interesse for og kjennskap til norsk folkemusikk.
Vi søkjer følgjande kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning, fortrinnsvis innan kulturfag/ samfunnsfag/ informasjon. Relevant arbeidserfaring kan erstatte kravet til utdanning.
- Prosjektleiarkompetanse og evne til sjølvstendig arbeid
- Kjennskap til folkemusikk- og folkedansområdet er ein føresetnad
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål
Personlege eigenskapar:
- Gode kontaktskapande eigenskapar og evne til samarbeid
- Sjølvgåande, initiativrik og strukturert.
- Omgjengeleg person med evner til strategisk og administrativt arbeid
Oppstart 1. januar 2011.
For begge stillingane:
Arbeidsstad er i nye kontorlokale i Schouskvartalet, sentralt i Oslo. Løn etter avtale.
For meir informasjon om organisasjonen sjå www.folkemusikk.no. For spørsmål om stillinga, ta kontakt med konstituert dagleg leiar Lene Furuli, tel 991 60 741/ lene@folkemusikk.no.
Send søknad med CV til: Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen, PB 4613 Sofienberg, 0506 Oslo eller på e-post post@folkemusikk.no .
SØKNADSFRIST 1. AUGUST 2010







