Førre veke fekk du ein dansespesial i Folksrevyen. Denne gongen handlar alt om musikk – og litt om historiefaget.

Lært opp av Fossegrimen: Rapp møter folkemusikk på TV2

Rappartisten og Ole Bull Akademiet-studenten Per Olav Hoff Mydske, alias Skranglebein, har kome til semifinalen i TV2-programmet Norske Talenter. I programmet møtast alt frå tryllekunstnarar, sjonglørar og nysirkusartistar til musikarar og dansarar til kappestrid. Med på scena får Skranglebein med seg både folkemusikarar og folkedansarar.

– Med meg på scena har eg SVER. Vi har laga vår eigen versjon av låten deira «Fossegrimen», som eg skal rappe over. I dei tidlegare rundane har eg improvisert all teksten, men denne gongen blir det ein ferdigskriven tekst. For å halde på nærleiken til situasjonen, som er fredagskveld på TV, skal eg framføre ein rapptekst som handlar om nett det, med ordspel på TV-programtitlar, fortel Skranglebein.

Folkemusikkreferansane sit tett i semifinaleteksten, røper Skranglebein, med vendingar som «Lært opp av Fossegrimen», «Kall meg Myllarkjeften» og «Bytta bort en DJ, fekk tilbake fela».

– Tre folkedansarar blir òg med, og ein breakdancer. Alle dansarane har fått beskjed om å stille i bunad. Sjølv stiller eg sjølvsagt i Østfoldbunad, seier fredrikstadmannen.

Det var sommaren for to år sidan at Skranglebein, kjent frå rappgruppa Pen Jakke, kom inn i folkemusikkmiljøet. På Moldejazz hamna han på nachspiel der han fristilrappa i kjent stil, og som tilsvar til rappen kom det eit stev frå Mathilde Øverland. Ho hadde plukka opp forteljing han hadde rappa om, og gjorde det om til eit stev.

– Det var då eg blei merksam på at det fanst eit anna miljø i Noreg som improviserte tekst, slik vi gjer i fristilrappen. Eg måtte lære meir. Frå Molde drog eg rett til Hilme-stemnet og tok kvedarkurs med Ingvill Marit Buen Garnås, og nokre veker seinare var eg på kvedarkurs med Marit Karlberg på Telemarkfestivalen. Så eg ramla midt opp i smørauget! skildrar Skranglebein.

På Telemarkfestivalen i 2013 var han òg gjest på konsertane til Tassili og til Snakka San og SVER. Sidan har han jamma med nær sagt dei fleste norske folkemusikarar, og i fjor blei han student på Ole Bull Akademiet på Voss. Og no får han altså med seg SVER og eit knippe folkedansarar – Frederick Brevig Jacobsen, Nikolaj Bo Fischer Nielsen, Jon Bugge Mariussen og Bjørn William Hafstad – på TV2-scena i beste sendetid. Viss han kjem til finalen, er planen klar: Det blir meir folkemusikk.

– Då får eg med meg Erlend Viken, Andris Hemsing, Steinar Ofsdal, Magnus Jr. Larsen og Ibou Cissokho, i tillegg til beatboxer Droolian frå mitt eige band. Eg er utruleg takksam for at desse fantastiske musikarane vil vere med meg på scena – og på eit såpass kommerst prosjekt som dette, seier Skranglebein til slutt.

Semifinalen kan du sjå på TV2 fredag 20. November klokka 20. Om Skranglebein kjem til finalen, kan du sjå han der fredagen etter, til same tid.

Per Olav "Skranglebein" Hoff Mydske er i semifinalen i TV2-showet Norske Talenter. (Foto: Torunn Brånå)
Skranglebein i fri utfalding på Norske Talenter, der han imponerer dommarane med å improvisere over ord dei sjølve har vald ut. (Skjermdump frå TV2)
Skranglebein på scena saman med Erlend Viken Trio på Osafestivalen 2014. Viss Skranglebein kjem til finalen i Norske Talenter, kjem han til å stå på scena med Erlend Viken nok ein gong. (Foto: Audun Stokke Hole)

Frå Island: Hallvard T. Bjørgum med alltingspresident Einar K. Gudfinnsson, steinkyrkja på Tingøyrar og Bjørgum som speler i kyrkja. (Foto: Saga Bok)

Med sagaskatt og hardingfele til Sagaøya

Det norske forlaget Saga Bok gav i fjor ut første band av Flatøybok, ein av dei mindre kjende norrøne kongesagaene. Boka blei ferdigskrive kring 1394, og er det største islandske mellomalderdokumentet ein kjenner til.

