Ekslusiv videopremiere frå Boreas – Einar Mjølsnes gjev ut soloplate – Egil Storbekkens musikkpris til Henning Sommerro – Hundreåring i bil til Dyrsku'n – Draumkvedet har ny-premiere i Eidsberg stavkyrkje.

Den norsk-skotske gruppa Boreas slepper i dag videoen til songen "North Sea Holes" på folkemusikk.no. I kveld speler dei på Riksscenen i Oslo saman med Maar.

Videopremiere: Boreas

Folkemusikk.no har i dag gleda av å gi lesarane våre eit eksklusivt videoslepp! I morgon slepper den norsk-skotske gruppa Boreas videoen og singelen «North Sea Holes». Torsdagskvelden feirar dei sleppet med dobbelkonsert på Riksscenen i Oslo saman med gruppa Maar, som nett har gitt ut det andre albumet sitt Epleslang.

Boreas vart grunnlagt i 2006 av felespelarane Lori Watson frå Scottish Borders og Britt Pernille Frøholm frå Hornindal. Med seg har dei trekkspelaren Irene Tillung frå Voss og vokalist og harpist Rachel Newton frå Edinburgh. Gruppa speler både tradisjonelle og nykomponerte slåttar frå heimlanda til musikarane, og songen «North Sea Holes» er skriven av den engelske folkesongaren Ewan MacColl.

For å sjå videoen, klikkar du på denne lenkja under. Skriv inn passordet «yippee».

Boreas: «North Sea Holes» musikkvideo

 

Einar Mjølsnes med soloplate

Einar Mjølsnes var i mange år fylkesmusikar i Hordaland og lærar ved Ole Bull Akademiet. Han er kanskje best kjent for å ha gjort Fanitullen til allemannseige og internasjonal hit på 70- talet med gruppa Christiania Fusel & Blaagress. Ved årsskiftet vart han pensjonist, og no gjev han ut soloplate. Folksrevyen tok ein prat med den plateaktuelle vossingen.

– Du er ein typisk smålåten vestlending som likar å halda deg litt i skuggen. Korleis er det no å stå åleina og å gje ut soloplate?

– Ja, det er for så vidt greitt. Sidan dette er meir ei slags dokumentarisk plate om spelemannen Anders Sagen, ser eg ikkje på det som ein måte å eksponera meg sjølv på. Eg trivst godt med studiojobbing og trivst mindre med å stå på scena.

– Så no er du klar?

– Ja, no har eg ruga lenge på denne plata og er no klar. Viss du spør meg om eg er fornøgd, svarar eg nei. Eg blir nok aldri heilt fornøgd, perfeksjonist som eg er.

– Du er no vorten pensjonist. Er dette ei avslutning av livet som yrkesmusikar?

– Det er iallfall ikkje ei avslutning av livet, får me tru, humrar Einar. – Du kan nok seia det er ei avslutning av yrkeskarriera mi ja. Det er det siste prosjektet eg gjer ferdig som fylkesmusikar i Hordaland.

– Kva har du tenkt å via pensjonisttilveret til? Båtbyggjing? Husvask?

– Eg har nokre ting eg putlar med. Eg brukar ein god del tid på å spela på hobbyinstrumentet mitt, viola da gamba. Eit av mine store prosjekt framover er nettopp å byggja eit slikt instrument. Eg kan iallfall ikkje seia at eg er gjerandslaus, eg keiar meg ikkje!

– Har du nokon kloke ord til folkemusikarar som er på veg inn i eit liv som yrkesmusikar?

– Ver tru mot tradisjonen, men ver samstundes nyfiken – søk nye retningar!

Einar Mjølsnes er aktuell med CD. På den speler han slåttar etter notenedteikningar av Høyanger-spelemannen Anders Sagen. Platesleppet blir 21 september på Kviknes hotell i Balestrand. (Foto: Paul S. Amundsen)
Henning Sommerro mottok i år Egil Storbekkens musikkpris. (Foto: Lasse Berre)

Henning Sommerro vinnar av Egil Storbekkens musikkpris 2015

Egil Storbekkens musikkpris er ein pris til ære for musikaren, komponisten og kulturberaren Egil Storbekken. Prisen blir delt ut til personar som har gjort ein ekstraordinær innsats innan norsk folkemusikk, særleg dei eldre folkemusikkinstrumenta. Den første som fekk prisen var Geir Egil Larsen, i 2006.

Prisen vart i år delt ut til professoren, musikaren og komponisten Henning Sommerro. Han fekk prisen for sitt allsidige virke innan musikken og for sitt engasjement for å bringe tradisjonsmusikken inn i nye musikalske landskap. Sommerro mottok prisen under stemnet Lokalmat på Tolga, der han mellom anna spelte saman med det unge lokale vokaltalentet Inga Trøan Sundt.

Henning Sommerro slo igjennom som 19-åring med melodien «Vårsøg» i 1977, og har sidan vore ein av dei største musikalske personlegdomane i landet. Sjølv om han alltid har eksperimentert med ulike musikalske stilartar, har han alltid hatt røtene frå tradisjonsmusikken i ryggmargen. Sommerro har vunne Spelemannsprisen tre gonger og har også fått Juryens ærespris. I 2013 vart han kommandør av Den Kongelege St. Olavs Orden. Og i år har han altså vunne Egil Storbekkens musikkpris. Me gratulerer!

I hundre på Dursku’n

Det er 149 år sidan Statens første årlige Kvæg-Udstilling i Seljord vart arrangert. Sidan 1940 har toradarspelemannen Olav Ettestad vore fast gjest på det som i dag blir kalla Dyrsku’n. I august fylde Olav hundre år, og denne månaden sette han seg som vanleg i bilen heime i Drangedal for å vere med på Dyrsku’n i Seljord. Som alltid køyrde han innom Lunde for å plukke opp kjærasten Åshild Kruszewski.

Olav tevlar kvart år i hesteskokasting, og har frå tidlegare år ti sigrar. I år vart det ein andreplass på laurdagen og ein tredjeplass på søndagen. Olav speler toradar i drangedalsgruppa Sokkelesten, og er eit kjent fjes på Ibsenhuset i Skien når det blir dansa gammaldans der. Lokalavisa Varden har meir!

Dyrsku'n i Seljord stilte med kake til hundreårsjubilanten Olav Ettestad denne månaden. (Foto: skjermdump frå dyrskun.no)
Klikk på biletet for å få ein smakebit på Draumkvedet i Eidsborg stavkyrkje 3. og 4. oktober. (Foto: Leo-setä, Flickr)

Draumkvedet i Eidsborg stavkyrkje

Draumkvedet er det største visjonsdiktet og den mest kjende middelalderballaden me har i Noreg. Folkesongar Unni Løvlid står bak ein heilt ny framføring av Draumkvedet, saman med Håkon Thelin på kontrabass og Boya Bøckman på videoprojeksjon. Åstaden for draumesyna til Olav Åsteson er denne gongen Eidsborg stavkyrkje i Tokke, som ligg midt i området Draumkvedet er best kjent frå.

– Me ynskjer å sidestilla musikken, teksten og det visuelle som likeverdige i framføringa. Det blir fyrste gong publikum kan få oppleve videoprojeksjon inne i ei stavkyrkje, seier bassist Thelin om framsyninga.

Billettar kan du kjøpe på Billettservice eller i døra på konsertane, som finn stad 3. og 4. oktober.