I august kom sommaren landet over, med både veletablerte festivalar og nokre spennande nykommarar. Vi oppsummerer eit knippe av festivalane som var, og melder om noko av det spennande du kan få med deg i slutten av august.

(Klikk på utheva ord for å komme til kjeldene som er nemnt.)

Telemarkfestivalen

er godt nøgd med året. Om lag 5000 besøkande hadde dei innom, og økonomisk ligg dei godt an, melder dei i ein artikkel på heimesida si. Torgfestivalen i Bø sentrum og LaurdagsFOLK med Sigrid Moldestad og dei lokale heltane Ni Liv blir trekt fram som to av høgdepunkta. Festivalen hadde hyra inn fotografane Knut Utler, Øystein Akselberg og Stein Hofve til å dokumentere alt som skjedde på festivalen, og på heimesida si kan du sjå biletseriar frå både fredagenlaurdagen og søndagen.

Sigrid Moldestad trekte fulle hus i Bø under LaurdagsFOLK på Telemarkfestivalen. (Foto: Stein Hofve)
Deltakarar frå kursprogramma Folkband og Kalottspel for Unger syner fram kva dei har jobba med på familiedagen til Kalottspel. (Foto: Odd-Inge Larsen)

Kalottspel

i Målselv er den største mønstringa for folkemusikk og folkedans i Nord-Noreg. Både billettsal og besøkstal auka frå fjoråret, med godt med publikum både på store og små konsertar. I tillegg var 50 barn og 40 vaksne på kurs i musikk og dans, skriv festivalen i ei pressemelding.

Dei lokale avisene var til stades og dokumenterte festivalen grundig med tekst, bilete og film. Folkebladet filma mykje, mellom anna familiedagen laurdag, der dei unge synte fram kva dei hadde lært på spele- og dansekurs. Dei fekk òg ein prat med Eplemøya songlag etter konserten deira i Grotta på Rundhaug, der dei fortel at speling på Kalottspel hadde vore ein draum dei hadde hatt lengje. Og på YouTube har Odd-Inge Larsen lagt ut filmsnuttar i god kvalitet frå fleire Kalottspel-konsertar.

Landsfestivalen

gjekk i år for første gong av stabelen i Lom. Det var det første arrangementet av denne storleiken i fleirbrukshuset Utgard, som stod ferdig i fjor. Det kjem meir frå festivalen i komande nummer av Folkemusikk, og i mellomtida har heimesida til festivalen mykje lesestoff og bilete frå året. NRK var òg til stades, og nedst i denne saken kan du sjå heile lagspelfinalen og finalen i soloklassene!

Ei stund var det uklart kor den tjue kilo store gudbrandsdalsosten som Landsfestivalen hadde tinga frå Tine, hadde teke vegen. Han forsvann sporlaust frå kafeen på Utgard fleirbrukshus då festivalen var på hell natt til søndag. Heldigvis blei forsvinningsmysteriet raskt oppklart: Syndarane var (sjølvsagt) nokre skrubbsvoltne gammaldansmusikarar som tenkte det kunne smake med noko brunost på nachspielet. Osten blei returnert tysdag, dagen etter at forsvinninga blei slått opp i pressa, og til alt hell hadde ikkje nachspielgjengarane rukke å fortære all osten. Tjue kilo blei kanskje litt mykje sjølv for ei bøling festivalslitne spelemenn.

SOSIALE MEDIA: Denne avslørande Snapchat-meldinga var det som først sette Landsfestivalen på sporet av den forsvunne brunosten. Når ein samanlikna storleiken på osten med bereposen og vaskemaskina på biletet, var det mykje som tydde på at dette ikkje kunne vere eit meieriprodukt kjøpt på Kiwi i Lom. (Foto: skjermbilete frå smarttelefon)

Og festivalsommaren var ikkje over!

Skogens konge er høgste beskyttar til Ælj i solnedgangsfestivalen i Solum.

Ælj i solnedgangsfestivalen

Festivalsommaren er ikkje over i Telemark heller. I Solum i nærleiken av Skien blir Ælj i solnedgangsfestivalen arrangert 21. og 22. august, på heimgarden til kvedar Anne Gravir Klykken. Sjølv skal ho òg spele, i eit særeige samarbeid med saksofonisten Frøydis Grorud. Sudan Dudan får ho òg besøk av. I tillegg kjem store namn som Rita og Frank Eriksen, Knut Reiersrud og Jon Balkes afroperkusjonsensemble Batagraf. Ælj i solnedgang er førebels berre på Facebook – få med deg årets festival før han blir gigantisk!

Nordsjøfestivalen 

blir som alltid halde siste helga i august. Frå programmet merker vi oss: opningskonserten med Gjermund Larsen Trio; Cancelliraadens Bal, der du kan danse fandangoar, rilar og liknande til Christiania Thour- og Runddansensembles stilsikre by- og storgardsmusikk; og konsertar med to svært spennande unge og lovande grupper for tida: Raabygg frå Agder og Rim, med ferskt uteksaminerte studentar frå Ole Bull Akademiet.

Christiania Thour- og Runddansensemble speler opp til dans på Cancelliraadens Bal under Nordsjøfestivalen. (Foto henta frå programmet til ballet)
Riksscenen.no bugnar av fristande konsertar og dansefester. Som vanleg blir det mykje for einkvar smak i Schous-kvartalet denne hausten og vinteren. (Skjermbilete frå heimesida)

Sesongstart på Riksscenen med Chateau Neuf Spelemannslag

Laurdag 29. august opnar Riksscenen for hausten med kombinert konsert og filmvisning. Chateau Neuf Spelemannslag starta då ei gruppe musikkstudentar ved Universitetet i Oslo blei heilfrelste på norsk folkemusikk etter det faste vekekurset på Ole Bull Akademiet på Voss. Dei syntest at dei òg måtte kunne spele norsk folkemusikk, sjølv om dei spelte elbass, saksofon, slagverk og andre instrument ein sjeldan finn på Landskappleiken. Med Tellef Kvifte som åndeleg og musikalsk vegleiar gjorde dei stor suksess, og frå 1995 til 2001 og gav dei ut tre plater som læt like friskt i dag som ved tusenårsskiftet. Dei fekk tilmed ein lått spelt i Simpsons-episoden «Coming to Homerica».

Før konserten på Riksscenen får vi sjå filmen om bandet. Resten av haustprogrammet til Riksscenen, som i år fyllar fem år, står sjølvsagt ikkje tilbake for korkje opningskonserten. Lat hausten kome!

Balkanfest Evanger

Den vesle bygda Evanger ved Voss har i nokre år trekt både lokale og bergensarar til ein heilt spesiell liten festival. Stort sett alle innbyggjarane i bygda jobbar frivillig når dei inviterer til fest 28.–30. august. Eit koppel av band inspirert av den balkanske folkemusikken, og sjølvsagt fleire artistar frå Balkan, vitjar bygda og lagar folkefest. God mat og drikke frå Balkan, laga frå bunnen av lokale råvarer, høyrer òg med. I fjor blei det ikkje arrangert festival, så i år er det grunn til å tru at Balkanfest og publikummet deira kjem dobbelt så sterkt tilbake.

Norske headlinerar i år er Stian Carstensens Farmers Market og Fliflet/Hamre med Bergen Big Band. Frå Balkan kjem serbiske Dejan Lazarevic Orkestar, med vaskeekte trubaci-musikk slik ein kanskje kjenner han frå filmane til Emir Kusturica. Bosniske Divanhana kjem òg, med ein litt meir lågmælt, men minst like dansbar đuveč. Opa!