Det skjer mykje bra på folkedans-feltet rundt om i landet. I denne utgåva av Folksrevyen vil me gje eit oversyn og innblikk i dette, til glede og inspirasjon! Les om interaktiv danseframsyning i Møre og Romsdal, Ole Vig kulturpris 2015, nye dansekurs ved NTNU, folkedanslab i Oslo, meisterinstruktørkurset til Noregs Ungdomslag, folkedansprosjekt i Hordaland og, ikkje minst, sjå det tyske moteshowet med innslag av folkedans-steg.

ØSTFOLD: Folkedansar får gjev kulturpris

Det er ikkje så ofte folkedansarar vinn gjeve kulturprisar, men no har det altså skjedd. Helene Storstøm Auset frå Greåker i Sarpsborg er tildelt Ole Vig- prisen for 2015. Tidlegare prisvinnarar er mellom anna Odd Nordstoga og Herborg Kråkevik.

Helene Storstrøm Auset har gjennom mange år arbeidd for folkedansen i Østfold og Sarpsborg gjennom ein stor innsats i BUL Sarpsborg. Ho får prisen for sitt store lokale og regionale kulturarbeid retta mot barn og unge.

I grunngjevinga for Ole Vig-prisen 2015 heiter det at:

«hun bruker fritiden sin, iveren sin og kompetansen sin til å videreføre lokalt tradisjonsstoff.  Dette gjør hun på en inspirerende måte og med stor glede. Helene Storstrøm Ausets innsats er avgjørende for tilbudet om folkedans i Sarpsborg og i Østfold».

Prisen er på 10 000 kr og vert delt ut i kulturhuset Kimen i Stjørdal 3. desember.

Me gratulerer!

Helene Storstøm Auset frå Greåker har motteke Ole Vig-prisen 2015 for innsatsen sin i Bul Sarpsborg. (Skjermdump: sa.no)

Sjå ein snutt frå framsyninga «Eg visste ikkje du kunne danse»! 

MØRE OG ROMSDAL: «Eg visste ikkje du kunne danse»

– ei interaktiv danseframsyning basert på folkemusikk og dans frå Romsdal

Folkemusikar Britt Elise Skram og folkedansar Anna Liv S. Gjendem har samla inn musikk og dans frå Romsdal og laga denne interaktive danseframsyninga.  Ei danseframsyning om å overvinna angsten for å dumma seg ut, om det å koma seg ut på dansegolvet og gleda over å få vera med i dansen. Britt Elise og Anna har motteke kunstnarstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å laga denne framsyninga.

«Dersom veggane i eit samfunnshus kunne fortelja, ville vi få historiar om flausar og om mot. Om barduse sats og hjertebank og byrjinga på eit heilt liv saman»

«Eg visste ikkje du kunne danse» vert sett opp på 15 små tettstader i Møre og Romsdal. Og kanskje vil ein etterkvart få sjansen til å bli med på dansegolvet på ein festival nær deg!

SØR- TRØNDELAG: Nye folkedanskurs ved NTNU

Dansevitskap ved NTNU har lansert to nye fag for folkedansarar som er interesserte i det nyskapande sceniske folkedansfeltet. Faget «Folkedanskroppen og scenen» (7,5 studiepoeng)  går no i haust og fekk 32 søkjarar til 20 plassar.

Kurset er delt opp i to bolkar. Fyrste del tek for seg treningsmetodar knytt til balanse, rytme, rotasjon, kroppshaldning og kroppsleg medvit. Andre del av kurset handlar om ulike måtar ein kan bruka tradisjonsdansen på til å skapa ulike danseutrykk, og korleis ein kan ta estetiske val når ein lagar koreografi for å utøva god formidling og kommunkasjon på scena.

Lærarar på kurset er utøvarar frå etablerte norske folkedanskompani,  dansefagleg tilsette ved Senter for folkemusikk og folkedans og ein fysioterapeut med erfaring som dansar i verdstoppen og frå Olympiatoppen.

Faget «Tradisjonsdans og scenen» går til våren 2016 og opptaka til dette faget startar snart.

OSLO: Folkedanslab

Folkedanslab er ein relativt ny arena på Riksscenen for folkemusikk og folkedans sin regi. Eg tok meg ein liten prat med folkedanslabens mor Halldis Folkedal for å finna ut litt meir om kva denne nye arenaen skal handla om.

