Førdefestivalen har sleppt tema og dei første artistane for året. Vi har teke ein kikk på artistane og fått nokre ekspertar til å vurdere temaet.

Førdefestivalen, knutepunktfestival for folkemusikk i Noreg, sleppte i februar  temaet for 2015-festivalen. Temaet har fått namnet ”World ConneXions”.

– I år vil festivalen gjennom fleire prosjekt setje fokus på likskapar og samanhengar mellom musikk-, song- og dansetradisjonar i ulike kulturar, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum i ei pressemelding.

Temaet er delt inn i undertema etter kva for type instrument dei utvalde artistane trakterer. I ”String ConneXions” finn vi artistar som Gro Marie Svidal, vinnaren av hardingfele klasse A på Landskappleiken i 2014, saman med svensken Emilia Amper på nøkkelharpe, indaren Murad Ali Khan på sarangi og bulgararen Peyo Peev på gadulka. ”Vocal ConneXions” presenterer mellom anna Unni Løvlid, kopla med vokalistar frå Skottland, Bulgaria og Frankrike under leiing av Grete Pedersen, kunstnarisk leiar for Det Norske Solistkor.

Catrin Finch og Seckou Keita kjem til Førdefestivalen i år. Foto Andy Morgan

Nokre artistar som alt har føregripe Førdefestivalens tema, kjem òg til festivalen. Alt no er det klart at walisaren Catrin Finch og senegalesaren Seckou Keita kjem. Dei speler strengeinstrument frå kvart sitt heimland, harpe og kora. Saman gav dei i 2013 ut plata Clychau Dibon, som i 2014 blei kåra til det beste krysskulturelle samarbeidet av verdsmusikkmagasinet Songlines. Det blir første gong dei står saman på ei scene i Noreg. Eit par andre av ensembla som førebels er sleppte – shetlandske Fiddler’s Bid og irske Danú – har spelt her i landet før. Men dei er nok likevel ukjende for dei fleste.

– Det er viktig for oss å ikkje berre gå etter ”kjendisartistar”. Dette er ein viktig del av oppdraget vårt som knutepunktfestival: Ikkje ha det ”alle andre har”, men gå nye vegar og byde folk på noko dei kanskje ikkje visste at dei ville ha. Vi vil òg skape nye produksjonar og leggje til rette for utvikling, nye opplevingar og ny kunnskap både for musikarar og publikum, seier festivaldirektør Bjørkum.

Alle artistane som er klare for Førdefestivalen kan du lese om på heimesida deira.

Kva synest du om tema for Førdefestivalen i år?

Marius Asp. Foto: Ellen Ihme

Marius Asp, NRK P3:

Temaet verkar med ein gong spennande. For ein utanfrå kan norsk folkemusikk oppfattast som en noko privat klubb, og festivaltemaet kan vere eit grep for å opne han opp. Samstundes må ein passe på at musikalsk krysspollinering skjer naturleg, ikkje som ein fiks gimmick der summen endar med å bli mindre enn delane. Dette er vanskeleg å vurdere før ein har hørt resultatet av samarbeida. I mine øyre lokkar særleg komboen kora/harpe – her kan det kjapt oppstå magi i gnissinga mellom klangleg slektskap og tonale barrierar.

Gabriel Fliflet, musikar og leiar for folkemusikkscena Columbi Egg:

Folka i Førdefestivalen er makelause som musikalske snushanar. Dei finn fram til musikarar knapt nokon her til lands har høyrt om – og publikum kjem, fulle av nyfikne! Folk erfarer at dei får kvalitet, og har ein grunnleggjande tillit til at festivalen gir dei musikk verd å høyre på. Derfor treng Førdefestivalen knapt kjende namn som trekkplaster. I programmet i år er det nokre flotte namn eg kjenner, og andre som eg aldri har høyrt, men som eg stoler på er flotte.

Derimot stussar eg når festivalen skriv at hovudtemaet dette året er å ”setje fokus på samanhengar og likskapar”. Eit kunstnarisk prosjekt med eit ”forskingsmessig” utgangspunkt gjer meg automatisk skeptisk. I verste fall kan ein slik intellektuell tilnærming stå i vegen for musikkopplevinga. Men kanskje er det berre eg som har for mange år bak meg med litt for pedagogisk utklekte skolekonsertar bak meg? Kanskje blir det så bra at vi gløymer å tenkje noko særleg? Det får vi håpe.

Dei snåle engelske titlane (World ConneXions osv.) kunne festivalen klart seg utan. Vi både snakkar og skriv norsk, dei fleste av oss.

Gabriel Fliflet. Foto: Frida Fliflet
Camilla Granlien. Foto: BeckBack

Camilla Granlien, folkesongar:

Det er ein spennande idé med musikalske møte som strekkjer seg over landegrenser, spesielt når dei som møtes er folkemusikarar og dermed spesialistar på lokale og særeigne stildrag. Men å skulle spele saman berre fordi man er frå forskjellige stader, synest eg ikkje alltid er så interessant.

Derfor trur eg, og håpar, at dette er musikarar som er gode til å lytte, til å gi og ta, og som ikkje minst finn en god tone i samarbeidet sitt. Mi erfaring er iallfall at viss ein finn kvarandre i musikken og klarer å formidle det ut, samtidig som ein er nysgjerrig på og har respekt for kvarandre, blir det med en gang meir interessant både for dei på scena og oss i salen. Og det trur eg desse musikarane vil klare.

Kjell Bitustøyl, musikar og frilansar, redaktør for Spelemannsbladet 1997-2007:

Eg nok på førehand skeptisk til denne forma for påklistra ”tematisering”, i staden for å presentere gode enkeltartistar som kjem med sin særprega musikalske kultur til vår del av verden. Slik kan me både oppleve og lære om god kunst og god musikk, kanskje bli litt klokare og utvide horisonten av kunnskap om andre kulturar. Det å møtast til slik sameksistens på tvers av kontinent og landegrenser, kan ein òg sjå som eit fredsprosjekt i ei uroleg verd.

Artistnamna som er presenterte kjenner eg delvis til frå før, der er mykje bra folk! Å putte dei inn i musikalske «settingar» på denne måten, utan at dei har funne fram til kvarandre på eiga hand, kan fungere, men eg har òg opplevd at dette ikkje har vore vellykka. Meir generelt kan ein vel seie at dette er slik musikk til alle tider har utvikla seg: gjennom møte og påverknad. Medvitet om eige særpreg blir tydeleg i den augneblinken ein møter det andre, eller dei andre kjem med noko som er annleis.

Kjell Bitustøyl. Foto: Silje Hegg
Guttorm Andreasen. Foto: NRK

Guttorm Andreasen, DJ, musikar og journalist, kjent frå NRK P2 og P13:

Eg er ein av dei som meiner at alle menneske på jorda heng saman, hele tida. Musikken er eit av de menneskelege uttrykka som syner dette aller best. I heile musikklivet mitt, og i alt eg gjer som musikkformidlar, har eg ivra for dette synet. Derfor synest eg at årets tema på Førdefestivalen, som set fokus på det same, er strålande!

Eg held eit musikkforedrag som heiter ”Frå Haydn til hip hop”, der eg følgjer historia til bassgangen i musikken, gjennom hundrevis av år og forskjellige kulturar. I Førde i år får vi sjå noko av det same. Folkemusikarar, i utvida tyding, er ekstremt opne og nysgjerrige, alltid opptekne av å spele med andre folkemusikarar for å lære noko nytt. Eg er sikker på at Førdefestivalen i år kjem til å tydeleggjere heilt nye og spennande samanhengar.