Plateslepp på kvinnedagen – heidersutnemningar i Trondheim og Setesdal – Langsomt Mot Nord tilbake – folkemusikk på nett – Tidekverv: nyskrive balladeverk. Alt dette får du i Folksrevyen denne veka!

Svensk–nork plateslepp på kvinnedagen

Durspelar Hilde Fjerdingøy og felespelar Hanna Andersson sleppte den første plata si som duo på sjølvaste kvinnedagen 8. mars. Albumet Jag levde den tiden består av tradisjonsmusikk etter dei to spelemennene Hans Tøgersen Haugen (1900–1973), frå Susendal på Helgeland, og Gustaf Jernberg (1881–1964) frå Sikvik i Gästrikland.

– Vi har interessert oss for denne musikken lenge, og synest det er fantastisk bra musikk som fortener å bli spelt meir, seier Hilde Fjerdingøy om plata.

Fjerdingøy er kjend frå Rim og Hildur Dansekompani og er aktiv durspelkurshaldar, medan Andersson nok er mest kjend frå indie-folk-trioen trioen Beata Bermuda. Si første duoplate sleppte dei på Folkets hus i Svenningdal på Helgeland, heimbygda til Fjerdingøy og ikkje langt frå Susendal.

– Det kjendest heilt rett å gjere platesleppet i området der halvparten av musikken på albumet høyrer heime, seier Fjerdingøy. – Mye folk kom, det var god stemning og mykje latter. Vi opplevde publikum som veldig interessert og lyttande.

No er duoen på turné, med stopp mellom anna i Oslo, Trondheim, Malmö og Umeå. På Facebook-sida til duoen kan du sjå datoane, og der kan du òg komme i kontakt med dei for å tinge CD-en.

Hanna Andersson og Hilde Fjerdingøy på platesleppkonserten i Svenningdal 8. mars. Dei kommande vekene er dei på turné. (Foto: Ane Bogfjelldal)
Leiv Solberg får RFF-prisen 2017. (Foto: privat)
Leiv Solberg får RFF-prisen ikkje minst for sitt arbeid som programskaparar og programleiarar i NRK P2s Folkemusikktimen, mellom andre saman med Guri Skeie (t.v.). (Foto: NRK)

Leiv Solberg, heidersmann

Årets mottakar av Rådet for folkemusikk og folkedans (RFF) sin heiderspris er Leiv Solberg. Ein sentral del av Solbergs innsats er knytt til NRK og folkemusikktimen, der han har vore ein av dei viktigaste bidragsytarane til kunnskap om folkemusikkarven og det levande folkemusikklivet i Noreg. Solbergs «kombinasjon av faglig innsikt, entusiasme for genren og evne til popularisering, har betydd mer for folkemusikkens status enn mange i dag er klar over,» skriv RFF i grunngivinga si.

– Kva føler du no, Leiv Solberg?

– Det er klart at dette er kjempehyggeleg! Eg er jo meir van med å dele ut prisar, og leggje trykk på andre som har fått utmerkingar. Det er så vidt eg toler det, men det er veldig hyggeleg, altså – ikkje minst alle gratulasjonane eg har fått på Facebook, etter at Ole kunngjorde prisen der. Eg veit jo godt kva for kompetanse Rådet og miljøet kring det har, det er ikkje kven som helst eg får denne prisen av.

Solberg seier han vil takke for prisen på vegner av alle bakmenn. Han har lang erfaring ikkje berre frå Folkemusikktimen, men òg som musikalsk bakmann – som produsent for plater av mellom andre Glima, Øyonn Groven Myhren og Kirsten Bråten Berg, og som musikar på diverse strengeinstrument, ikkje minst det kvintessensielle bakmann-instrumentet bass.

– Ein musikkproduksjon består ikkje berre toppartisten, det ligg ei stor arbeidsmengd og eit stort apparat bak. Eg har treivst godt med å arbeide bak i kulissane, eg, og har nokre spellemannprisar på veggen for utgivingar eg har produsert – men det er fint å sjå at slikt blir heidra.

– Har du funne ut kva du skal bruke dei 25.000 kronene for RFF-prisen til?