– Kvifor treng ein folkedanslab, Halldis Folkedal?

­­– Fordi folkedansarar som arbeider scenisk treng ein møteplass. Som ein scenisk folkedansar kan det vera vanskeleg å vita kor ein høyrer heime, er det hjå dei som arbeider scenisk andre stader, eller dei som arbeider med folkedans som samværsdans? Difor kan det vera godt å ha ein plass som folkedanslaben der ein møter andre folkedansarar som arbeider med eit scenisk uttrykk.

– Kva skjer under ein folkedanslab?

­– Me legg opp til ulikt opplegg frå gong til gong. Me inviterer koreografar eller pedagogar som har ulike konsept, tankar eller refleksjonar rundt eit emne til å dela det med deltakarane på laben. Me utvekslar idèar, me viser fram koreografiar som er under arbeid og gjev kvarandre inspirasjon.

– Kva står på programmet framover?

– 22. november er det eit kurs med Ingeleiv Berstad. Som samtidsdansar, folkedansar, folkemusikar og koreograf har ho mykje å by på. På laben vil Ingeleiv gje oss ulike koreografiske øvingar og perspektiv på korleis ho arbeider. 20.–21. februar har me kurs med Panta Rei danseteater, og 10 april vil me få møta Inga Myhr og Indra Lorentzen som vil dela erfaringar, perspektiv og innfallsvinklar frå då dei produserte Bygda dansar Hedmark sin sluttproduksjon.

Fylgj med på Riksscenen sine heimesider for meir informasjon!

 

Illustrasjonsfoto: scene frå Sigurd Johan Heides dansekortfilm “Ringlendar”. (Foto: Andreas Løken)

OSLO: Meisterinstruktør/elev

Mange har høyrt om MasterClass Hardanger, eit opplegg der hardingfeleutøvarar får følgja ein meisterspelemann på nært hald.

No har det også kome eit tilbod for folkedansarar som har lyst å utvikla seg som danseinstruktørar. Noregs Ungdomslag (NU) har starta eit meisterelev/instruktør-prosjekt, eit spesialopplegg der eleven fylgjer ein instruktør over ein lengre tidsperiode. På den måten får eleven ein drøymesjanse til å fordjupa seg i instruktørrolla over lengre tid.

Opplegget vert spesialtilpassa til kvar deltakar etter kva dei har lyst å læra meir om og kva kunnskapar meisterinstruktøren har. Årets prosjekt fekk mange gode søknadar og dei heldige deltakarane som vart plukka ut er Jon Bugge Mariussen (i lære hjå Martin Myhr) og Maria Skjeldrum Toppe og Silja Solvang (i lære hjå Vegar Vårdal).

HORDALAND: nytt folkedansprosjekt

Hardingfela.no, ved eigarane Hardanger og Voss Museum og Ole Bull Akademiet vil i samarbeid med Hordaland folkemusikklag og Hordaland ungdomslag, ta eit større ansvar for ei auka satsing på folkedansen i fylket. Dei har difor tenkt å setja i gang eit danseprosjekt for å sikra at tradisjonar og handlingsboren kunnskap vert dokumenterte og vidareførte til nye generasjonar.

I fyrste omgang har dei søkt om og fått løyvingar til eit forprosjekt som skal klargjera kva innhald, rolle og organisering hovudprosjektet skal ha. Forprosjektet skal ta til på våren 2016 og søknadsfrist for å søkja som prosjektleiar for forprosjektet er sett til 31. oktober. Sjå olebull.no for meir info.

Klikk på biletet for å sjå den tyske dansevideoen som har gått som ein farsott over Fjesboka. (Stillbilete frå filmen)

VIRAL DANSEVIDEO

Har du ein litt trøtt fredag og lengtar fram til helga? Då vil nok dette tyske moteshowet som dei siste dagane har fått Fjesboka til å le, garantert få opp stemninga. Folksrevyen meiner showet heilt klart er ein del av ein europeisk folkedansarv. Observante sjåarar har registrert at dansarane i dette klippet er tydeleg inspirerte av folkedans, og ein kan både sjå både byttomfotsteg (reinlendar), hoppsasa, nokre polkasteg og snurr–snurr. Her er det berre å kosa seg og ta fram superlativa.