Olav Mjelva med tredobbelt plateslepp, ny organisasjon for artistar som eig eigne innspelingar, storslått kurshelg på Riksscenen, ny festivalsjef for Jørn Hilme-stemnet og Førdefestivalen med temaslepp.

To av platene Olav Luksengård Mjelva gjev ut no på nyåret, med Nordic Fiddlers Bloc og Rydvall Mjelva.

Travel platevår for Mjelva

Olav Luksengård Mjelva set ny personleg rekord i talet på CD-utgjevingar no på seinvinteren. Ikkje mindre enn tre plater er han med på å setja ut i livet i lag med sine medmusikantar.

I lag med den svenske nyckelharpespelaren Erik Rydvall lanserte Mjelva plata Vårdroppar no i januar. Duoen har vore på ein liten miniturné i Noreg i desse dagar, og gjekk du glipp av denne, kan du reisa til Sverige i april og sjå dei der. Sjå heimesida til Rydvall Mjelva for datoar og meir informasjon.

The Nordic fiddlers Bloc, med Olav Luksengård Mjelva, Kevin Henderson og og Anders Hall, kjem også ut med plate no i februar. 15 februar lanserer dei plata Deliverance.

Og ikkje minst kjem ei plate ut som Mjelva og John Ole Morken har jobba med i ti år: Musicus – Folkbarokk Fra Rørosområdet. På slutten av 1700-talet vart mange felespelarar frå Røros sendt til storbyen for å læra seg å spela etter notar, for å underhalda overklassen i den vesle byen. Ein del av materialet vart nedskrivne på notar, og dette får du høyra på denne CD-en, spelt av eit stjernelag av musikarar. Lanseringskonsert er 18. februar i Røros kyrkje, og dagen etter er det konsert på Riksscenen i Oslo.

– Alle platene har me jobba med i mange år, så det blir veldig godt å få dei ut til folket, fortel Mjelva. Den travle rørosingen har Mjelva nemner også at han snart har klart programmet til den andre Røros Folk Festival; 18. februar skal det sleppast.

Han bidrar på eit par andre utgjevingar som snart kjem også, legg Mjelva til:

– Eg har vore så heldig å få vera gjesteartist på den nye plata til det skotske folkbandet Breabach, som straks er ute, og den spennende plata Skuggsjá, eit samarbeidsprosjekt mellom Wardruna og Enslaved. Ho vert sleppt i mars.

Ny samskipnad for artistar som gjer det sjølve

14.desember 2015 blei NORA, Norwegian Recording Artists, skipa, og 28. januar i år heldt organisasjonen si fyrste generalforsamling. Organisasjonen har alt skapt frisk debatt både i Dagens Næringsliv og Ballade, og me vil nok høyra meir frå organisasjonen.

Men kva er NORA? Me spør Ingunn Bjørgo, trekkspelar frå Asker og ein av stiftarane av NORA:

– NORA er sameininga for artistar som gjer «alt» sjølve, og som eig sine eigne masterinnspelingar. Ein må eiga musikk som er utgjeve, ikkje som ligg i skrivebordsskuffen. 20 % av Gramos utøvarmedlemmer er i denne situasjonen, og me har til no ikkje hatt vår egen sameining. No ønskjer me å forhandla med vederlagsbyråa Gramo og Norwaco, samt NRK, på våre eigne vegner, og slik betre sikra inntektene og rettane våre.

 

Dagens Næringsliv er den avisa som har via den nye organisasjonen NORA, Norwegian Recording Artists, mest merksemd. (Skjermdump: DN.no 29. januar 2016)

Bjørgo driv sitt eige plateselskap, AskerLadden Kulturverksted. Det er viktigare enn nokon gong for små aktørar å eiga sine eigne masterar, meiner Bjørgo. Ikkje minst innan folkemusikken og andre små sjangrar der det finst lite pengar:

– Strøymetenestene gjev mikroskopiske beløp til artisten, det meste går til plateselskapa og strøymetenesta. Difor er det ein stor fordel å ha sitt eige plateselskap. Me veit heller ikkje kor vegen går – når teknologien utviklar seg må me sitja med kontrollen.