Det er første gong at heile verket er blitt omsett til norsk, og det andre av til saman sju band kom nett ut. Boka inneheld mellom anna den revolusjonerande teorien om at Olav Tryggvason ikkje døydde i Slaget ved Svolder, men mange år seinare som munk i Syria.

I samband med utgivinga av andre bandet, reiste representantar for forlaget Saga Bok til Island for å overrekkje boka til alltingspresident Einar Kristinn Guðfinnsson – til hardingfelemusikk. Gjestane frå Noreg fekk god omtale i islandsk riksmedia, mellom anna i riksavisa DV (Dagblaðið Vísir). Med seg hadde forlaget spelemann Hallvard T. Bjørgum.

Etter å ha overrekt Flatøybok til alltingspresidenten, reiste følgjet nordover til Tingøyrar. I steinkyrkja her heldt Bjørgum konsert, mellom anna med Geir Waage som tilhøyrar. Waage er sogneprest på Reykholt, heimstaden til Snorre Sturlason, og han er òg ein dyktig folkesongar. Han gav Bjørgum eit døme på tvísöngur, tradisjonell fleirstemt song.

Tvísöngur var kyrkjemusikken her på Island fram til dei kring år 1900 sette inn denne «larmekassa» her, sa Waage og peikte på orgelet i kyrkja.

Bjørgum kvitterte med å greie ut om hypotesen til dansken Morten Levy: Den islandske tvisongen og dei gorrlause rammeslåttane har truleg same opphav. Til Folkemusikk seier Bjørgum om hypotesen:

– Den tidlegaste nedteikninga av fleirstemt song i norrøne verda, er Sankt Magnus-hymnet. Det blei skrive ned på Orknøyane på 1100-talet til ære for ladejarl Magnus Erlendsson, fødd på Tromøy ved Arendal. Det er truleg dikta av Ragnvald Kolsson, Magnus» nevø, som reiste frå Agder til Orknøyane etter at onkelen døydde. Hymnet inneheld parallelle tersar, ukjende i annan kyrkjemusikk frå mellomalderen. Morten Levy ser denne harmonikken i samanheng med dei gorrlause hardingfeleslåttane frå Setesdal – særleg Nordafjells.

NRK laga i 1977 eit TV-program, Den sterke slått, der Morten Levy legg fram teoriane og diskuterer dei med Torleiv H. Bjørgum. Og i 2012 utvida sonen Hallvard perspektivet i NRK-programmet Rammeslåtten: Han følgde slåttane vidare til Aserbajdsjan, der han meinte å finne folketonar med sterke likskapar til dei gorrlause hardingfeleslåttane.

Bjørgum fortel at han har teke kontakt med folkemusikkredaksjonen i NRK med ønskje om å lage eit nytt program: han vil reise til Island, Færøyane og Orknøyane og undersøke teoriane til Morten Levy nærare der.

Sikkert er det òg at Bjørgum ønskjer seg tilbake til steinkyrkja på Tingøyrar – han skildrar akustikken her som heilt makelaus.

­– Den einaste staden eg har høyrt maken til akustikk, er i Emmanuel Vigelands mausoleum i Oslo! seier Bjørgum om den.

Folkemusikarar nominerte til NRK-pris

For andre gong er trekkspelaren Linda Gytri frå Stryn nominert til NRK Sogn og Fjordane sin Luttpris. Gytri sleppte i mars andreplata si Audire, som mellom anna fekk god omtale på Folkemusikk.no.

