To nytilsette i spennande folkemusikkstillingar. Folkemusikkfestivalar best på kjønnsbalanse. Eit kvedartalent kan vinne pengepremie, og det same kan eit hardingfeletalent på vestlandet. Og eit heilt nytt digitalt folkemusikkarkiv.

Rannveig Djønne tilsett i Hardingfela.no

Ole Bull akademiet og Hardanger og Voss Museum har gått saman om prosjektet Hardingfela.no. Satsinga skal styrke og vidareføre hardingfeletradisjonane i regionen, mellom anna gjennom ei talentsatsing der unge hardingfelespelarar får eit skreddarsydd opplegg ved sidan av kulturskuleundervisninga.

Rannveig Djønne, toradarspelar og tidlegare rådgivar i FolkOrg, er nett tilsett som prosjektkoordinator. Frå nyttår jobbar ho 50% i stillinga, og både ho og arbeidsgivar vonar at stillinga kan bli utvida etter kvart. Ho fortel at ho ønskjer å jobbe breitt med folkemusikkfeltet i regionen:

– Eit løft for hardingfela trur eg også vil føre til auka interesse for andre instrument og for dansen. Hardingfeleslåttane og dansen høyrer saman, så det er logisk å samarbeide med dei som jobbar med dans, til dømes.

Det var som student på Ole Bull Akademiet at Djønne verkeleg blei kjent med hardingfeletradisjonane i heimtraktene:

– Eg hadde som prosjekt å overføre hardingfeleslåttar frå Hardanger og Voss til toradaren min. Mykje av studiane nytta eg til å lytte til arkivopptak og fordjupe meg i historikk. Det var ei ny og spennande verd som eg er veldig glad eg fekk innblikk i. Og så er det jo utruleg mange kjekke folk som spelar hardingfele, som eg har fått lov til å spele saman med!

Om planane for Hardingfela.no fortel ho:

– Vi ønskjer å samarbeide med næringslivet generelt og reiselivet spesielt. Om eit par år vonar eg at vi har fått til nokre gode rekrutteringsprosjekt i samarbeid med spelemannslaga og kulturskulane. Vi vil også gjere ting enklare for utøvarar som ønskjer å leve av folkemusikken. Og nettstaden hardingfela.no skal vera eit godt verkty for hardingfeleinteresserte, både norske og utanlandske.

Master Class Hardanger, som i september finn stad for tredje gong, er no ein integrert del av prosjektet Hardingfela.no, fortel Djønne. I år har dei for første gong ein internasjonal Master Class, der seks utanlandske hardingfelespelarar skal lære av Knut Hamre, Frank Henrik Rolland og fleire andre lokale spelemenn. Deltakarane kjem frå Japan, USA og Storbritannia – to frå kvart land.

Rannveig Djønne er ny prosjektkoordinator i Hardingfela.no. (Foto: Knut Utler)
Nokre av hardingfelene på Hardanger Folkemuseum. (Foto: Elisabeth Emmerhoff)

Synnøve Bjørset set brillene ytst på nasen og førebuar seg på livet som arkivar. (Foto: privat / Facebook)

Synnøve Bjørset tilsett i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har òg fått ein ny tilsett: Synnøve Bjørset. 1. august byrja ho i jobben som musikkarkivar ved arkivet. Bjørset kjem til stillinga frå jobben som fylkesmusikar. Som utøvar har ho sjølv brukt arkivet mykje, fortel ho.

– Her har eg både henta repertoar og studert utvalde kjelder sin stil og praksis. Musikken i arkivet ligg der òg som ei enorm inspirasjonskjelde og idébank, fortel ho.

Det blir ei lita omstilling å gå til en kontorjobb, men Bjørset meiner at overgangen ikkje er så stor som ein kanskje skulle tru.

– Å vere musikar og pedagog handlar jo ikkje berre om å spele. Eg sit allereie mykje framfor datamaskina og planlegg og organiserer alle sider ved musikarverksemda. Eg trur òg at musikarbakgrunnen min er eit godt utgangspunkt for formidlingsarbeidet ved arkivet, og for det musikkfaglege som krevst i jobben.

Bjørset fortel at arkivet er inne i ei fase der vegval skal gjerast og kursen vidare stakast ut, og ho gler seg til å vere med på den prosessen

Folkemusikken mest i (kjønns)balanse

Fire norske bransjeorganisasjonar, mellom dei FolkOrg, har gått saman om Nasjonal Festivalstatistikk 2014. Rapporten var nett publisert, og heile rapporten kan lastast ned her.