– Kva kan NORA gjera som ikkje FONO og andre organisasjonar kan?

– FONO representerer tradisjonelle norske plateselskap og fyller behovet for representasjon som dei har. Som artist er det lett å ‘forhandla seg bort’ når eit plateselskap vil gi ut innspelinga di. Er du din eigen produsent, har du større moglegheit til å leva av dette; men sidan me sjølvstendige produsentar sit så åleine i alt me gjer, må me organisera oss. NORA gjev meg et nettverk der eg kan spørja om ting eg lurer på, kva eg skal gjera og ikkje minst ikkje gjera. Juridisk bistand og kompetanseheving er ei av dei viktigaste oppgåvene NORA har overfor medlemmene.

NORA er ein av fleire måtar å auka medvitet til artistane om rettane og moglegheitene dei har, meiner Bjørgo:

– Til dømes, om du har arrangert ein tradlåt har du krav på arrangementsrettar. Men om du ikkje registrerer arrangementet ditt hos TONO, får du ingen pengar for arbeidet ditt med arrangementet: TONO-avgifta for arrangementet ditt vert innbetalt, men midlane går til andre. Eg tenkjer at viss vi tek betre vare på rettane våre, vert det meir ressursar til å produsera meir folkemusikk. Generelt treng me meir deling av bransjekunnskap i folkemusikken!

Viss du vil vita meir om NORA, kan du gå inn på heimesida deira. Her kan du også lesa vedtektene til organisasjonen (PDF-dokument).

Storhelg for eldre folkemusikkinstrument i Oslo

Til helga rullar Riksscenen i Oslo ut den raude løparen og er vertskap for ein av årets store hendingar for eldre folkemusikkinstrument. Norsk kvedarforum, Norsk munnharpeforum, Norsk lur- og bukkehornlag og Norsk langeleikforum går saman om å arrangera Klangen før fela, ei massemønstring av utøvarar og kursdeltakarar frå heile landet. Det blir kurs i kveding, munnharpe, langeleik, seljefløyte, lur og bukkehorn. På kveldane er det konsert for både kursdeltakarar og vanleg konsertpublikum. På heimesida til Riksscenen kan du lesa meir om arrangementet.

Sudan Dudan og Mark Olson deler scene

Mark Olson, medgrunnleggjar mellom anna av bandet Jayhawks, er ein superkjendis for Americana-interesserte. Kona hans, Ingunn Ringvold frå Larvik, er òg kjent som soloartisten Sailorine. Dei to gav ut plata Good-bye Lizelle i 2014, spelt inn «på vegen» med lokale musikarar i Europa og Sør-Afrika. Denne veka byrjar dei på ein noregsturné, og onsdag 10. februar deler dei scena med Sudan Dudan på Riksscenen. Dei andre spelestadene og datoane kan de sjå på heimesida til Mark Olson.

Ellen Persvold synest det er kjekt å vera festivalsjef for Jørn Hilme-Stemnet. (Foto: frå hilme.no)

Lukkeleg ny Hilme-sjef

På 1990-talet var Ellen Persvold med og oppretta Strunkeveko, og ho bidrog sterkt til fornyinga av Jørn Hilme-stemnet. No er ho tilbake som nytilsett festivalsjef for Jørn Hilme-stemnet. Det er ho lukkeleg over, fortel ho.

– Kvifor er du lukkeleg, Ellen?

– Eg er rett og slett lukkeleg for å arbeida med Hilme-stemnet og Strunkeveko att. Eg er også lukkeleg fordi det er mange dyktige folk med på laget. Sivert Holmen er kursleiar for Strunkeveko, Frode Rolandsgard er leiar for hovudnemna for Hilme-stemnet. I tillegg får eg mange positive svar frå artistar og instruktørar. Det rockar! Men eg veit også at det ventar hardt arbeid på meg – det er det mykje av på alle nivå av kulturlivet.