Luttprisen famnar om alle musikksjangrar og har kvart år sidan 2006 blitt delt ut til ein artist frå fylket. I fjor var det den eksperimentelle songaren og låtskrivaren Thea Hjelmeland som vann prisen, og året før vann Karl Seglem. Den plateaktuelle årdølen Seglem, som i år feirar trettiårsjubileum som artist, er nominert i år igjen. Det same er honndøl og hardingfelespelar Britt Pernille Frøholm med den like plateaktuelle gruppa Maar – dei sleppte andreplata si Epleslang i september.

Prisen er eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest og eit kunstdiplom av Naustdal-kunstnaren Oddvar Torsheim. Fram til fredag 13. november kan du klikke deg inn på heimesidene til NRK Sogn og Fjordane og stemme på Linda Gytri og dei andre nominerte til Luttprisen.

Linda Gytri trio. (Foto Oddleiv Apneseth)

Nordstoga og Sundli med juleplate og turné

Juleturneen til Aasmund Nordstoga og Gunnhild Sundli har allereie rekt å bli ein juletradisjon. For tredje året på rad legg dei i år ut på turné saman, og 6. desember byrjar turneen i Bø i Telemark. I dag, 6. november, blir plata Sæle jolekveld sleppt. Med på plata og på turneen er Åsmund Reistad, Daniel Sandén-Warg, Gjermund Silseth og Helge Norbakken.

Det er publikum frå konsertane tidlegare år som har mast seg til å få songane frå juleturneen utgitt på CD, fortel dei to i ei pressemelding. På plata finst favorittjulesongane både til konsertpublikummet og til Nordstoga og Sundli sjølve, med kjente titlar som «Mitt hjerte alltid vanker», «Kling no klokka» og sjølvsagt tittelsporet «Sæle Jolekveld».

Sleppfest på Riksscenen og andre konsertar

Fredag er det dobbel sleppfest på Riksscenen for to særmerkte folkemusikkutgivingar.

Spring du fela er eit nytt prosjekt i regi av felespelaren Mari Skeie Ljones. Gamle spelemannshistorier er gitt nytt liv i tekstar skrive av lyrikarar som Cornelius Jakhelln, Gaute Sortland, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Sigrid S. Botheim og Torbjørn Ljones. Det er Mari Skeie Ljones som sjølv har fortalt historiene om folkemusikarar og dansarar frå Gudbrandsdalen til lyrikarane, og tilbake har ho fått både korte, lange, dramatiske, triste og glade tekstar.

Onsdag denne veka blei plata sleppt i Skeie Ljones sin heimby Lillehammer, og no er altså tida komen for slepp i hovudstaden. Musikarane som er med, ved sidan av hovudpersonen sjølv, er Camilla Granlien, Olav Christer «Laffen» Rossebø, Jo Fougner Skaansar og Gaute Sortland.

Samtidig slepper kvedaren, diktlesaren og gitaristen Bjørn Sigurd Glorvigen frå Dovre solodebutplata si Dovresange. På repertoaret står folkemusikk frå heimstaden hans – alt frå skillingsviser, salmer og ballader til bånsullar og springleikar. Folkesongen står ikkje sterkt på Dovre i dag, og med plata vonar Glorvigen at dovringane kan få augo opp for denne kulturarven.

– Eg fann ikkje denne skatten før eg var vaksen og hadde flytt heimanfrå. Ofte er det vel slik at ein ikkje ser det som ligg rett framom augo sine. Å flytte ut tvingar ein til å finna ut kven ein er, sa Glorvigen til Folkemusikk då vi presenterte plata hans i oktober.

Godt spel får du andre stader òg:

– I Bø i Telemark blir det Bø-kappleik og fylkeskappleik for Telemark laurdag 7. november, med kappspel om Myllargutmedaljar i gull og sølv.

Hilmarfestivalen er godt i gang i Steinkjer.

– For dei trekkspelglade er det «danseweekend» på Straand hotel i Vrådal.

Mari Skeie Ljones (t.v.) og ein av lyrikarane i «Spring du fela», Anna Kleiva. (Foto: Ingvil Skeie Ljones)
Bjørn Sigurd Glorvigen frå Dovre slepper debutplata si «Dovresange» i november. Han måtte flytte frå Dovre før han fekk augo opp for den heimlege kvedartradisjonen sin. (Foto: Knut Utler)