Ingrid Ytre-Arne skreiv i Folkemusikk i vår om kjønnsbalansen i folkemusikken og fann at balansen var god samanlikna med andre sjangrar. Rapporten stadfester at folkemusikkfestivalane er «best i klassen»: Medan kvinneandelen for festivalartistane totalt er 23 %, er han for folkemusikkfestivalane 43 %.

Marit Vestrum, rådgivar for lokallag og arrangørar i FolkOrg, har nokre teoriar om korfor det er slik:

– Spelemannsmiljøet har tradisjonelt vore mannsdominert. Kanskje har det gjort at kvinnene i folkemusikken i større grad enn menn har funne førebilete frå andre sjangrar, sjangrar med lengre tradisjonar innan scenisk formidling.

Vestrum peikar òg på at mange av folkemusikkfestivalane er unge, og at det same gjeld dei profesjonelle utøvarane. Det kan ha gjort at gamle maktstrukturar ikkje eksisterer i like stor grad i folkemusikkfestivalane. Ho trekkjer og fram Førdefestivalen som eit positivt flaggskip, ein festival som gjennom mange år har hatt sterke kvinnelege leiarar og halde fram kvinnelege artistar. Men biletet bør òg nyanserast litt, meiner Vestrum:

– Talet på kvinnelege solistar på fele og hardingfele varierer mellom distrikta. Og eg synest vi har for få mannlige folkesongarar. Eg har òg inntrykk av at en del undersjangrar, til dømes gammeldansen, har ei klar overvekt av menn.

Organisasjonane FolkOrg, Norsk Jazzforum, Norske Konsertarrangører og Norske Festivaler har gått saman om rapporten Nasjonal festivalstatistikk 2014.

Klikk på videoen for å så videoen der Eldbjørg Trydal Rysstad kvedar og fortel om planane sine viss ho vinn den 100.000 kronane frå LOS-fondet.

Stem fram kvedartalentet Eldbjørg!

Energiselskapet LOS, eigd av Agder Energi, deler ut pengar til barn og unge på Sørlandet som har drømmer og idear dei ønskjer å realisere. Eldbjørg Trydal Rysstad frå Valle i Setesdal er blant dei som no kan vinne 100.000 kronar. Pengane vil ho bruke til å reise på kappleikar og spele inn ny plate, fortel ho i videoen LOS-fondet har lagt ut på nettsidene sine.

I ei alder av åtte år har Eldbjørg allereie platedebudert: I fjor gav ho ut ein CD med 22 stev. Opprinneleg skulle plata vere ei julegåve til familie og vener. Men då folk i bygda og i folkemusikkmiljøet fekk vite om CD-en, var det mange som ville kjøpe han.

Fram til midnatt på laurdag kan du vere med og stemme fram Eldbjørg på heimesidene til LOS-fondet!

Føreslå kandidatar til Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris

Audhild Flaktveit Moxnes omkom i ei trafikkulykke i Bergen 19. mars 2004, 17 år gammal. Ho dansa folkedans og var aktiv hardingfelespelar. Sidan 2007 Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris blitt delt ut til ein ung hardingfeleutøvar frå Vestlandet. 

Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet, heiter det i utlysningsteksten. Minneprisen på kr 10.000 blir delt ut på Vestlandskappleiken i Førde i oktober, og 14. september er siste frist for å nominere kandidatar. Det gjer du på e-post eller per brev til Bergens Ungdomslag BUL-Ervingen. For meir info, gå inn på heimesida til BUL-Ervingen.

 

Audhild Flaktveit Moxnes med hardingfela si. Minneprisen hennar går kvart år til eit hardingfeletalent i C-klassealder frå Vestlandet. (Foto: privat)

Her er nokre av notane som finst i notearkivet etter Olav P. Hjelvik i kategorien "hambo, pols og springar".

Stor notesamling tilgjengeleg på internett

Olav P. Hjelvik, ein romsdalsspelemann med sjølverklært notesamlemani, har gitt heile notesamlinga si til Rauma folkebibliotek. Spelemannen Arvid Stennes har skanna inn og organisert alle notane, og no er dei tilgjengelege digitalt på Rauma kommune sine heimesider. I ein e-post skriv Arvid Stennes:

På hjemmesiden til Rauma Kommune under kultur, ligger det det nå ca. 1800 noter som er hentet fra Olav P. Hjelviks omfattende notearkiv. Jeg har lagt ned et stort arbeid med sortering og scanning slik at dette nå begynner å se presentabelt ut. Mange melodier er skrevne i forskjellige varianter, og jeg har forsøkt å samle disse. Også mange melodier er uten navn og komponist. Hvis noen vet mer om enkelte melodier, håper jeg dere vil kontakte meg slik at jeg får rettet dette opp. Så håper jeg at dere vil dra nytte av dette materiellet.

Klikk deg inn på notesamlinga her!