Hardingfelespelemenn i Tokyo. Bygda dansar i Troms og Hedmark. Blåseinstrument i Ørsta. Og folkesong på YouTube. Folksrevyen tek deg galaksen rundt med folkemusikk og folkedans!

Frank Rolland og Knut Hamre trivst med bunad og nyinnkjøpte CD-ar på t-bana i Tokyo. Meir kan du sjå på NRK1 no på søndag. (Foto: Rebecca Strand, NRK)

Felefrelst i Tokyo

Folksrevyen har fått nyss i at ei storhending skal skje på Norsk rikskringkasting. I programomtalen kan vi lese:

«Hardanger – djupe fjordar, høge fjell, fruktbløming og hardingfele. Midt i eplekjerna i den norske nasjonalromantikken lever to spelemenn som synest dei går litt for ofte i bunad. No vil Frank Rolland og Knut Hamre vise deg korleis livet som felespelar eigentleg er.

Bli med på ei reise frå veglause gardar på Vestlandet til verdsmetropolen Tokyo, frå norske klasserom til japansk glamour, og tilbake att. For kanskje er heltestatusen nærare enn dei trur?»

Du vil vel ikkje gå glipp av dette? Slå på NRK1, sundag 24. mai klokka 20.55! Eller sjå det på NRK nett-TV seinare, viss du ikkje har tid eller TV.

Bygda dansar seg nordover

Bygda dansar dansar seg gjennom stadig nye fylker. Det nasjonale folkedansprosjektet har sidan 2001 dansa seg gjennom fleire fylke. Av grafikken på høgresida kan de sjå kva fylke som er ferdig inndansa og kvar ein er i gang med inndansinga. Nokon vil kanskje også leggja merke til at Oslo er fråverande på inndansingskartet. Dette er ikkje eit politisk standpunkt, men derimot ein glipp frå inndansingskartmakaren si side.

Nytt av sesongen er at Bygda dansar no beveger seg nordover i landet. Som de kan sjå av det markerte gule og statisk blinkande feltet, er det Troms som er den heldige vinnar av det neste store Bygda dansar-prosjektet.

– Det er stor konkurranse om å få tildelt Bygda dansar, og endeleg har vi fått stadfesta at det blir oppstart i Troms hausten 2017, fortel Terje Foshaug i Folkemusikk Nord.

Koreograf og tidlegare vinnar av Oscarprisen for beste koreografi i folkedansåret 2014, Sigurd Johan Heide, er kjempeglad.

– Vi har spennande dansar å ta tak i og vi har blant anna gjennom Kalottspel sine danseproduksjonar og Kartellet gjort oss mange erfaringar med å laga framsyningar. Eg trur difor Troms er godt rusta til å få mykje ut av prosjektet, seier Heide.

Folksrevyen gratulerer og ynskjer til lukke med det gode arbeidet!

Eit anna av prosjekta til Bygda dansar, Lek Østa, som er ikledd turkis farge med rosa prikkar på inndansingskartet ovanfor, er no nesten ferdig inndansa. Dei kjekke ungdommane frå Hedmark driv no på med sluttframsyningane. Premieren var 3. mai på Riksscenen for folkemusikk og folkedans i Oslo. Den siste framsyninga blir vist fram under Volumfestivalen i Elverum fredag 19 og laurdag 20. juni. Lukke til!

Kart over fylka som har hatt, held på med eller snart skal i gang med Bygda dansar. (Grafikk: Gudrun Folkedal)
Klikk for å sjå promofilmen for Bygda dansar. (Skjermdump frå filmen, video: RFF-senteret)
Ådne Kolbjørnshus blei rekruttert til dansen gjennom Bygda Dansar i Oppland. I dag dansar han både i Kartellet og Frikar. Her dansar han halling på éin kvadratmeter under Northern JazzExpo i Bodø, januar 2015. (Foto: Henrik Dvergsdal)

Her er Dagfinn Nupen og dagleg leiar i Folkorg Linda Dyrnes under ein spasertur på landsmøtet til Folkorg i april i år. Biletet fekk 20 likerklikk, dvs. eit relativt godt resultat. I bakgrunnen skimtar me Terje Foshaug på veg ut døra. Han skal sannsynlegvis ut for å kjøpa seg litt smågodt. (Foto: FolkOrg)

Instrumentsamling opp av kjellaren

Dagfinn Nupen frå Ørsta er ein av dei mest markante utøvarane på eldre folkemusikkinstrument i landet. Han fortel til Møre-Nytt at heimkommunen skal få disponera store deler av instrumentsamlinga hans. Nupen har gjennom eit langt liv samla på eldre folkemusikkinstrument og har i dag omlag 30–40 fløyter, lurar og horn.

