Fagpublikasjonsprisen til Astrid Nora Ressem, song frå Dovre og Hardanger, Karl Seglem med plateslepp og velfødde geitebukkar, hallingkurs i Gransherad og eit hundreårslag i Sarpsborg.

Fagpublikasjonsprisen 2015 til Astrid Nora Ressem

Astrid Nora Ressem har vunne pris for arbeidet sitt som redaktør av Norske middelalderballader. (Foto: Spartacus forlag)

Rådet for folkemusikk og folkedans oppretta i 2013 ein pris for fagpublikasjonar. Føremålet til denne prisen er å styrkja interessa for fagpublikasjonar med relevans for folkedans og folkemusikk. Rådet har vedtatt å gje Fagpublikasjonsprisen 2015 til Astrid Nora Ressem for hennar arbeid som redaktør av Norske middelalderballader.

– Rådet ser på tilgjengeleggjering av dei norske ballademelodiane som svært viktige innanfor vårt felt. Denne publikasjonen tilfører viktig kunnskap til feltet, og kan forhåpentleg føra til både utstrakt bruk av melodiane og stimulera til vidare forsking på området, fortel Ragnhild Knudsen i Rådet for folkemusikk og folkedans.

Astrid Nora Ressem er musikkvitar frå Universitetet i Oslo og har arbeidd som musikkfagleg ansvarleg i Norsk visearkiv sidan 1996.

Me gratulerer!

Kvedaren på Dovre

Kvedaren Bjørn Sigurd Glorvigen frå Dovre slepper debutplata si 6. november på Riksscenen for folkemusikk og folkedans i Oslo. Plata heiter «Dovresange» og inneheld folkemusikk frå heimstaden. Alt frå skillingsviser, salmer og ballader til bånsullar og springleikar kan kan ein finna på plata.

Folkemusikken og folkesongen står ikkje spesielt sterkt på Dovre i dag, og med denne plata håpar Glorvigen at dovringane kan få augo opp for denne kulturarven og ta han med seg vidare inn i framtida. For han er denne kulturarven ein skatt.

– Eg fann ikkje denne skatten før eg var vaksen og hadde flytt heimanfrå. Ofte er det vel slik at ein ikkje ser det som ligg rett framom augo sine. Å flytte ut tvingar ein til å finna ut kven ein er, kvar ein kjem frå og kva ein ynskjer å ta med seg vidare. Takka vere framsynte folk som Tor Wigenstad, som spelte inn ulike kjelder og skreiv ned folkesongar, kunne eg lære meg songar etter personar som ikkje lenger er i live. Eg har også vore så heldig og møtt fleire kjelder som lever i dag og lært songar direkte frå dei.

Bjørn Sigurd er utdanna folkesongar frå Norges Musikkhøgskule, er A- klassing i kveding og har tidlegare sunge i visejazzbandet Østenfor Sol. Utanom soloprosjektet sitt er han mellom anna med i gruppa TRI, som tonesett dikt av diktarar frå Gudbrandsdalen, og gruppa Tidligfolk som speler tidlegmusikk og folkemusikk.

Bjørn Sigurd og folkesongane hans treffer du altså på Riksscenen 6. november. I tillegg blir det konsertar i Gudbrandsdalen og truleg også i Oslo- området i februar 2016, så det vil koma andre høve til å høyra han.

Bjørn Sigurd Glorvigen frå Dovre slepper debutplata si «Dovresange» i november. Han måtte flytte frå Dovre før han fekk augo opp for den heimlege kvedartradisjonen sin. (Foto: Knut Utler)
Promovideo for Dovresange (klikk på bilete)

Karl Seglems geitebukkar

Karl Seglem speler for dei nyfikne geitebukkane Jazz og Buster, som sjølv skal bli til bukkehorn om nokre år, i Sogndal. For å sjå videoen, klikk på lenkja nedst i høgre spalte. (Skjermdump frå bt.no)
Gjennom folkefinansieringsnettstaden Pledge har fansen til Karl Seglem heilfinansiert Jazzbukk-prosjektet hans. (Skjermdump frå pledgemusic.com)

Rundt omkring i dei norske bygdene beitar tusenvis av sau og geiter. Dei fleste av desse dyra vert fora opp for å verta mat, eller dei produserer mjølk og ull. Men ikkje alle: Geitebukkane Buster og Jazz har brukt sommaren til å feita seg skikkeleg opp, og har utvikla store og fine horn, takk vere Karl Seglem.