– Korleis ligg de an med planlegginga?

– Me ligg litt bra an, som det heiter her oppe i dalstroka innanfor. Lendmenn skal spela opp til laussluppen stemning på laurdagskvelden, og Silje Onstad Hålien kjem med 101 hattar-forestillinga si. Og så gler eg meg til intimkonsertane og til gode møte og dans på alle golv.

Ellen kjem frå stillinga som kultursjef i Nord-Aurdal kommune. Ho har hatt ei rekkje styreverv innan musikk og kulturliv, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Folksrevyen ynskjer Ellen til lukke med stillinga og lukke til med arbeidet.

Førde på flukt

Førdefestivalen har valt eit svært dagsaktuelt tema for årets festival, fortel festivaldirektør Hilde Bjørkum:

– Temaet På flukt! er globalt og høgaktuelt på alle måtar. Gjennom temaet vil me fokusera på den kulturelle rikdommen og mangfaldet i land me elles gjerne tenkjer på og høyrer om i samband med krig, konfliktar, fattigdom og naud. Me vil visa det vakre i kulturen og musikken frå desse landa.

Festivalen vil minne oss alle om at migrasjon til alle tider har påverka og utvikla samfunn og kultur rundt oss, fortel Bjørkum vidare. Mellom anna kjem det artistar frå Syria til festivalen.

– Syria er frå eit kulturelt og religiøst synspunkt det mest samansette landet i Midtausten, og berar av dei eldste tradisjonane innan kristendommen. På same tid eksisterer det mange avskyggingar innan islam og jødedom i landet. Dette store religiøse mangfaldet har Syria levd med i mange hundre år, og det vert reflektert gjennom musikktradisjonane knytt til dei ulike religiøse retningane. Dei store konfliktane har kome først i nyare tid.

Andre temaartistar kjem frå Eritrea, romfolk i Ungarn og Romania, Spanias sefardiske jødar og kurdarar i Tyrkia. Nytt av året vert ein stor kyrkjekonsert, som Førdefestivalen samarbeider med Kirkelig Kulturverksted (KKV) om. Musikken frå festivalen vert sleppt på ei plate på KKV under festivalen. Det komplette programmet for Førdefestivalen vert sleppt torsdag 7. april, og du kan lesa meir om årets tema og andre Førde-nyhende på heimesida til festivalen.

Den eritreiske musikaren Faytinga er mellom artistane som kjem til Førdefestivalen i år. (Foto: frå Førdefestivalen)

StorbyFolk våren 2016

Riksscenen i Oslo er godt i gang med vårsesongen, og det same er dei i Bergen og Trondheim:

Columbi Egg, som held til på Augustin Hotel i Bergen, har vorte kalla den mest fargerike folkemusikkscena i landet. Vårsesongen har starta, og dei har eit flott program å by på. Fyrstkomande konsert er måndag 15. Februar, då Maria Kalaniemi og Timo Alakotila speler, tre dagar før den finske duoen vitjar Riksscenen i Oslo. For resten av vårprogrammet i Bergen, sjå heimesida til Columbi Egg.

Også i Trøndelags hovudstad har konsertsesongen starta, med den framleis ganske ferske folkemusikkpubsatsinga TrondheimFOLK. Måndag 29. februar spelar John Ole Morken og Jørgen Nyrønning konsert på byens eldste pub Kieglekroa. Den 15. mars er TrondheimFOLK med og presenterer danseførestillinga «DoPPler» med dansarane i Kartellet og felespelar Ragnhild Furebotten, på Verkstedhallen & Lobbyen. Denne førestillinga er ei fortsetjing av opninga av utstillinga «Dans i Norge» på Ringve Museum same dag – den kan du lesa meir om i neste nummer av Folkemusikk, som kjem ut i veke 9. Vil du følgja med på kva som skjer i TrondheimFOLK, stikk innom Facebook og lik sida deira.