– Men i kjellaren min kjem ikkje desse mange til gode, fortel han. Han ynskjer difor at samlinga hans skal koma nye unge og vaksne til gode og glede på ein stad som er synlege for mange.

Politikarane i Ørsta er takksame for tilbodet. Dei har alt starta planlegginga av kor instrumenta bør stillast ut for å nå flest mogleg.

 

Dette er eit kunstverk laga av Folksrevyens programleiar. Kunstverket illustrerer lurspeling i Sunnmørsnatur. Lur + hjarte = kjærleik. (Grafikk. Gudrun Folkedal)

Lær folkesong på YouTube!

Folkesongaren Åsne Valland Nordli frå Hardanger har laga ein barne TV-serie for ungar (og vaksne) på YouTube. Målet er at borna skal læra folkesong ved å sjå og syngja med på desse snuttane. Programleiar i Folksrevyen er overbegeistra for prosjektet og vart hysja ned av systera si då ho lot den vakre songstemma si ljoma utover rommet. Kvar episode er bygd opp som eit koseleg barne-TV-program, slik barne-TV skal vera: med ei lun forteljarstemme, fine teikningar og song. Songen blir fyrst gjennomgått i heilskap, deretter setning for setning – som tatt ut av læreboka for munnleg tradering.

Skjermdump frå ein av songfilmane til Åsne Valland Nordli. Klikk på biletet for å sjå episode 1: «No skan liten få sova». (Video: Cynergi Film og TV)

Slik ser det ut på Geiteberg Folk Festival i Østfold, som blir arrangert for andre gong i byrjinga av juni. Festivalen har Nordsjøfokus; Her held skotten Charlie McKerron workshop i feletradisjonar frå heimlandet sitt. (Foto: Geiteberg Folk Festival)
Kristoffer Mosfjeld, sjef for Telemarkfestivalen, er glad i å invitere folk til konsert heime hos seg. Her speler Robert Moses og Malin Pettersen i stova til Kristoffer og kjærasten. (Foto: etter alt å dømme privat)

Småsnapps frå årets festivalsommar

Geitberg Folk Festival (5.–6. juni)
Festivalprogrammet til den sjarmerande festivalen i Østfold er klart! Klikk deg inn her for å sjå.

Røros Folk Festival (12.–13. Juni)
Røros Folk Festival er ein ny festival som blir arrangert for første gong i år. «En intim folkefest i Bergstaden» er mottoet til festivalen. På programmet finn vi dei lokale heltane i SVER og det nystarta Røros Ungdoms Folkband. I tillegg kjem mellom andre Sigrid Moldestad, Annbjørg Lien og Aasmund Nordstoga til Røros for å spele denne helga.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (1.–5. juli)
Førdefestivalen nærmar seg, og festivaldirektøren sjølv, Hilde Bjørkum, har laga ei festivalløype for deg som er særskild danseglad. Festivalløypa vart presentert i det siste nyhendebrevet frå festivalen, og inneheld både sceniske dansepresentasjonar og sosial dans på dansegolvet. Festivalløypa er foreløpig ikkje tilgjengeleg på nett, men vi vonar at ho blir det omtrent når du har fått pussa danseskoa.

Landskappleiken og Jørn Hilme-stemnet (19.–26. juli)
Folksrevyen forventar ny publikumsrekord på Valdres folkemuseum i år. Kor mange klarer ein å pressa inn i eitt av dei gamle trehusa? Arrangørstaben har lyst til å knusa den 10 år gamle påmeldingsrekorden frå Røros. Då seier det seg sjølv at DU må melda deg på! Og ver rask – den 20. mai skyt påmeldingsavgifta til himmels (dvs., ho blir 100 kr dyrare).

Telemarkfestivalen (6.–9. august)
Kristoffer Mosfjeld er festivalsjef i Bø på andre året. Torsdag 28. mai slepper han heile programmet til årets festival, og då er han ikkje snauare enn at han inviterer heile verda heim til seg sjølv i Oterholtvegen 28. Musikken i stova til sjefen står Jon Solberg for – frontfiguren i Ni Liv som slepper si første soloplate nett under Telemarkfestivalen i august. Frå før av er artistar som Valkyrien Allstars, Sigrid Moldestad, Laura Ellestad og dansekompaniet Villnis stadfest til festivalen.