Og det er horna som er målet i dette tilfellet. Seglem er uroa over at interessa for bukkehorn som instrument er synkande, og har sett i gang eit prosjekt for å auka interessa. Hovudmålet for prosjektet er at fleire skal få lyst å læra seg kunsten å spela bukkehorn, men også å sikra seg tilgang på horn til instrumentproduksjonen.

Karl Seglem har alliert seg med ein geitebonde i Sogndal og organisert ein folkefinansieringskampanje på nettsida Pledge Music. Gjennom sal av CD-ar, T-skjorter og bukkehorn har Seglem fullfinansiert produksjonen av bukkehorna. Og vert det pengar att, skal dei brukast til å organisera kurs i korleis ein spelar og sjølv lagar instrumentet.

Folksrevyen meiner: Tommel opp for folkefinansieringsprosjektet!

Karl Seglem feirar i haust også 30-årsjubileum som profesjonell musikkutøvar. 8. oktober gav han ut ikkje mindre enn tre CD-ar. Dei er no i sal i musikkbutikkar, men dei som har stødd Jazzbukk prosjektet gjennom Pledge Music har allereie motteke ein eksklusiv boks med alle dei tre CD-ane i.

Neste høgdepunkt er ein stor konsert med band på Nasjonal Jazzscene den 20. november. Håkon Høgemo og Sigrid Moldestad bidreg på hardingfele i bandet som tel åtte personar.

Klikk her for å sjå videoen der Karl Seglem presenterer geitebukkane Jazz og Buster.

Smånytt frå Folkemusikk-Noreg

Hallingkurs i Telemark

Gransherad spel- og dansarlag driv i desse dagar på med instruktørkurs i halling. Dansarar frå Gransherad, Heddal, Seljord og Tinn er med på kurset, som skal bidra til å sikra undervisning i halling for framtida. Deltakarane får undervisning i tradisjonslære, dans, pedagogikk og sikring ved akrobatikkøvingar. Hovudlærarar er Sigbjørn Rua og Bjørnar Blaavarp Heimdal.

 

Hardanger syng med Berit Opheim

Tre kvelder denne hausten møtest syngjeglade i alle aldrar til songkveldar i Granvin. Hardanger spelemannslag er arrangør av desse kveldane og med seg på laget har dei fått Berit Opheim. Det er for tida dårleg med opplæring i kveding i kulturskulane rundt omkring. Difor kan slike songkveldar vera kjærkomne for songlade hardingar. Og tilbodet er eit lågterskeltilbod.

– Tanken er berre at me skal møtast, syngja og ha det kjekt i lag, fortel Berit Opheim til avisa Hordaland.

Den fyrste songkvelden var 29. september, og med omlag 20 deltakarar kan ein vel kalla dette for ein suksess. For dei som har lyst å hiva seg med på dei resterande kveldane, er datoane 20. oktober og 11. november.

 

BUL Sarpsborg er 100 år og inviterer til fest

BUL Sarpsborg fyller 100 år, og dei håpar at mange vil vera med på feiringa. Dei inviterer til barneleikfest på Folkets Hus på Greåker laurdag 7. november kl. 16.00. For meir info og påmelding, send dei ein e-post på bulsarp@online.no

Frå kvedarkurset til Berit Opheim i Granvin. Det kjem nye mogelegheiter i oktober og november. (Foto: Gudrun Folkedal)
Frå innbydinga til hundreårsdagen til BUL Sarpsborg.