– Vel, det finst jo ein formel for kor mange instrument ein musikar skal ha: N+1, der N er talet på instrument du alt har. Utover det at eg lever etter denne formelen, har eg ingen konkrete planar!

Prisutdelinga skjer i samband med RFFs representantskapsmøte i Trondheim 15.–16. mars. Då skal ein annan bakmann i folkemusikken òg heidrast: Per Åsmund Omholt tek imot RFFs fagpublikasjonspris for 2017, for sin artikkel «Mælefjøllvisa – toner i bevegelse. Om intonasjon i vokal folkemusikk». Fagkomiteen legg vekt på at Omholt i artikkelen legg fram empirisk folkemusikkforsking på ein måte som er tilgjengeleg både for fagfolk og allment interesserte, og meiner artikkelen vil føre til både diskusjonar og vidare forsking.

Bjørgulv Straume, heidersmann

Bjørgulv Straume blei utnemnd til ellevte heidersmedlem i Setesdal Spelemannslag, under den tradisjonelle romjulsfesten til Spelemannslaget 4. juledag. Straume er fødd 1938 i Hylestad, og lærte kveding som barn av Gro Heddi Brokke og Tarjei Brokke. Seinare var det Torleiv H. Bjørgum som inspirerte han til å spele munnharpe. Straume har i ei årrekkje vore ein pådrivar i spelemannslaget, og aktiv kvedar og solo- og ensemblespelemann. Han er utan tvil ein av dei som har bidrege mest til den levande munnharpetradisjonen i Setesdal i dag: Han har halde ei rekkje kurs i munnharpespel, og smidd ei stor mengd munnharper av høg kvalitet. Folksrevyens journalist har sjølv ei Straume-harpe med framifrå lyd, som etter kvart er godt brukt – og ofte er med på innerlomma i festleg lag. Vi gratulerer!

Bjørgulv Straume blei utnemnd til heidersmedlem i Setesdal Spelemannslag på den årvisse romjulsfesten på Sylvartun 28. desember. Her overrekkjer Torleiv Løyland utmerkinga til Straume, i påsyn av dei to heidersmedlemmene Kirsten Bråten Berg og Hallvard Bjørgum. (Foto: Harald Knutsen)

Langsomt Mot Nord er tilbake

I siste nummer av Folkemusikk, nr. 1/2017, kan du lese eit langt intervju med Ola Snortheim, mannen bak den spesielle gruppa Langsomt Mot Nord. Dei utmerkte seg på 1980- og 90-talet med sin unike syntese av norsk tradisjonsmusikk og synthpop. Det har ikkje vore råd å få tak i musikken deira på mange år, men no samarbeider Snortheim med Christer Falck om å få LP-platene ut på marknaden igjen. Dei har starta eit kronerullingsprosjekt, som du kan vere med på.

Les også teksten på folkemusikk.no som Ola Snortheim har skrive om faren Olav. I Folkemusikk nr. 1/2017, som er i sal no, kan du lese eit lengre intervju med Ola Snortheim, ført i pennen av Arvid Skancke-Knutsen.

Kulturarv på nett

Norsk kulturråd har oppretta ei ny nettside som led i å ratifisere UNESCO-konvensjonen for immateriell kulturarv. Her kan du mellom anna lese fleire gode artiklar om norsk folkemusikk og folkedans. FolkOrg har bidrege med tekst og bilete, og Magne Velure i Kulturdepartementet har gjort mykje for å kvalitetssikre sida. Gå inn på immateriellkulturarv.no og sjekk ut sida, eller gå til dømes rett til denne gode artikkelen om Landskappleiken og det norske kappleikssystemet.

Nytt på Slåttify!

Solveig Brekke Hauknes har vore praktikant i FolkOrg den siste månaden. Ho har vore ein stor ressurs for kontoret, mellom anna har det vore lagt ut tre heilt nye spelelister på Slåttify:

Folkemusikkutgjevingar 2016 inneheld éin utvald låt frå kvar av dei norske folkemusikkutgivingane som er tilgjengelege i strøymetenestene Spotify og Tidal.

Med Knut Hamre – kommandør av St. Olavs Orden markerer Slåttify at hardingfelehøvdingen frå Granvin fekk denne høgthengande utmerkinga.

