Få med deg Bygda Dansar i Østerdalen og seterkauk på Nordkalotten! Sjå din eigen dansefilm på utstilling! Få masse pengar til den lokale tradisjonen din! Folksrevyen gir deg dei heitaste sommartipsa før hovudsikringa blir skrudd av i redaksjonslokala for sommaren.

Siste bygdedans på Elverum

Bygda Dansar i Hedmark, alias Lek Østa!, blir etter tre aktive og vellukka år avslutta i desse dagar. Avslutningsframsyninga Skog – et dansedikt hadde premiere på Riksscenen 3. mai, og no er det klart for siste dans – før dei unge dansarane skal vidare ut i folkedanslivet.

På laurdag, 20. juni klokka 18.00, blir det siste sjanse til å sjå Skog, på Elverums årvisse popkulturelle høgdepunkt Volumfestivalen. Framsyninga er regissert av Indra Lorentzen, og Ole Nilssen og Birger Mistereggen står for musikken. Dansarane er hedmarkingar mellom 13 og 23 år, mange av dei allereie erfarne kappleiksdansarar.

Gå ikkje glipp av dette – både Nettbuss og Nor-Way Bussekspress har ei rekkje avgangar til Østerdalens hovudstad heile dagen!

Lek Østa!, Bygda Dansar i Hedmark, blir avslutta med framsyninga "Skog – et dansedikt" på Volumfestivalen i Elverum til helga. (Foto: Mathilde Øverland/Bygda Dansar)

Har du ein gammal hallingfilm liggjande? Eller tenkjer du å lage ein ny ein på Landskappleiken i år? Prosjektet "Interaktiv danseformidling" vil ha han! (Foto: Bjørn Kjelsson Sletten)

Lag ein dansefilm i sommar!

Tone Honningsvåg Erlien er førstekonsulent ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans, og prosjektleiar for det kommande prosjektet Interaktiv danseformidling på museum. Det første prosjektet deira blir utstillinga Dans i Norge, og til den utstillinga ønskjer ho seg dine dansefilmar! I ein e-post til Folksrevyen og nokre utvalde andre, skriv ho:

Til første danseutstilling i prosjektet «Interaktiv danseformidling» ønsker vi oss innsendte filmer fra folk i hele landet. De vil bli brukt i installasjoner i utstillingen «Dans i Norge» som åpner på Ringve uke 11 – midten av mars 2016 og vil vises til 31.mai.  Senere planlegges utstillingen ut på vandring til andre regionale og nasjonale museer og festivaler. Setter veldig stor pris på om dere vil oppfordre dansere rundt om i Norge til å benytte sommeren til å ta opp en eller flere dansesnutter og sende dem inn til oss innen 15.september. Det kan også være filmklipp tatt opp tidligere.

Så kva venter du på? Finn fram kameraet og film vener, familie og andre gode dansarar på kappleikar og festivalar i sommar – eller nytt høvet til å digitalisere den VHS-en med pols frå Sangerhuset på Rørosmartnan i 1988. Du veit, den du har utsett å gjere noko med så lengje.

Folkelarm-artistane klare

Denne veka blei artistane til Folkelarm sleppte. Folkelarm er FolkOrgs bransjetreff og musikkfestival som går av stabelen på Riksscenen i Oslo 24.—26. september. Mellom showcase-artistane finn vi både kjende og mindre artistar, kjende namn i nye konstellasjonar, tradisjonelt slåttespel og heilt andre ting.

Frå Sverige kjem mellom anna Skenet, ein kreativ gjeng frå Bollnäs i Hälsingland, og strengeleikviseduoen Hazelius Hedin som du fekk videoslepp av i førre Folksrevyen-sending. Av kortreiste artistar finn vi den ferske Oslobaserte trioen Skau, som speler tradisjonsmusikk frå Engerdal og Trysil. Andre vegen tek musikken til Eli Storbekken frå Tolga, som presenterer gamle og nye viser frå Oslo. og Fureprisvinnar frå fjoråret, attenåring Mari Midtli tek turen frå folkemusikklina på Vinstra for å kvede.

Desse og alle dei andre Folkelarm-artistane kan du lese om på folkelarm.no!

Folkrockgruppa Skenet frå Hälsingland kjem til Folkelarm i september. Gruppa har både flatfele og moog-synthesizer i besetninga, og er nett ute med ny plate på det namngjetne plateselskapet Subliminal Sounds. Folksrevyen gler seg til dei, og til eit hopetal andre Folkelarm-artistar. (Foto: Peter Eriksson)

Vi du ha pengar frå Kulturrådet?

Norsk Kulturråd satsar på den immaterielle kulturarven. 3. september er fristen for å søke på to millionar kroner til dei to aktuelle støtteordningane, prosjektstøtte kulturvern og faglitteratur kulturvern. I ein artikkel på heimesida si, skriv rådet:

Satsinga er slik i fremste rekkje retta mot det frie kulturvernet med tilhøyrande lag og organisasjonar. I tillegg kan privatpersonar, kommunar, fylkeskommunar, museum og samlingar, arkiv, forlag, filmprodusentar og andre aktørar i kulturfeltet sende inn søknad. For institusjonar som inngår i Det nasjonale museumsnettverket gjeld at det blir stilt krav om samarbeid med aktørar i det frie kulturvernet og/eller profesjonelle kunstnarar.

Som døme på kva for prosjekt som kan få støtte, nemnar Kulturrådet ”Metodeutvikling for arbeid med vidareføring av immateriell kulturarv”, ”Tiltak for opplæring og vidareføring” og “Dokumentasjon av handlingsboren kunnskap og utøving i form av intervju, film og/eller tekst”.

Klarare kan det ikkje seiast – dette er pengar som Kulturrådet gjerne vil skal ende opp hos levande musikk- og dansemiljø i Noreg. Klikk deg inn på kulturradet.no, alliér deg med skriveglade og kreative sjeler i omgangskrinsen og løft den immaterielle kulturarven vår til nye høgder!

Snåsagruppa Ljom er ute på sommarturné. Heimesida deira, ljom.net, er ein av dei mest smakfulle Folksrevyen har sett på lang tid. (Foto: Foto Ole A. Kirknes)

Kauk på Kalotten i sommar

Bandet Ljom speler ”folkjazzrock frå Snåsafjella”, og denne sommaren legg dei ut på turné. Dei skal spele middnattssola inn ei rekkje stader i Trøndelag, Nord-Noreg og svenske Norrland. Med seg, vonar vi, har dei nokre pappesker med CD-en dei sleppte for eit år sidan på Kirkelig Kulturverksted, Seterkauk. På ljom.net, den makelause heimesida til bandet, kan du lese meir om seterlivet i Snåsafjella og kaukinga til budeiene der – eit sentralt element i sounden til bandet.

Folksrevyen ønskjer med dette alle lesarar ein riktig god musikk- og dansesommar. Vi spelast og dansast på ein festival eller ein kappleik!