Ein gjæv pris og ei gjæv dansartilsetjing. Ein folkemusikar i Amerika og ein i Cannes. Hardingfelefordjuping i Hardanger. Nye musikkvideoar. Vel møtt til Folksrevyen!

Folksrevyens programleiar var nær ved å setje morgonkaffien i vrangstrupa då dette biletet dukka opp i laurdagsavisa. (Faksimile: Dagens Næringsliv 25.5.2015, originalfoto Axel Öberg)
Og som ikkje det var nok, fann ho dette oppslaget på VG-nett. (Faksimile: vg.no 20.5.2015, originalfoto Ingvil Skeie Ljones)

Folkemusikarar inntek riksmedia

Ikkje berre kom Den Heilage Ande til disiplane i pinsen dette året òg. Nytt av året er at ein norsk folkemusikar vart avbilda i Dagens Næringsliv. Underet skjedde den 23. mai 2015.

Annlaug Børsheim vart med Knausgård og bandet «Lemen» til New York. Det skjedde etter at den vanlege vokalisten ikkje hadde tid til ein New York-tur i denne omgang. Med seg i kofferten hadde Annlaug rockefela si, som er ei fele med fire strenger som kan forsterkast og spelast elektrisk. Forfattar og trommeslagar i «Lemen», Karl Ove Knausgård, gjer det svært godt i USA for tida og deltok på ein norsk-amerikansk litteraturfestival. «Lemen» spelte tre stader i storbyen.

Folksrevyen tok seg ein liten prat og stilte nokre sentrale og samfunnsaktuelle spørsmål til Annlaug – som meiner ho har landa både psykisk og fysisk etter langturen.

– Vart du kjendis?

– Nei, og eg håpar det held fram sånn. Men det var mange kjendisar rundt meg som trekte til seg media, så eg har vel aldri før vore (eller vil sidan vera) i så mange riksdekkande medikanalar som då.

– Kan du nemna eit høgdepunkt?

– Eit av høgdepunkta var å spela på den vesle baren Sunny’s i Brooklyn, drive av ei norsk dame. Baren låg i eit område som for ei stund sidan var eit norsk slumområde, der draumane til emigrerte nordmenn enda i pappkassar. Men det var ein digresjon, sjølv om ein fekk kjensla av å gå attende 120 år i tid når ein gjekk inn i denne baren. Det var stappa fullt, sild i tønne, det dampa sveitte, folk sat oppå kvarandre, oppå scenen, stod i kø ut alle inngangar, og me spelte bra. Det var stas, seier Annlaug.

Også VG kunne bidra med folkemusikalsk brennheitt stoff: Berit Opheim gjekk til filmen.

«Den norsk-svenske vokalgruppa Trio Mediaeval gjør sin store Cannes-debut», fortel VG. Folkesongaren Berit Opheim har saman med dei andre songfuglane i Trio Mediaeval vore med og laga musikken til filmen «Youth». Filmen vart i år vist på filmfestivalen i Cannes, ein prestisjetung internasjonal filmfestival som har eksistert sidan 1946. Den amerikanske komponisten Daniel Lang fekk frie hender til å laga akkurat den musikken og det lydbiletet regissøren meinte skulle vera i filmen. Og då valde han jo sjølvsagt litt skandinavisk kvalitetsmusikk.

– Det er en fantastisk musikkgruppe med en klang og musikalsk kapasitet til å gi akkurat den rette gjennomgangsstemningen vi ønsket oss i «Youth». Jeg er glad for å ha kunne bidra med enda en musikalsk utfordring for en helt eksepsjonell gruppe, seier Lang til VG.

RFF-prisen 2015 til Gunnar Stubseid

Gunnar Stubseid har vunne RFF-prisen 2015. Prisen vert tildelt av Rådet for folkemusikk og folkedans, til personar som har gjort ein ekstraordinær innsats på folkemusikk- eller folkedansfeltet. Det er kanskje den gjævaste prisen folkemusikk-Noreg har å by på.

Gunnar Stubseid er ein kjend spelemann, forfattar og kulturarbeidar frå Bygland i Setesdal. Han var med på å etablera Ole Bull Akademiet på Voss, i nært samarbeid med Sigbjørn Bernhoft Osa, og har seinare vore pedagogisk leiar, lærar og rektor ved akademiet. Stubseid skal ha mykje av æra for Ole Bull Akademiet sin posisjon og det sterke studietilbodet det har i dag.

Prisvinnaren har gjort seg kjend som ein av våre aller fremste hardingfelespelemenn, solid rotfest i slåttetradisjonen i Setesdal. Stubseid har ein allsidig karriere bak seg, frå tradisjonelt solospel til norske og internasjonale samarbeidsprosjekt. Han har spelt inn plater med musikarar som Sondre Bratland, Ragnar Vigdal, Maria Röjås, Ale Möller, Kirsten Bråten Berg og Hallvard Bjørgum. Med dei to siste vann han med gruppa Slinkombas Spelemannsprisen i klassa Folkemusikk/gammaldans i 1979.

Stubseid har også utmerka seg som ein glimrande skribent. Han var i ti år redaktør for Spelemannsbladet, og han har gjeve ut ei rekkje bøker og artiklar om folkemusikk.