Aslak Brimis favorittar – Brimi fekk prisen Årets folkemusikar 2016 under meisterkonserten i Operaen i november, og her kan du høyre eit utval av hans norske og svenske folkemusikkfavorittar.

Slåttify er FolkOrg og Folkemusikk si teneste for fremjing av folkemusikklytting på strøymetenester. Klikk deg inn på spelelistene, der du òg finn litt tekst om listene – og derfrå er du berre eit klikk unna å opne dei i Spotify eller Tidal!

Nyskrive årstidsmusikk frå Bergen og Voss

Vårjamdøgn, 20. Mars, blir verket Tidekverv urframført i Gamle Aker kyrkje, på Oslo internasjonale kirkemusikkfestival. Ideen er at verket berre skal framførast fire gonger i året, i samband med solkverv og jamdøgn. Ideen fekk Benedicte Maurseth for fem år sidan, fortel ho:

– Eg las mykje om musikk som medisin, ikkje minst boka Den musiske medisin av Audun Myskja. I antikken blei musikk svært mykje brukt både rituelt og medisinsk: Ulike skalaer var knytt til ulike tider på året, og meint å lindre ulike sjukdomar. I Hardanger har spelemenn hatt rituelle funksjonar i hundreår, til dømes i bryllaup og likvaker, men det er så å seie døydd ut. Eg har sjølv spelt i mange bryllaup, men berre eitt einaste der alle dei tradisjonelle ritane var med – slik tredagarsbryllaupa i Hardanger var før i tida.

Draumkvedet er den kanskje viktigaste inspirasjonen til Tidekverv, fortel Maurseth. Verket blir sjeldan framført utanom trettandedag jul, og Maurseth likar godt tanken om at det berre er på bestemte tider ein kan høyre eit verk.

– Dagane mine er så like, eg tenkjer knapt på at det er søndag ein gong! Eg misunner ofte religiøse menneske som har daglege ritual i liva sine. Slik som munkar: Før jul vitja eg eit kloster i Oslo – på Mariavake 7. desember – munkane var svært medvitne om kva dag det var. Eg har lenge villa lage noko folkemusikk knytt til solsnu, i tråd med katolske tradisjonar. Det er heller ikkje kvar dag det blir skrive nye norske balladar, nye tekstar i gammal stil.

Det har altså teke fem år å få verket ferdig. Det forklarer Maurseth mellom anna med at det ikkje var lett å finne forfattarar som er villige til å akseptere den stramme verseforma i balladane. Erlend O. Nødtvedt var ein Maurseth hadde hatt i tankane: Alle dei tre diktsamlingane til Nødtvedt er nyskrive episk lyrikk på stram verseform. Berit Opheim kom på Bergsveinn Birgisson, ein islending busett i Bergen som òg har forska på og late seg inspirere av gamle verseformer.

Musikarane som er med, Rolf Lislevand og Håkon Mørch Stene, hadde Maurseth derimot sett føre seg frå byrjinga. Ho hadde òg lenge hatt lyst til å skrive musikk saman med venn og kollega Berit Opheim, fortel ho.

– Det har vore veldig lett å arbeide med Berit. Aller best fungerte det når vi sat saman fysisk, spelte og song og kasta ball med musikalske idear. Vi har ganske lik estetikk som utøvarar, og utfyllar kvarandre godt.

Etter urpremieren på Tidekverv vårjamdøgn, skal verket framførast ulike stader i landet i tida kring sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv.

– Vi vil vere litt sære på det, halde på desse periodane – om ikkje nett på datoen, så iallfall i nærleiken. Kring haustjamdøgn blir det fem dagar med konsertar, mellom anna på Riksscenen. Det er ein ettertrakta gjeng musikarar, og så bur Rolf Lislevand til vanleg i Italia, så det kjenst litt råflott å berre skulle ha éin konsert når vi først møtest!

Ensemblet som urframfører verket Tidekverv i Gamle Aker kyrkje i Oslo 20. mars: Berit Opheim (t.v.), Rolf Lislevand, Benedicte Maurseth og Håkon Mørch Stene. (Foto: Paal Audestad)
Tidekverv skal urframførast i Gamle Aker Kyrkje, som er frå 1100-talet og den eldste bygninga i Oslo. (Foto: Hans A. Rosbach, Wikimedia / CC BY-SA)