RFF-prisen er på 25.000 kroner og vert delt ut 29. oktober i Trondheim under Årskonferansen til RFF.

Folksrevyen gratulerer!

Setesdalsspelemann, etnolog, bladfyk og forfattar Gunnar Stubseid er tildelt RFF-prisen 2015. (Foto: Privat)

Nye musikkvideoar!

Klikk på bileta for å sjå dei nye musikkvideoane til Camilla Granlien og Hazelius Hedin. (Foto: stillbilete frå musikkvideoane)

Hamarsingen Camilla Granlien har spelt inn ein ny CD som kjem i løpet av 2015. Folksrevyen presenterer ein splitter ny musikkvideo til første smakebit frå den nye CD-en: slageren «Kråkevisa». Låten vart skriven ned av Ludvig M. Lindeman på reisa hans gjennom Gudbrandsdalen i 1964, og denne varianten av visa kjem frå Lom.

Dei sjarmerande svenskane Esbjörn Hazelius og Johan Hedin har òg lansert ein ny musikkvideo: «Det hände sig en aftonstund». Sidan Folksrevyens programleiar tilhøyrer huglauget (fanklubben) til duoen, er dette eit særs kjærkome bidrag til livet hennar. Nytt av sesongen er at både Esbjörn og Johan har byrja å få sjarmerande grå hår i skjegget. Skal ein tru musikkvideoen, kan ein òg få mistanke om at dei har flytt saman på sine eldre dagar.

Lær av ein hardingfelemeister

Suksessen Master Class Hardanger går no inn i sin tredje sesong. Dei inviterer spelemenn og kvinner frå heile landet til å søkja. Master Class Hardanger er ope for alle over 16 år.

Spelemann Knut Hamre frå Granvin er det pedagogiske midtpunktet i opplegget. Hamre er ein av dei fremste spelemennene i landet, ingen har vunne landskappleiken fleire gonger enn han. Han held stadig konsertar og har gjeve ut mange CD-ar, men til dagleg er han først og fremst kulturskulelærar.

– Å læra spelet vidare til nye generasjonar er det viktigaste eg driv med. Men ofte kan kulturskuletimane kjennast for korte. I Master Class-programmet får me betre tid til å fordjupa oss i musikken. Det vert litt meir som på gamlemåten, då unge og gamle spelemenn sat i spelstovene og lærte av kvarandre, fortel Knut Hamre i ei pressemelding.

Inntil ti heldige utvalde får tilbod om ti individuelle enkelttimar med hovudlærar Knut Hamre, i tillegg til deltaking på to inspirerande helgesamlingar, seier Frank Rolland, som er ansvarleg for gjennomføringa.

Fristar det? Meld deg på!

Vil du læra deg å spela fele av denne TV-kjendisen? Meld deg på! (Foto: Gudrun Folkedal)

Silje Onstad Hålien vart hoppande glad då ho vart tilsett av Skuespiller- og danseralliansen i april. Her hoppar ho på Landskappleiken i 2011. (Foto: Eivind Kaasin)

Silje Onstad Hålien ny dansar i SKUDA

Skuespiller- og danseralliansen (SKUDA) er ei samanslutning av frilans dansarar og skodespelarar. Dei skal hjelpe kunstnarane til å utvikle berekraftige profesjonelle karrierar utan faste tilsetjingar, og slik bidra til auka profesjonalisering og dynamikk på scenekunstområdet. Av 105 søkjarar vart Silje Onstad Hålien i april ein av dei heldige dansarane som vart tilsette av alliansen. Folksrevyen tok ein prat med Hålien om tilsetjinga.

– Kva følte du då du fekk beskjeden?

– Eg vart hoppande glad då eg fekk tilbud om tilsetjing. Eg var utanlands nett då og trur jubelropet mitt høyrdes heilt tilbake til Norge.

– Kva konkret vil dette føra til i din arbeidskvardag?

– SKUDA legg til rette for at frilansarar kan ha ei bærekraftig kunstnarkarriere. I prinsipp fortset eg å jobbe akkurat slik som før, frilans med ulike oppdrag. For alle oppdrag søkjer eg permisjon, og dei dagane eg står i mellom jobbar får eg løn frå SKUDA. Desse dagane skal brukast til å styrke levevegen min gjennom kurs og kompetanseutvikling. Alliansen tilbyr eigne kurs og tilbud for dei «allierte».

Hålien er tilsett i SKUDA med ei tidsramme på 2 år. Men dersom ho jobbar mykje – søkjer mykje permisjon for å gjere utøvande arbeid – kan ho forlengja arbeidstilhøvet tilsvarande, fortel ho.

– Dette er virkeleg ei fantastisk ordning, og ein utruleg motivator på alle måtar. Eg kjem inn i eit ærefullt selskap av gode skodespelarar og dansarar og kan vekse og bli inspirert av eit slikt fellesskap. Alliansen gjev gode rammer for kunstnarisk arbeid og større tryggleik i ein leveveg som iblant kan vere utrygg.

Folksrevyen synest det er stas med folkedansarar i slike alliansar. Vi gratulerer ei hoppande glad Silje!